Feature,Klima,SV

Isen smeltar raskare enn vi vil tru

isfjorden

Havisen i Isfjorden på Grønland som bryt opp. Skal vi tru BBC er dette berre begynnelsen. Foto: Tim Norris

Torsdag 13. august hadde BBC ein reportasje som er skremmande. Vi har høyrt om at havisen i Arktis smeltar, vi har høyrt om isbrear på Grønland som kalvar og sprekk, men til no har i alle fall eg oppfatta at Antarktis har vore ganske stabilt. Det er ikkje lenger tilfelle.

BBC skriv på nettsidene sine :

«A study of satellite measurements of Pine Island glacier in west Antarctica reveals the surface of the ice is now dropping at a rate of up to 16m a year.»

Dette er alarmerande fordi det er når innlandsisen tar til å smelte at havet for alvor vil stige. Dette må få betydning for det norske valet. Det ville vere direkte uansvarleg å auke tempoet i den norske oljeutvinninga i ein slik situasjon. Vi kan med fordel spare hydrokarbonane på botn av havet, framfor på børsane. Sjølv om det gjekk godt det siste kvartalet.

Dersom du er opptatt av miljøet og opptatt av å hindre oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for å ta vare på ei av dei viktigaste næringane i landsdelen – fiskeria – då er det berre eit alternativ. Det alternativet er SV.

Korfor SV, er ikkje Venstre og Krf og mot oljeutvinning?
Jo, det er dei, og all ære til dei for det. Det hjelp berre ikkje. Etter dette valet kjem Arbeidarpartiet og Frp til å ha fleirtal på Stortinget. Desse partia vil etter alle solemerker gå inn for oljeboring. Den einaste måten å bryte dette fleirtalet på er gjennom å binde Ap til masta i ei regjeringserklæring. Det er einaste måten å unngå fleirtal for oljeboring. Det betyr at sjølv om V og Krf skulle komme i regjering med Høgre, og få Høgre med seg på å seie nei til oljeboring vil fleirtalet av Ap og Frp kunne trumpe saka gjennom i Stortinget. Det einaste partiet som kan binde Ap til masta er SV.

Er du opptatt av miljø må du stemme SV ved dette valet. Forøvrig same konklusjon som professor Jørgen Randers på BI kom til i rapporten; «Partienes klimapolitikk 2005-2009 – løfter og leveranser». Til Morgenbladet seier Randers:

«- SV ønsker de riktige tingene på alle de områdene vi har blinket ut. Samtidig som de faktisk har styringsvilje. De andre ønsker mye av det samme, men de vil alle gå forsiktigere til verks.»

Valet er klart og valet er ditt.

——————————————

VG skriv om saka her

Brumlebass her

og  Steinar J. Olsen er innom temaet her.

Standard
Feature,Miljø,Sosialisme,Troms og Tromsø

Finnfjord smelteverk – velfortent støtte

Eldsmørja storknar ved Finnfjord smelteverk

Eldsmørja storknar ved Finnfjord smelteverk. Foto: Pål Julius Skogholt

Eg vil gjerne berømme Finnfjord smelteverk for den jobben dei gjer med å ta vare på energi og miljø. Smelteverket har no fått støtte av Enova for å gjenvinne 224 Gwh med energi. (Eg har tidlegare skrive om det her) Det er berre første steg på vegen mot eit klimanøytralt smelteverk. Vi er stolte over at den raud-grønne regjeringa si satsing på Enova no får denne typen utslag. I statsbudsjettet for 2009 auka løyvingane med 1,5 milliardar kroner.

Vi kjem til å trenge ferrosilisium i framtida – mykje av det. Då er noko av det viktigaste vi kan gjere å finne måtar å produsere dette på som gjev så små negative miljøkonsekvensar som muleg. Her går Finnfjord smelteverk først og brøytar veg. Ein veg som eg trur vil gje tryggare arbeidsplassar og betre økonomi.

All honnør, denne typen utvikling ønsker vi i SV å sjå meir av framover.

Standard
Feature,Klima

Den grønne leiartrøya

steinar_bysveen_7

- Vi når ikkje målet om 2 tonn CO2/innbyggar utan ein bevisst energi- og klimapolitikk. Vi må starte no, for beslutningar som blir tatt kvar dag påvirkar energisystemet i 2050, seier Steinar Bysveen, adm. direktør i EBL på nettidene til foreninga. Foto: Gro Maren Mogstad Karlsen/EBL

Det vil koste oss rundt 20 milliardar i året fram til 2050 å redusere utsleppet av CO2 frå 11 tonn per innbyggar til to tonn per inbyggar. Det hevdar EBL i ein ny rapport. To tonn per innbyggar er det utsleppet IPCC seier er det vi kan tillate oss om vi skal halde klimaendringane på eit forsvarleg nivå. 20 milliardar kan høyrast ut som mykje, men det er mindre enn vi investerer i oljesektoren, og omentrent det nivået vi låg på i investeringar i kraftsektoren rundt 1970. Målet bør derfor vere godt innafor rekkevidde.

Eg har nettopp lest raporten «Den grønne ledertrøya» frå EBL. Rapporten frå EBL er spennande lesing. Han er konkret på kva som må til for at vi skal kunne nå dette målet i 2050. Raporten peikar på at energibruk i bygnader er eit viktig og vanskeleg tema, fordi det er så mange uavhengige aktørar. Det er ingen tvil om at det offentlege som ein stor byggherre må ta eit stort ansvar her. I Troms er eg svært stolt av at vi har fått eit vedtak om at alle bygnader skal sertifiserast som Miljøfyrtårn. Det er eit lite steg på vegen. Det store steget må komme kvar gong vi skal bygge nytt eller skal gjennom store ombyggingar eller rehabiliteringar. Då må energieffektivitet stå i høgsetet.

Reporten tar opp ei interessant problemstilling. Kan vi tillate oss å bruke bioenergi til oppvarming av hus. Raporten svarer i stor grad nei. Vi er avhengige av å nytte bioenergien til å lage drivstoff til fly og til tungtransporten om vi skal kunne komme i mål. Det er ei problemsstilling eg i alle fall ikkje har tenkt over før.

Eit av dei viktigaste tiltaka i reporten er elektrifisering av oljeutvinninga. Det er derfor litt skuffande at AP og Sp i følgje Teknisk Ukeblad er lunkne til dette. Forøvrig er kanskje den største veikskapen med denne raporten som så mange andre at olje vi eksporterer ikkje blir rekna inn i den norske klimarekneskapen.

20 milliardar i året – det er berre å sette i gang då!

Her presenterer adm. dir Steinar Bysveen raporten for EBL:

Standard
Feature,Internasjonalt,Klima,USA

Ny arktisk politikk frå USA

Ei av dei aller siste embedsgjerningane frå George Bush, var å skrive under på eit dekret som etablerer ein ny arktisk politikk for USA. Dekretet er utforma slik at det ikkje er sannsynleg, så vidt eg kan vurdere,  at det vil bli omstøtt av den nye presidenten umiddelbart.

arktis

Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjønne at dette området er sårbart overfor klimaendringar og andre miljøforstyrringar. Det blir spennande å sjå om USA tar omsyn. Foto: Wili Hybrid på Flickr

Det er mykje spennande i den nye amerikanske politikken. Det er likevel to ting som ikkje er overraskande, hovudfokuset frå amerikansk side er forsvar og energitryggleik. Det blir lagt stor vekt på at USA no må kaste seg inn i kappløpet om polen og dei energiressursane som finst på havbotn der. Dei skriv: «A growing awareness that the Arctic region is both fragile and rich in resources».  Ein positiv konsekvens av dette er at presidenten no tar eit svært klårt standpunkt for at USA må ratifisere Havrettstraktaten. USA er i dag eit av dei få landa som ikkje har ratifisert traktaten. Det gjev dei eit svakare legalt utgangspunkt for å kreve territorium i Arktis enn til dømes Canada og Russland. Kanskje vil dette føre til at Senatet ser bort frå dei kommunistiske delane av havrettraktaten og svelger den prinsippielle motstanden mot «The International Seabed Authority». Det hadde vore ei glede.

USA legg og stor vekt på retten til navigasjon og uhindra millitær og sivil trafikk i Arktis. Det gjeld særleg dei to passasjane som tidvis går gjennom trange strede i Canada og Russland som USA ønsker å definere som internasjonale (slik som Øresund og Bosporus) slik at USA eller andre ikkje kan bli nekta uskuldig gjennomfart. I dekretet er presidenten opptatt av mellom anna tilgangen på ressursar om eit uhell skulle vere ute. Her bør Noreg posisjonere Svalbard som ein plattform for søk og redning i Arktis.

Når det gjeld forsvaret av USA (Homeland Security) skriv presidenten:

The United States has broad and fundamental national security interests in the Arctic region and is prepared to operate either independently or in conjunction with other states to safeguard these interests. These interests include such matters as missile defense and early warning; deployment of sea and air systems for strategic sealift, strategic deterrence, maritime presence, and maritime security operations; and ensuring freedom of navigation and overflight.

Eg legg merke til at USA også her er tydelege på at aleinegang alltid vil vere ei mulegheit.

Det er gledeleg at presidenten legg vekt på Arktisk Råd i politikken sin, og eg må seie at eg er overraska over kor stor plass omsynet til urbefolkninga og miljø har fått. Til og med klimaendringar blir vektlagt. Bush skriv (ja, eg veit han ikkje skriv sjølv, men det er han som skriv under):

The Arctic Council has produced positive results for the United States by working within its limited mandate of environmental protection and sustainable development. Its subsidiary bodies, with help from many United States agencies, have developed and undertaken projects on a wide range of topics. The Council also provides a beneficial venue for interaction with indigenous groups. It is the position of the United States that the Arctic Council should remain a high-level forum devoted to issues within its current mandate and not be transformed into a formal international organization, particularly one with assessed contributions. The United States is nevertheless open to updating the structure of the Council, including consolidation of, or making operational changes to, its subsidiary bodies, to the extent such changes can clearly improve the Council’s work and are consistent with the general mandate of the Council.

Dette er spennande. USA opnar her for at Arktisk råd kan bli eit enno viktigare verkty for å ta vare på miljøet i Arktis. Mandatet til arktisk råd er spesifikt retta mot å ta vare på miljøet og arbeide for ei bærekraftig utvikling. Dette gjev oss ei opning for å få større kraft bak arbeidet for miljøet i Arktis. Fleire i mitt parti, SV, har tatt til orde for at Arktis skal underleggast ei styring som liknar på styringa av Antarktis. Det avviser Bush i dette dekretet. Det er likevel interessant at ideen har fått sånn feste at det var naudsynt å ta avstand frå han. Det er ellers underleg at mannen som opna store tidlegare freda delar av Alaska for olhjeboring skriv under på dette dekretet.

Den amerikanske presidenten legg og stor vekt på forsking. Dette burde opne mulegheiter for norske og nordnorske forskingsmiljø. Det er viktig for UNIS og Univeristetet i Tromsø å vere på høgget og bli med på det som kan skje frå amerikansk side. Dette blir spesielt spenande med tanke på at den nye presidenten har lova store summar til forsking.

Med tanke på norske idear om Barentshavet på skjerm er dette interessant:

Accurate prediction of future environmental and climate change on a regional basis, and the delivery of near real-time information to end-users, requires obtaining, analyzing, and disseminating accurate data from the entire Arctic region, including both paleoclimatic data and observational data. The United States has made significant investments in the infrastructure needed to collect environmental data in the Arctic region, including the establishment of portions of an Arctic circumpolar observing network through a partnership among United States agencies, academic collaborators, and Arctic residents. The United States promotes active involvement of all Arctic nations in these efforts in order to advance scientific understanding that could provide the basis for assessing future impacts and proposed response strategies.

Det blir spennande å følgje med om denne nye politikken får konsekvensar. Det er nok heilt sikkert ikkje det første temaet som Obama kjem til å konsentrere seg om. Dette blir ståande ei stund.

Andre innlegg om Arktis på denne bloggen finn du her

Standard
Feature,Klima

Kor høgt kjem vatnet?

Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia

Dette kartet frå NASA viser kor havet har stige, og med kor mange millimeter per år i perioden frå 1993 til 2008. Foto: Wikipedia

Vi har alle høyrt skrekkvisjonane om at havet kan stige med sju meter. Det kan det kanskje i det aller verste tilfellet, men det skjer ikkje med det aller første. Sjølv om mange hevdar at klimaendringane går fortare enn det forskarane bak IPCC meinte.

Bjerknessenteret har saman med Miljøverndepartement gjeve ut ein rapport der dei går gjennom sannsynlege havnivåstigningar i alle kommunane i landet (jada – det gjeld sjølvsagt berre kystkommunane). Her er tala for Troms:

2050

2100

Kommune

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Havnivåstigning

(cm)

Muleg stormflo

(cm over NN1954)

Kvænangen 15 238 58 286
Nordreisa 14 233 56 280
Skjervøy 15 234 58 282
Kåfjord 14 237 56 284
Storfjord 14 237 56 284
Lyngen 14 237 57 285
Karlsøy 18 229 63 279
Tromsø 17 222 63 273
Balsfjord 13 230 54 276
Målselv 14 185 56 232
Lenvik 14 187 55 233
Berg 17 178 62 228
Torsken 17 178 62 228
Tranøy 14 187 56 234
Sørreisa 13 186 54 232
Dyrøy 13 186 55 233
Salangen 11 184 51 229
Lavangen 10 183 49 227
Gratangen 10 183 48 226
Ibestad 13 193 54 239
Skånland 13 196 54 242
Bjarkøy 16 181 61 231
Harstad 14 194 57 242
Kvæfjord 15 180 58 228

Tala er sjølvsagt usikre, blant anna fordi vi framleis har landheving i Noreg etter siste istid.

Det er sjølvsagt vanskeleg sjå for seg kva desse centimetermåla eigentleg betyr for oss. Med det er klart at det har betydning. Bloggen «Living White» har nokre bilete som viser korleis stiginga av vasstanden kan slå ut i Tromsø. for eit par dagar stod havet nesten i inngangsdøra på Tomasjordnes. Det blir i alle fall ikkje færre slike dagar, sannsynlegvis blir det langt fleire.

Standard