Klima

Klimaskepsis

Av og til høyrer vi om folk som ikkje trur på klimaendringane. Per-Willy Amundsen frå Frp er det fremste eksemplet mellom norsk politikarar. Han har sagt til VG:

– Jeg oppfatter at man bruker klimaet for å gjennomføre sosialistisk politikk. Karl Marx er død, de trengte en erstatning. Klimafantastene har funnet det i CO2-teorien. Og det bruker man til alt mulig. For mange sosialister tror jeg rett og slett at CO2 har erstattet Karl Marx, sier Amundsen.

Lat oss berre slå fast, drivhuseffekten er reell. Utan den kunne vi ikkje budd på jorda i det heile tatt. Lat oss slå fast at mengden CO2 i atmossfæren har auka frå 280 delar per million rundt år 1800 til nesten 400 delar per million no. Det ville vere heilt usannsynleg om ikkje dette hadde betydning for klimaet på planeten vår.

Og, ja, det har vore klimaendringar før. Den store skilnaden er at den gongen gjekk endringane ganske sakte. Menneska kunne tilpasse seg gjennom at ungane slo opp skinntelta sine litt lenger frå stranda enn det foreldra gjorde. Det er litt vanskelegare å flytte vegar, millionbyar og kaier enn å flytte eit skinntelt.

Og er du i tvil, så rår eg deg til å ta ein titt på denne videoen:

Standard
Bil og ugras
Feature, Kollektivtrafikk, Miljø, Troms og Tromsø

Den vanskelege debatten – om bensinpris og bussbillett

Bil og ugras

Vi må ha fridom til å la bilen stå. Foto: Harald Grovenhttp://www.flickr.com/photos/kongharald/

I dag kunne eg, og mange andre sjå på førstesida av Nordlys at ein partikamerat meinte at bensinprisen burde vere 20 kroner. Kva skal ein seie til slikt?

At han har heilt rett – i alle fall i byen.

Det er minst to innfallsvinklar til denne debatten

1. Bilen er viktig for velferden til folk, og naudsynt for å få barn i barnehagen, for at mor skal kome seg på jobb og ungdomen på trening eller korpsøving. Dessutan bensinen er dyr nok, bilavgiftane er høge og vedlikehaldet av vegane våre er elendig, sommar som vinter. Snart er det berre rikfolk som kan bruke bilen.

Eller

2. Klimaendringane er den største utfordringa vi står framfor. Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassar og må avgrensast, det gjer vi best gjennom pris. Dessutan er det bra for folkehelsa om fleire går og syklar, ungdomen blir mindre overvektig og vi slepp svevestøv og anna forureining som skadar folk. Vi treng heller ikkje legge meir jord under asfalt.

Begge desse innfallsvinklane er heilt rette. Både dei som hevdar 1 og dei som hevdar 2 har heilt rett.

Problemet er samansett. I dag er det for mange ikkje muleg å klare seg utan bilen. Bensinavgifter blir derfor ein rein skatt som det ikkje er muleg å unngå. Samstundes er det heilt rett at utan at vi legg store avgifter på biltrafikken lokalt, så er det ikkje muleg å bygge opp eit busstilbod eller gode nok gang og sykkelvegar til at barnefamiliar og andre kan velge å la bilen stå heime.

Høna eller egget?

Eg trur dessverre ikkje vi kjem utanom anten vegprising eller høgare bensinavgifter i byen. Dersom denne byen skal halde fram med å vekse kjem vi til å bli kvalt i vegar og eksos om vi ikkje får fleire til å velge buss, sykkel eller føtter. Vegprising gjer det enkelt å differensiere slik at dei som bur i distrikta og sannsynlegvis aldri vil få eit godt nok busstilbod slepp å betale.

Dersom vi skal gje folk fridom til å velge bort bilen treng vi inntekter til å subsidiere bussbilletten og sørge for at bussane går oftare. Vi treng eit betre vedlikehald av vegar, sykkelvegar og gangvegar sommar som vinter. Då trengst det inntektar.

Så kan vi sjølvsagt håpe at det skal drysse oljemilliardar nedover byen frå staten…

Eg trur dessverre vi må løyse problema sjølv.

[poll id=»4″]

Les Nordlys si sak her

iTromsø si sak her

NRK Troms si sak her

PS bilar som ikkje nyttar bensin eller diesel slepp avgift.

 

Standard
Feature, Klima, Video

Varmen gjer det kaldt

Denne underlege utviklinga kan vi få om isen i Arktis held fram med å smete. Det antyder i alle fall NOAA (National Oseanic and Atmospheric Administration) i videoen du kan sjå under her.

NOAA peiker på at vi ser store endringar i klimaet i Arktis og at desse vil få verknader langt utanfor arktiske område. Kanskje var det byrjinga på dette vi såg i fjor då det regna i januar på Svalbard medan det var svinkaldt på fastlandet? NOAA følgjer klimaet i nordområda nøye, og publiserer jamnleg ismålingar.

Kva meiner du vi må gjere for å få bukt med klimaendringane?

Standard
Feature, Klima

Klimakur eller hestekur?

Dette viser at vi må gjennom ein kur for å få redusert utsleppa av klimagassar: Illustrasjonen er henta frå klimakur2020.no

I dag la Klima og forurensingsdirektoratet fram rapporten Klimakur 2020. Rapporten er ein gjennomgang av over 160 verkemiddel som vi kan nytte til å redusere utsleppa av klimagassar i Noreg. Dersom vi skulle gjennomføre alle tiltaka ville vi redusere utsleppa med 22 millionar tonn CO2 eller andre gassar. Det målet Stortinget har sett er mellom 15 og 17 millionar tonn. Det betyr at vi kan lese gjennom den menyen av tiltak som Klimakur 2020 er og velge oss ut dei mest fornuftig og mange nok til å nå målet. Kostnadane med tiltaka varierer frå 0 til 4000 kroner per tonn reduserte utslepp. For å nå måla vil kostnaden på det siste tonnet ligge på ca 1500 kroner.

Eg er svært glad for den handsaminga rapporten no skal få. Mange av tiltaka vil kunne føre til store endringar i Noreg og det norske samfunnet. Det er derfor heilt naudsynt at rapporten no blir sendt ut på ei brei høyring og til offentleg diskusjon. Det vil føre til at vi vel dei beste tiltaka. Og, utan forkleinelse for dei som har laga rapporten, dette er innvikla spørsmål der det ikkje er eitt einaste svar. Kanskje er nokre få av forslaga ikkje gode, kanskje har det blitt rekna feil. Slike ting vil vi oppdage gjennom ei offentleg høyring.

Så betyr ikkje dette at regjeringa skal sitte i ro å vente på debatten. Mykje god klimapolitikk kan settast i verk snart – og eg er trygg på at det kjem.

I den debatten som kjem er eg spesielt opptatt av at vi ikkje tømmer ungen ut med badevatnet. Med det meiner eg at vi ikkje lagar rammer for norsk industri som gjer at den forsvinn. Gjer den det vil den bli erstatta av industri i andre land, og ikkje alle desse landa har ein god miljøpolitikk. Resultatet kan vere at dei globale utsleppa aukar. Det er det ingen som vil. Samstundes er eg trygg på at norsk industri vil møte utfordringane på ein offensiv og god måte. Eg meiner Finnfjord as sitt prosjekt saman med det mange andre industribedrifter i Noreg gjer kan vere viktige bilete på at dette er muleg på ein lønsam måte, og at vi kan vise veg for mange andre.

Så trur eg det er rett at prisen på bensin over tid må kraftig opp, men då skal vi samstundes huske at i same periode vil elektriske bilar og plug-in hybridar bli vanlege. Det betyr at det er langt frå sikkert at transportrekninga til folk vil auke i tida framover.

Eg er teknologioptimist – det må ein vere for å kunne løyse klimaproblema og samstundes halde fram med å utvikle velferden.

Dersom vi ikkje gjer dette er eg redd hestekuren når klimaendringane slår inn for fullt kan bli betydeleg verre enn klimakuren.

Standard
Feature, Klima, Miljø

Statsmenn satt i rad

Kanskje vil havfrua sleppe å bli våt på sporden om statsleiarane kjem til semje i Bella Center i løpet av veka? Foto: Jadzu/Flickr

Kanskje vil havfrua sleppe å bli våt på sporden om statsleiarane kjem til semje i Bella Center i løpet av veka? Foto: Jadz/Flickr http://www.flickr.com/photos/jadz/

Plenumssalen på Bella Center i København er svær. Nærmast podiet sit ministrane og forhandlingsdelegasjonane alfabetisk etter namnet på landet, bak dei kjem dei internasjonale organisasjonane, og bakerst sit resten av delegasjonane.  Då renn det meg ein songtekst i hu:

Jag drömde om en jättesal
där statsmän satt i rad.
Så skrev dom på ett konvolut
och reste sig och sa:

Det finns inga soldater mer,
det finns inga gevär,
och ingen känner längre till
det ordet militär.

No handlar ikkje dette møtet om militære og gevær, men om eit like viktig tema; klimaendringane. Eg har eit sterkt ønske om at alle statsleiarane skal reise seg og seie på fredagen at vi har ein avtale som vil redusere utsleppa av drivhusgassar, som vil gjere at temperaturendringa på jorda ikkje vil bli meir enn to gradar varmare. Då hadde vi hatt grunn til å danse i gatene og drikka varandra til.

Men, eg må innrømme at eg ikkje er optimist, det gjenstår mykje hardt arbeid. Eg trur det kjem til å bli ein avtale, og eg trur at den avtalen som kjem her i København vil vere heilt sentral i arbeidet som må halde fram med å få redusert klimautsleppa.

Den norske delegasjonen og Erik Solheim jobbar som nokre heltar, men motsetnadene er store her framleis. Det vil krevjast nokre heltar  for at resultatet skal bli verd å feire.

 Er det lov å drømme om at Obama vil komme og gjere seg fortent til fredsprisen?

Standard