Kupp i Tromsø!

Det var ei underleg forestilling i byutviklingskomiteen i Tromsø i går. Høgre og Frp gjorde sitt aller beste for å kuppe ei av dei aller viktigaste beslutningane vi skal ta i Tromsø framover.

Same dagen som vegvesenet la fram sitt faglege råd for kvar den nye Kvaløyforbindelsen skal gå gjekk Frp og Høgre inn for å vedta plasseringa av den nye traseen. Dei vil altså at dette skal bli avgjort allereie i kommunestyret på komande onsdag utan at folk i Tromsø skal få tid til ein skikkeleg diskusjon om kva som er den beste løysninga for Tromsø og Kvaløya. Det dei foreslår er minst to milliardar dyrare enn brualternativet. To milliardar som sannsynlegvis må betalast av billistane i Tromsø. Sanneleg har Frp og Høgre god råd på andre sine vegne.

Dette kan knappast kallast anna enn eit kupp, og vil vere med på å gje det borgarlege byrådet eit endå tristare ettermæle.

Eg har sans for Vegvesenet sitt framlegg om ei ny bru. Det vil opne for at vi kan tilrettelegge godt for kollektivtrafikk og sykkel. Kanskje burde minst eit felt på ei av bruene bli kollektivfelt. Det vil vere med på å gje ein viktig fordel for bussen og sørgje for at bussen kjem raskt fram. Men, det kan vere gode argument mot som må fram. Vi treng denne diskusjonen no, slik at ikkje Kvaløyforbindelsen blir ei ny E8-sak.

Her kan du sjå vegvesenet sin presentasjon av sitt alternativ.