Har vi råd til ei grøn framtid?

Resten av verda

Resten av verda
Skal resten av verda kunne oppleve vekst, må kanskje vi ta oss råd til å betale ein prosent meir for nokre varer. Foto: http://www.flickr.com/people/photonquantique/

Svaret er ja, for å slå fast konklusjonen allereie i første setning i ingressen. Det er fleire grunnar til at vi kan slå fast dette. Ein grunn er Stern-raporten som seier at det vil koste verda mellom minus to prosent og tre prosent av BNP å få kontroll på drivhuseffekten. Ei billig forsikring mot noko som kan endre verda som vi kjenner ho. Med tanke på at verdas BNP veks med mellom to og fire prosent i året, betyr dette berre at vi blir rikare litt saktare.

Men BNP og makroøkonomi er kanskje ikkje det enklaste å halde seg til. Enklare er det kanskje å tenke på kva vil dette koste meg. New Scientist har rekna på dette. Denne utrekninga er rett nok basert på britiske tilhøve, men likevel relevant for oss. Dei hevdar at denne undersøkjinga er det grundigaste forsøket på å seie noko om framtidige prisar på varar til oss vanlege folk som er gjort nokon gong. Kva er så konklusjonen dei kom fram til? Dei seier at:

  • Matprisar vil måtte stige med ein prosent
  • Bilar vil bli ein prosent dyrare (basert på prisen på ein Toyota Prius i Storbritannia)
  • Tobakk vil stige med to prosent
  • Alkohol vil stige med to prosent
  • Klede vil bli ein prosent dyrare
  • Elektronikk vil måtte stige med to prosent
  • Elektrisitet vil bli 15 prosent dyrare
  • Kommunikasjon vil bli null prosent dyrare
  • Prisane på flyreiser vil stige med 140 prosent
  • Bensin vil stige med 32 prosent, men der vil det finnast alternativ
  • Vaskemaskinar og andre kvitevarar vil stige med to prosent

Denne lista er basert på at vi må redusere utsleppa av CO2 med åtti prosent samanlikna med nivået  i 1990. Studien er utført av Cambridge Econometrics og er på linje med studiar gjort i USA, mellom anna av PEW Center on Global Climate Change og studiar publisert i Energy Economics. Vi kan vel derfor tru at det er ganske nært sanninga. No er sjølvsagt dette framtidsscenariet bygd på ein del føresetnader. Desse seier at styresmaktene må sette ein pris på CO2 og at det vil bli investewrt hardt for å få fjerna kol brukt til oppvarming og å gjere det muleg med elektriske bilar.

Denne ekstrakostnaden skulle vel vi i den rike verda vere i stand til å bære, trur ikkje du det?

Kanskje greitt å avslutte med eit stykkje av Arne Garborg:

Um pengar

Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kann ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje klæda deg med dei. Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tyrsta, frjosa i hel – um der ikkje var mat og drikka og klæde å få.

Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det næst største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vitugt.

For pengar kann ein få alt, heiter det. – Nei, ein kann ikkje det.

Ein kann kjøpa seg
mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kann ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.