Politikk, Skole, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Skoletragedien i Finland – kva gjer vi?

Det er vanskeleg å skrive noko om den grusomme tragedien som har skjedd i Finland, men det er likevel nødvedig og rett å prøve reflektere rundt den. Kan dette skje i Noreg, og korleis kan vi eventuelt hindre at noko liknande skjer i Noreg?

I dag hadde vi av andre grunnar samla alle rektorane for dei vidaregåande skolane i Troms. Det var eit godt høve for å snakke om katastrofen og sjå om det var noko vi kunne gjere for å hindre noko liknande. Rektorane var samstemte om var at vi ikkje må krisemaksimere, sjansen for at dette skal skje hos oss er svært liten. Samstundes må vi våge å tenkje tanken om at dette kan skje også i Troms og elles i Noreg.

Eit godt utgangspunkr for ein diskusjon er at det er ein del skilnader mellom det norske og det finske skolesystemet. Det er blitt sagt mange gonger i det siste. Då har det vore knytt til at dei finske elevane skårar mykje betre enn dei norske på ein del internasjonale undersøkjingar. Dette set kanskje fokus på ein annan viktig skilnad: norske elvar trivst betre på skolen enn dei finske elevane. Det trur eg er ein viktig verdi med den norske skolen. Det viktigaste førebyggjande arbeidet vi kan gjere på skolen er å sørgje for trivsel og eit miljø der det er lett å ta opp problem før dei blir så store at dei veks oss over hovudet. Dagbladet skriv litt meir om dette i dag.

Eg trur at det i stor grad er slik i den norske skolen at elevane tør og vil ta opp problem med dei vaksne i skolen, anten det er rådgjevarar eller lærar. Dette er noko vi må kultivere enda meir. Dersom vi skal ha oversyn over det som skjer i ungdomsmiljøet anten på internett eller andre stader, er vi avhengige å ha eit skolemiljø som dyrkar fram dialogen mellom dei vaksne og ungdomen vår. Dette er vi gode på, men vi kan alltid bli betre.

I tillegg til dette kan vi sjølvsagt bli betre til å følgje med på kva som skjer mellom ungdom på internett, anten det er youtube, nettby, facebook eller andre samanhengar. I Troms prøver vi no å skape oss eit verkty for å følgje med på kva som blir sagt om oss og skolane våre, spesielt på youtube. Dette er sjølvsagt ikkje ei løysning på problemet, men eit av mange verkemiddel for å skaffe oss kunnskap om kva elevane tenkjer om skolen og skolekvardagen også utanfor skolegarden. Dette kan vere eit grunnlag for dialog og diskusjon i skolen. Då kan vi kanskje bli enno betre på den viktige dialogen mellom ungdom og vaksne i skolen.

I media (Rana Blad, Nordlys, Radio Tromsø, Harstad Tidende og NRK) har det blitt rapportert mykje om at eg har nemt at vi må følgje med på youtube. Eg håper dette innlegget viser at eg ikkje synst det er det viktigaste.

Så kunne eg sagt mykje om våpenlov, samfunnsutvikling generelt, men det får vere til ein annan gong.

Standard