EU, Feature, Val

Islendingane seier nei – Høgre har panikk

ISLAND TILL EU

Island søkjer offisielt om EU-medlemsskap, men har dei folkemeininga med seg? Foto: Islandske utanriksdepartementet

Eg skal ikkje påstå at panikken har sett seg fast i krokane på Høgres hus, men eg synst det siste utspelet om EU vitnar om dei er blitt litt redde.

I ei youtube utfordring til Jens Stoltenberg nyttar Erna Solberg den islandske EU-søknaden som eit argument for at også Noreg må søke om medlemsskap. Timinga kunne vore betre. Utspelet kom same dag som EUobserver kunne melde om eit svært klart fleirtal mot medlemsskap blant folket på sagaøya som skal avgjere dette. 48,5 prosent er no mot, 34,7 prosent er for, medan resten ikkje veit. Eg skal sjølvsagt vere forsiktig med å forskottere den islandske folkemeininga, men det bør sanneleg ja-sida og vere.

Eg føler meg trygg på at Noreg ikkje blir med i EU dei neste fire åra heller.

VG skriv om saka her.

Forøvrig skriv dei i same artikkelen i EUobserver  om at granskinga av Kaupting tyder på ureint mjøl der i garden.

Oppdatert:

Stian Oen har ein fin kommentar her

Standard
Feature, Internasjonalt, Politikk, Sosialisme

Finanskrise eller matvarekrise?

Så lenge det var bankar og høgt betalte finansakrobatar som først og fremst vart ramma av krisa, så må eg innrømme at det ikkje gjorde så vondt i sjela mi. Eg var sjølvsagt bekymra for renta, kredittproblema og manglande lån for folk og bedrifter som treng, men no tar det til å gå utover mattryggleiken. Då er det alvor.

Kapitalen er i trøbbel for tida. Takk til scriptingnews for biletet

Kapitalen er i trøbbel for tida. Takk til scriptingnews, http://www.flickr.com/photos/scriptingnews/2899916712/ for biletet

Det kjem rapportar om butikkar som tar til å bli tomme for mat i Moskva. BarentsObserver.com skriv:

Now the chain has ruptured with banks now longer willing to offer the credits. Subsequently, the wholesalers are no longer able to buy the foodstuff from the producers and then sell it on to the supermarkets, newspaper Komsomolskaya Pravda reports. Consequently, the shops are emptying.The situation has now made Russians line up in the shops and secure their necessary products. The result is an even more rapid decrease of good in the stores.

Russland har i og for seg pengar nok til å støtte banksystemet og sørge for tilgang på kreditt. Så kan ein jo lure på om dei får det til å fungere. Island har derimot ikkje pengane som skal til. Dei forhandlar jo om lån frå Russland. Reuters skreiv her om dagen:

Iceland has food stocks for about 3 to 5 weeks, but needs quickly to restore a proper foreign exchange market so importers can get back to normal business and avoid shortages, importers said on Wednesday […]The problem for importers was uncertainty about whether they would get foreign exchange, which they now have to apply for under a rationing system begun by the central bank.

Dagbladet har tatt inn den same meldinga frå NTB her. No trur ikkje eg at vi kjem til å sjå svolt verken i Russland eller på Island. Ingen av landa er som Zimbabwe. Men dette gjev oss ein god leksjon i korleis kapitalismen fungerer. Kreditt og lån er det som får hjula til å gå rundt. Utan lån og kreditt ingen kapitalisme. Get Rich Slick seier det på denne måten:

There WILL be plenty of food around but it would be a matter of the truck driver having the credit to buy the fuel for his truck to get the food from the farm to your grocer. It will be a matter of the grocer to have credit to pay the trucker for his services. It will be a matter of the fuel station to have the credit to buy fuel from big oil and so on…..

Og dette er vel ikkje noko nyheit. Når folk svelt rundt om i verda er det ikkje fordi det er for lite mat, det er berre ikkje kreditt og lån til å skaffe fram maten. Når det ikkje finst kreditt stoppar alt opp. Men, det rare er at verda framleis er i stand til å produsere like mykje mat, stål, datamaskinar, olje eller kunstgjødsel. Ingenting reelt endrar seg sjølv om kreditten blir borte. Det betyr at ei kredittkrisa kan løysast – dersom politikarane vil. Dersom politikarane er villige til å styre marknaden i staden for å la marknaden styre. Eg er fornøyd og stolt over at Noreg har ein finansminister som vil styre. Som ikkje vil fjerne dei reguleringane og dei tilsyna som sikrar oss at vi har tilgang til kreditt.

Er det ikkje rart at det er sosialistane som best forstår veikskapen, og styrken i marknaden og best kan nytte han til beste for samfunnet? Nja, kanskje ikkje så rart, vi tenkjer jo samfunn heller enn kapital.

Standard
Feature, Internasjonalt, Økonomi

Noreg må støtte Island

Island har store finansielle problem for tida. Valutaen er i fritt fall, og renta går kraftig opp. Island har allereie nasjonalisert den tredje største banken i landet. VG skriv i dag at dette har utløyst ein debatt på Island om tilknytting til EU og å ta i bruk euro som valuta. Eg skal ikkje ha sterke meiningar om korleis Island ordnar seg i forhold til EU, men eg meiner no at det er på tida at Noreg gjer det vi kan for å hjelpe Island i denne situasjonen. Noreg er i ein svært sterk finansiell posisjon. Vi kan stille pengar til disposisjon for Island slik at dei med truverd kan bakke opp valutaen sin og bidra til å få den islandske økonomien på fote igjen. BBC skriv i dag:

The country’s credit rating was slashed after the Glitnir nationalisation. The Icelandic krona, which had lost more than half its value since last summer, lost a further 14% this week. The government is openly divided on whether to keep the currency or ditch it – and adopt the euro. There’s a growing sense that this country, with just 300,000 people, is too small to cope. Sigurdur Kristjanson, an MP from the prime minister’s party, disagrees.

Eg er ingen økonom, men eg er sikker på at Noreg kan gjere noko i denne situasjonen viss vi vil, og dersom Island vil. Då bør Stoltenberg og Halvorsen seie i frå til Island at om dei treng hjelp er vi villige til å stille opp. Såpass bør vi gjere for eit naboland i krise.

Den islandske økonomien er i fullt utbrot, bilete frå Wikipedia

Den islandske økonomien er i fullt utbrot, bilete frå Wikipedia

Oppdatert: Dagbladet skriv om saka her Oppdatert 2: Kristin Halvorsen seier at Noreg er klår til å hjelpe Island.

Standard