Sosialisme

Konge eller president?

image

Haakon og Mette-Marit blir nok kong og dronning og med mitt forslag. Foto: Holger Motzkau/Wikipedia

Må vi velje om vi skal ha konge eller president? La meg som ein god SVar få foreslå «ja takk, begge deler».

Hovudargumenta for kongedøme er så vidt eg veit to. 1. Kongen og kongefamilien representere landet på ein god måte og 2 dei utgjer ein viktig tradisjon og ei institusjonell forankring som er viktig i ei omskifteleg tid.

Hovudargumenta for republikk er det og to av. For det første er det urimeleg at makt skal arvast i eit demokrati, makthavarane skal vi velje (med unntak av dei som har makt gjennom å ha arva pengar – det er greitt) og for det andre kan vi aldri vite kor lenge den norske flaksen med kongar varer.

Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skulle kunne sameine desse to standpunkta i eit glitrande kompromiss.

La oss først sjå litt tilbake i tida. I vikingtida og tidleg mellomalder var det ikkje noko automatikk i at den eldste sonen (og i alle fall ikkje den eldste dottera) skulle arve kongedømet. Kronprinsen fekk versågod reise rundt i landet og gjere avtalar med bøndene for å bli tatt til konge på dei lokale tinga. Seinare tok riksmøtet over noko av denne funksjonen.

Vi hadde i realiteten ei valkongedøme med ein sterk fortrinnsrett til krona for arveprinsen. Denne ordninga med modifikasjonar kunne vi tatt i bruk igjen.

Neste gong vi skal bytte konge kunne vi gjort det slik at kronprinsen måtte komme til Stortinget og bli tatt til konge av eit fleirtal på tinget. I realiteten vil Stortinget alltid ta ein nokonlunde skikka kronprins til konge (ja,  så Håkon er nok trygg) men vi kunne stoppa openbart ukvalifiserte kongar.

Eg tenkjer at vi i utgangspunktet vel kongen på livstid,  men at han kvart tiande eller femtande år måtte komme til tinget på ny for å bli ratifisert.

Dersom vi mot formodning ikkje skulle ville velje kronprinsen må Stortinget finne ein ny konge, og då ville det vere naturleg å leite først mellom folk lenger ute i arvefølgjen. Det ville vere ein uting å skifte kongehus i tide og utide.

Dette ville bevare monarkiet som institusjon, samstundes som det ville få ein viss demokratisk legitimitet og hindre Carl Gustav tilstandar i riket. Det er og i tråd med tronfølgjelova frå 1163.

Tilbake til framtida?

Standard