Skole, Troms og Tromsø

Når skolen må spare

20130530-140432.jpg

Jens Johan Hjorth speglar seg gjerne i glansen av skoleungane i Tromsø, dessverre er han ikkje med på å gje dei dei pengane dei treng. Foto: Mark Ledingham, Tromsø kommune

I fjor haust vedtok høgresida eit budsjett for Tromsøskolen. I dette budsjettet låg det nedskjæringar for skolen i Tromsø. Byråden for utdanning sa at denne nedskjæringa skulle skje utan at kvaliteten i skolen vart dårlegare. Frå SV si side advarte vi allereie den gongen mot dette. Dessverre fekk vi rett, men ikkje fleirtal for å gjere noko med det.

No tar vi til å sjå konsekvensane av høgrepolitikken. Når ein kuttar i skolen så aukar behovet for spesialundervisning. Spesialundervisning er dyrt, men er konsekvensen av innsparingane. Når høgrefleirtalet i kommunestyret no foreslår at skolane må spare inn 12 millionar resten av året så betyr det færre lærarar i skolen. Færre lærarar betyr mindre oppfølgjing av kvar elev. Ingen må bli forundra om dette vil gjere at behovet for spesialundervisning aukar. Ved behov så har eleven krav på spesialundervisning. Det betyr at sparinga fører til større utgifter, eller eit dårlegare tilbod til alle dei elevane som ikkje treng spesialundervisning.

Denne sparinga frå byrådet si side er ikkje påtvungen oss av dårleg økonomi. Det er ein konsekvens av at byrådet vil sette pengar i banken i staden for i skolen. Eg trur dei gjer det for å kunne kutte eigedomsskatten før neste kommuneval.

Så, då ser vi det, skatt er viktigare for Høgre enn skolen er.

Og, til slutt, innføringa av parlamentarismen av Høgre, Frp, V og Ap kostar omtrent det same som kutta i skolen no. Det er no og ei litt rar prioritering, ikkje sant?

 

PS. Innlegget er blitt oppdatert etter at eg vart gjort merksam på eit lite mistak. Det er no retta

Standard
Erna Solberg
Feature, Olje, Økonomi

Høgre er næringsfiendtlege og distriktsfiendtlege

Erna Solberg

Erna Solberg sitt parti fjernar støtte til næringslivet i nord og gjer Noreg meir avhengige av oljen. Foto: Høgre/CF Wesenberg / kolonihavnen.no(dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg er kanskje naiv, men eg hadde faktisk trudd at Høgre var opptatt av næringslivet i heile landet, og at dei var opptatt å skape det nye næringslivet som vi skal leve av og med i framtida. Eg tok feil. Høgre er i beste fall opptatt av næringslivet i Oslo og Akershus.

Eg vart kvitt naiviteten min då eg las gjennom Høgre sitt alternative statsbudsjett for 2011. Det trur eg det er fornuftig at alle som er opptatt av næringsutvikling brukar tid på å lese. Då blir du kvitt all di naive tru på at Høgre er næringslivet sitt parti.

Ein av dei viktigaste aktørane i næringsutviklinga i Noreg er fylkeskommunane. Fylka har pengar som gå direkte i støtte til nye og gamle bedrifter og som blir brukt til å legge til rette for næringsutvikling. Høgre foreslår å fjerne heile denne posten på 1,5 milliardar. Det betyr at Nordland mistar 261,5 mill, Troms 178 mill, og Finnmark 134 millionar. Det vil næringslivet i nord, og særleg nye bedrifter merke.

Du trur kanskje at det var alt, men nei. Det er meir.

Høgre kuttar og ein halv milliard i rammetilskottet til fylka. Det vil gå ut over vegbygginga og den vidaregåande skolen. Det er ikkje eit gode for næringslivet.

Men, det er enno meir!

Høgre foreslår å kutte 220 millionar til utviklingsfond. Dette er sentrale middel til bygdeutvikling i Noreg og kutt vil skape problem for næringslivet i dei minste bygdene våre.

Puh, var det alt, spør du? Neida, det er enno meir!

Høgre flyttar 200 millionar frå allsidig næringsutvikling gjennom SIVA, næringshagar og kompetanseutvikling til petroleumssatsing. Høgre vil altså gjere landet vårt enno meir avhengige av oljen. Det er å gå med ryggen inn i framtida.

Har du falt av stolen no? Viss ikkje, hald deg fast, for det kjem meir.

Høgre vil kutte 200 millionar i kjøp av ulønsame posttenester. Dette er dei tenestene som gjer at folk og bedrifter i distrikta kan få og kan sende post kvar dag. Det som gjer at distrikta har tilgang til omtrent same infrastruktur og kommunikasjon som sentrale strok.

Høgre sin politikk er ein politikk for eit meir oljeavhengig land med større skilnader mellom folk og landsdelar.

Så, eg har lagt vekk mi naive tru på at Høgre er næringsvenleg, det bør du og gjere. SV og den raud-grønne regjeringa er mykje betre for næringslivet enn Høgre.

Høgre sitt alternative statsbudsjett finn du her, kutta er frå side 69 og utover.

Standard