Tar skolen livet av oppfinnsomheit og kreativitet?

image
Ken Robinson seier skolane drep kreativiteten. Foto: Sebastian ter Burg


Litt lenger nede i dette innlegget finn du ein video med eit foredrag av Ken Robinson der han hevdar dette. Han seier at vi utdanner folk på ein måte der kroppen berre blir eit transportmiddel for å frakte hovudet vårt mellom møte.

Eg trur han har eit viktig poeng. Ja, matte og norsk er viktig. Men det er minst like viktig at vi kan sette saman denne kunnskapen på nye måtar. Måtar som gjer oss i stand til å møte framtida, ikkje berre reprodusere framtida. For å kunne gjere det må vi tørre gjere feil. Utan feil blir det ikkje nyskaping.

Derfor kan det vere svært farleg å styre skolen etter Pisa-undersøkjingar. Derfor er det valdsame testregimet i osloskolen farleg. For når det er ein test er jo det aller viktkgaste å unngå å gjere feil. Ikkje sant? Derfor er det og skummelt at Høgre kan kome til å ta over styringa av alle dei norske skolane. Eit testregime gjer verken skolar eller elevar klåre for ei framtid vi ikkje kan forutsjå.