Arbeid og trygd, Feature

Lønsdumping

Polske og litauiske arbeidarar demonstrerer mot sosial dumping i Oslo på første mai i 2009. Foto: Jon Bals

Alle har høyrt om Adecco-saka. Men den saka er berre toppen av eit isfjell. Vi ser stadig meir bruk av innleigd arbeidskraft gjennom ulike vikarbyrå. Dette er vanleg i byggebransjen, i verkstadindustrien og ikkje minst i fiskeindustrien. Dette undergrev lønsnivået i Noreg og endrar styrkeforholda mellom fagrørsla og eigarane. Vikarbyrådirektivet vil institusjonalisere dette.

NRK Nordnytt har på ein god måte i ei rad artiklar og innslag på TV og Radio sett fokus på dette. I ein artikkel frå mars i år kjem det fram:

I Senjahopen i Troms har Nergårdkonsernet supplert arbeidsstokken med seks arbeidere fra Altonas. Heller ikke daglig leder Bjørn Henriksen synes det er problematisk å benytte dårlig betalte litauiske arbeidere. – Vi har en avtale med et norskbasert selskap, og den avtalen har vi fått ei juridisk vurdering på før vi inngikk den. Vi er på rett side i henhold til norsk lov, sier Henriksen.

Det første er at dette blir sett på som moralsk og etisk uproblematisk å ha utlendingar til å gjere same jobben som vi gjer, men å betale dei dårlegare. Det andre er at dette faktisk er lov.

Eit EU-direktiv kan opne slusene for slik innleige – viss direktivet blir godteke av regjeringa og Stortinget. Dette «vikarbyrådirektivet» har sjølvsagt både gode og dårlege sider. Det som er bra, er at direktivet i prinsippet skal gje innleigde arbeidarar same løn- og tilsettingstilhøve som dei fast tilsette. Men direktivet er uklårt på eit punkt, kva tyder det at “de vesentlige lønns og ansettelsesforhold” skal vere dei same for innleigde som for fast tilsette? (Artikkel 5)

I mange delar av norsk arbeidsliv er det vanleg med ulike typar tillegg til tariffbestemt grunnlønn. Det er ikkje opplagt at skifttillegg, ubekvemstillegg, bonusar, akkordar og pensjonsordningar inngår i det direktivet kallar ”de vesentlige lønns og ansettelsesforhold”.

Det å gje innleigde arbeidarar same løns- og arbeidsforhold som dei fast tilsette, kan vi få til utan å ta direktivet inn i EØS-avtala. Det kan skje ved ein kombinasjon av vedtak i Stortinget og ved avtaler mellom partane i arbeidslivet. Det er dessutan berre slik vi kan sikre at innleigde arbeidstakarar verkeleg får same skifttillegg, ubekvemstillegg, akkordlønn og bonusopplegg som dei fast tilsette. Vi treng ikkje direktivet for å gjennomføre slike endringar.

Vikarbyrådirektivet er ikkje eit vanleg EØS-direktiv, dei må som kjent teljast med storhundra, men eit direktiv som på ein vesentleg måte kan endre makttilhøva i norsk arbeidsliv. Større bruk av innleigd arbeidskraft, vikarbruk av ulikt slag vil svekke fagrørsla si makt og gjere det tyngre å kjempe for anstendig lønn. Du står uendeleg mykje svakare i ein diskusjon med arbeidsgjevaren om du og han veit at du kan bli erstatta i morgon av billig innleigd arbeidskraft. Over tid vil dette utvilsamt føre til lågare løner og større profitt til eigarane. Det er ikkje utan grunn at Fellesforbundet har sagt nei til direktivet, medan NHO vil ha det så fort som råd. Landsmøtet til Fellesforbundet sa:

Dagens lov- og avtalebestemmelser har blitt til innenfor rammen av EØS-avtalen. Men ved å godkjenne vikarbyrådirektivet er landsmøtet usikker og urolig for hva som kan skje med disse bestemmelsene i framtida. Landsmøtet frykter også at direktivet vil føre til mer innleie fra bemanningsselskaper. Derfor ber landsmøtet om at Norge reserverer seg mot direktivet.

NHO har ei litt anna tilnærming. Fagsjef i NHO-service Even Haglien seier til Rogaland Avis:

Vi mener at det følger av direktivet at det ved innføring i Norge må skje en revisjon av lov og tariffavtaler for å fjerne urimelige restriksjoner på bemanningsbransjen.

Ute i Europa ser vi konsekvensane av å gje kapitalen fritt spelerom, lat oss ikkje no opne nye store rom dei kan spele på her heime og.

Eg er stolt av å vere med i det einaste stortingspartiet som har sagt klårt nei til vikarbyrådirektivet – SV, no må vi i fellesskap legge presset på Arbeidarpartiet.

Samfunnet vårt har ikkje godt av aukande skilnader og saker der folk ikkje får sjukepengar når dei blir skadde på jobben, eller må tigge fisk for å få mat. I tillegg bør NNN snarast sette fram krav om allmenngjering av tariffen i fiskerinæringa. Det kan hjelpe litt på den omgripande sosiale dumpinga i nordnorske bygder.

Vil du vite meir?

Her kan du lese fleire av NRK sine saker om sosial dumping i fiskerinæringa:

Dag Seierstad skriv godt og innsiktsfullt om EU på bloggen sin
Nei til EU sin grundige gjennomgang av temaet finn du her.
Alf Holmelid skriv godt om temaet her.
Standard