Politikk, Troms og Tromsø

Underlege forestillingar i kommunestyret

Det var opptil fleire underlege forestillingar i kommunestyremøtet no sist. Eg meiner at desse forestillingane seier noko om dei som styrer kommunen vår.

Forestilling 1 – Styrehonorar i den kommunale pensjonskassa

Kommunestyret har vedtatt å opprette ei kommunal pensjonskasse. Det er mogleg å seie mykje om det vedtaket, men i går handla det om kor mykje av pensjonistane sine pengar som skulle gå til å betale honorar til styret. SV hadde foreslått og fått fleirtal i finanskomiteen om å halvere honoraret til styret, samanlikna med det byrådet foreslo. Tre modige høgrekvinner stemte for forslaget slik at det vart fleirtal for halvere honoraret. Når vi så kom til kommunestyremøtet var desse tre piska på plass av byråd og gruppeleiinga i Høgre. Det var ikkje nok at dei vart pressa til å stemme for høgare honorar, dei måtte og på talarstolen og fortelje heile kommunestyret at dei hadde tatt feil. Det er makta som rår.

Forestilling 2 – Reservasjonsretten

SV foreslo at Tromsø kommune skulle vere klåre på at det ikkje var aktuelt å gje fastlegar i Tromsø rett til å reservere seg mot henvisning til abort. Ut frå det som blir sagt i media og i kommunestyret er ordføraren samd med SV i denne saka. Likevel sørgja han for at saka ikkje vart tatt opp til avstemming i kommunestyret. Men, han brukte ikkje den myndigheita han har som ordførar for å gjere dette, men overlot til sitt eiga parti å stemme mot i kommunestyret. Eg får assosiasjonar til Pontus Pilatus som vaska hendene sine for ansvaret i ein heilt anna situasjon.

Forestilling 3 – Mandelastatuekomite

Det er vanskeleg å tenke seg ei meir pineleg sak å lage teater om enn oppsetting av ein statue av Mandela i tromsø. Om det er ei sak ein skulle tru vi alle kunne vere samde om og jobbe i lag om så erd et denne. Likevel vel høgresida å gjere politikk av saka. I staden for å la SVs Gunhild Johansen som har jobba med saka lenge halde fram som nestleiar i denne komiteen blir ho vraka for å gje plass til Frps Annie Skogmann som leiar og Høgres Kristian Støback Wilhelmsen som nestleiar. Det gjekk så langt at Skogmann måtte stille kabinettspørsmål: “Dersom Gunhild Johansen blir nestleiar kan ikkje eg vere leiar”. Då må det ha svidd når Frps Tor Egil Sandnes går på talarstolen og seier at Gunhild johansen er den einaste som er kvalifisert til å sitte i komiteen.

Du kan sjå opptaket frå kommunestyremøtet her, og gjere deg opp di eiga meining

Standard