Internasjonalt, Olje, Politikk

Russland, val og Weimar

Søndag er det val i Russland. Valet er ikkje særleg spanande. Det er klårt at Dimitrij Medvedev kjem til å bli valt til president.Dmitrij Medvedev, sannsynlegvis den neste presidenten i Russland

Russland har endra seg mykje dei åtte åra Vladimir Putin har vore president. Landet er enno ikkje rikt, men samanlikna med byrjinga av 90-talet har landet tatt stormsteg framover. Det er i hovudsak olja og andre naturressursar som har brakt Russland på fote igjen. Dei høge prisane har gjeve alvorleg fart på den russiske økonomien. Det er ikkje meir enn 10 år sidan den russiske økonomien var så dårleg at dei ikkje kunne betale utanlandsgjelda si, no er landet gjeldsfritt. I dag er BNP per innbyggar oppe på 9000 dollar mot 2000 dollar i 1998. Dette er likevel ikkje høgare enn det var i 1989. I den same perioden er gapet mellom dei rikaste og dei fattigaste auka monaleg, skriv den nyliberalistiske avisa The Economist .

Samstundes skjer det ting i Russland som ikkje er positive. Den estiske presidenten Toomas Hendrik Ilves samanliknar situasjonen i dagens Russland med Tyskland under Weimarrepublikken. I følgje Moscow Times seier Ilves: «There is a mentality of being stabbed in the back that reminds me of the Weimar republic. The Weimar mentality … is so similar that I really hope that we do not go off in the wrong direction»

Dette er skummelt om han har rett. Det er ingen tvil om at Russland viser ein del trekk som ikkje er positive, for å vere svært forsiktig i formuleringane. Krigen i Tsjetsjenia er sjølvsagt det verste eksemplet, men måten vernepliktige soldatar blir behandla er ille, den agressive nære utanrikspolitikken andsynes Georgia, og andre er og ille. Eller meir mundane ting som råkar folk i kvardagen. Transperancy International ranger Russland på 143 plass i verda når det kjem til korrupsjon (1 er minst korrupt) dårlegare enn land som Niger, Syria og Etiopia.

Desse sakene (spesielt krigen i Tsjetsjenia) gjer at ein godt kan stille seg spørsmålet: «Held vi USA til ein høgare moralsk standard enn andre?» Korleis ville demonstrasjonane sett ut om dei amerikanske overgrepa i Irak og Afghanistan var i nærleiken av å vere så store som dei russiske overgrepa i Tsjetsjenia? Det er vel ingen tvil om at det ikkje ville vore berre i SV vi diskuterte om Noreg skulle delta i krigen i Afghanistan. Men ein ekspansjonistisk og imperialistisk utanrikspolitikk er ikkje Russland og USA åleine om. Dagbladet skriv at: «NUPI-forsker Indra Øverland mener Jens Stoltenberg ikke framstår som noe mindre imperialistiske enn Russlands president Vladimir Putin.» På same måte som Russland plantar flagget sitt på nordpolen, prøver også Noreg å utvide land- og havområda sine, både i nord og sør. Er det verkeleg slik at det er storleiken som er den største skilnaden mellom Noreg, Russland og USA.

Standard