Feature, Klima

Klimakur eller hestekur?

Dette viser at vi må gjennom ein kur for å få redusert utsleppa av klimagassar: Illustrasjonen er henta frå klimakur2020.no

I dag la Klima og forurensingsdirektoratet fram rapporten Klimakur 2020. Rapporten er ein gjennomgang av over 160 verkemiddel som vi kan nytte til å redusere utsleppa av klimagassar i Noreg. Dersom vi skulle gjennomføre alle tiltaka ville vi redusere utsleppa med 22 millionar tonn CO2 eller andre gassar. Det målet Stortinget har sett er mellom 15 og 17 millionar tonn. Det betyr at vi kan lese gjennom den menyen av tiltak som Klimakur 2020 er og velge oss ut dei mest fornuftig og mange nok til å nå målet. Kostnadane med tiltaka varierer frå 0 til 4000 kroner per tonn reduserte utslepp. For å nå måla vil kostnaden på det siste tonnet ligge på ca 1500 kroner.

Eg er svært glad for den handsaminga rapporten no skal få. Mange av tiltaka vil kunne føre til store endringar i Noreg og det norske samfunnet. Det er derfor heilt naudsynt at rapporten no blir sendt ut på ei brei høyring og til offentleg diskusjon. Det vil føre til at vi vel dei beste tiltaka. Og, utan forkleinelse for dei som har laga rapporten, dette er innvikla spørsmål der det ikkje er eitt einaste svar. Kanskje er nokre få av forslaga ikkje gode, kanskje har det blitt rekna feil. Slike ting vil vi oppdage gjennom ei offentleg høyring.

Så betyr ikkje dette at regjeringa skal sitte i ro å vente på debatten. Mykje god klimapolitikk kan settast i verk snart – og eg er trygg på at det kjem.

I den debatten som kjem er eg spesielt opptatt av at vi ikkje tømmer ungen ut med badevatnet. Med det meiner eg at vi ikkje lagar rammer for norsk industri som gjer at den forsvinn. Gjer den det vil den bli erstatta av industri i andre land, og ikkje alle desse landa har ein god miljøpolitikk. Resultatet kan vere at dei globale utsleppa aukar. Det er det ingen som vil. Samstundes er eg trygg på at norsk industri vil møte utfordringane på ein offensiv og god måte. Eg meiner Finnfjord as sitt prosjekt saman med det mange andre industribedrifter i Noreg gjer kan vere viktige bilete på at dette er muleg på ein lønsam måte, og at vi kan vise veg for mange andre.

Så trur eg det er rett at prisen på bensin over tid må kraftig opp, men då skal vi samstundes huske at i same periode vil elektriske bilar og plug-in hybridar bli vanlege. Det betyr at det er langt frå sikkert at transportrekninga til folk vil auke i tida framover.

Eg er teknologioptimist – det må ein vere for å kunne løyse klimaproblema og samstundes halde fram med å utvikle velferden.

Dersom vi ikkje gjer dette er eg redd hestekuren når klimaendringane slår inn for fullt kan bli betydeleg verre enn klimakuren.

Standard