Høgrepolitikk er utryggheit

john bauer
Når kapitalen styrer skolane blir det utrygt for elevar og lærarar. Foto: David Castor/Wikimedia

I Noreg hadde den førre regjeringa godkjent 1200 privatskoleplassar i vidaregåande skole i Tromsø. Heldigvis stoppa SV og den raud-grøne regjeringa denne etableringa då dei tok over i 2005.

I Sverige ser vi no konsekvensane at eit tilsvarande frislepp. Elevane si tryggheit for skole og utdanning er avhengig av at store konsern synst dei tener nok pengar på å drive skolen. No har JB Education (tidlegare Johan Bauer, som og ville etablere seg i Tromsø) meldt frå at dei vil slutte å drive skolar i Sverige. Over 10 000 elevar veit ikkje om dei har ein skole å gå til når ferien er over til hausten. Lärarnas Nyheter skriv

En av landets största friskolekoncerner, JB Education, avvecklar alla sina grund- och gymnasieskolor. De flesta skolor får nya ägare, men än är det inte säkert att de får bedriva verksamheten vidare. Nu väntar en orolig sommar för över 10.000 elever och närmare 1000 lärare.

JB Education seier at det er endringar i marknadstilhøva som gjer at dei no trekk seg ut. Det kan sjølvsagt vere at dei ikkje dreiv effektivt nok. Det største skolekonsernet i Sverige hadde eit overskott per elev på 6300 svenske kroner. (ref) For JB dreiv ikkje gode skolar i følgje SVT:

Friskolekoncernen John Bauer får hård kritik i den största koncerngranskningen som Skolinspektionen gjort hittills. Samtliga 18 granskade skolor har så allvarliga brister att skoltillstånden är i fara i fall de inte åtgärdas.

Det finst få grunnar til å sleppe kapitalen laus på barna våre. Høyr berre på Sten Svensson:

– Risikoen for ei skoleboble som kan sprekke, viser hvilken ulempe det kan være med en markedstyrt skole. Markedsstyring i skolesektoren er ikke gjennomtenkt og fungerer ikke når skoler kan bli slått konkurs.

Eg er inderleg glad for at det ikkje er slik i Noreg, og håper vi ikkje får regjeringsskifte i Noreg til hausten. For då får vi fort svenske tilstander.