Feature, Internasjonalt

Arbeid viktigare enn hus

Ferial og familien kjøpte eit hus for eit år sidan, men slektningane til selgjaren ville ikkje flytte så dei måtte gå rettens veg for å få dei ut. Det hjelpte ikkje heller så politiet måtte til verks. Det fortel noko om boligsituasjonen i Sør-Afrika. Dei hadde sannsynlegvis ingen plass å flytte til.

sa-hus

Ein ting er å få eit hus, noko anna er å ha råd til å ha det. Foto: Liv Marie Austrem

Ferial har ei mellomstilling i administrasjonen på universitetet og mannen hennar er ingeniør og har også jobb. Dei har stått på venteliste til hus i mange år, men da dei til slutt tok kontakt for å høyre når det var deira tur til å få hus, fekk dei vete at dei sto ikkje på lista. Den opprinnelege lista var vekk. Så dei måtte ut på den private marknaden og kjøpe hus, og da var det ikkje store huset dei hadde råd til, for styringsrenta her er ca 15%. Huset ligg i eit farga «penare» område, her har berre budd farga menneske sidan apartheidtida, og framleis gjer det det. Ferial er også farga, for ho har ein kvit forfedre langt bak, så det passa bra for henne. Men med to lønningar og 3 barn som går på skole og kostar pengar, er det hardt å få endane til å møtast. Bilen må reparerast for 6000 rand, og det har dei ikkje råd til med det første.

«Vi blir frustrerte over at dei som ikkje har jobb og ikkje har pengar, får hus, men dei greier ikkje betale strøm og vatn og husleie og flyttar ut igjen og leier ut husa. Vi som har jobbar, må kjøpe hus så vi har nesten ikkje råd til noko anna,» seier Ferial.

I townshipområdet Delph trefte vi ein familie med sju ungar som har fått hus tildelt av staten. Huset er ikkje stort, men det er stort nok for dei, seier kona. Det er berre det at dei har ikkje jobb, verken ho eller mannen. «Vi har ikkje nok mat, og vi har ikkje pengar for å sørge for at ungane går på skole,» klagar ho strengt. «Da er vi like langt.»

ANC-regjeringa har fått bygd 2.2 millionar hus til huslause sidan frigjeringa i 1994. Det betyr at nærmare 15 mill menneske har fått tak over hovudet, og ANC seier at det finnes ingen andre land med slumproblem som har bygd så mykje. Serleg i det siste verkar det som husbygginga har skote fart. Det kan ha samanheng med at det snart er val. Men folk er ikkje nøgde. «Regjeringa og ANC må gi folk arbeid først og så hus,» seier mange. «Det er betre å bu i eit skur og ha pengar til mat enn å bu i eit hus og ikkje ha mat.»

I tida framover kjem Liv Marie Austrem til å skrive litt på denne bloggen frå Sør-Afrika.

Standard