Ikkje politikk, Litteraturforsøk, Troms og Tromsø

Rosa spy

Han var i ferd med å legge seg. Telefonen ringte, det var frå ei av dei andre kyrkjene. Ibrahim var sjuk. Sjuk, kva betyr det? Han heiv på seg sko og klede, og storma oppover til kyrkja.

Foreldra var dratte og redde. Dei hadde nettopp kommet til Tromsø. Dei hadde vore på rømmen i fire år, før dei no hadde husly i ei kyrkje i Tromsø. Agim hadde vore med i den store gruvestreiken i 1989. Først hadde dei reist til Sverige, så Noreg, til sist Finland. Etter å ha fådd nei til opphald i alle landa hadde dei endt opp i ei kyrkje i tromsø. Det var fire dagar sidan dei kom. Roar sleit endå med å huske namna deira.

Minste ungen deira var sjuk. Han var fødd på vegen mellom Finland og Tromsø. Den store skjeggete mannen som hadde opplevd så mykje, stod der og kunne ingenting gjere. Roar kunne sjå hendene knyte seg og opne seg i avmakt. Verken mor eller far kunne ta ungen til legen. Politiet kunne dukke opp kva tid som helst om dei gjekk utanfor kyrkja.

Mora la den varme vesle ungen i armane til Roar. Det var ingen andre der og då, det hjalp ikkje at han knapt viste korleis ein skulle bere ein så liten unge. Knapt sytten år gamal hadde han engasjert seg i kyrkjeasylsaka. Det hadde vore spennande, hadde kjentes rett og det hadde vore artig. Han hadde aldri planlagt å stå med ein varm bylt i armane.

Ungen skreik slik at det var vanskeleg å forklare drosjen kor den skulle komme. Han gjekk ut på kyrkjetrappa med ein framand skrikande unge i hendene. Foreldra stod stille og maktlause att i gangen når drosja kom. Det minste og sjuke barnet deira reiste med ein ungdom dei knapt hadde helst på før.

Ibrahim var velsigna stille og roleg i drosja på veg til legevakta. Like roleg var han ikkje i venterommet på legevakta. Omgjeve av folk sat Roar der keitete, overtydd om at alle kunne sjå at han ikkje viste noko om barn.
— Versågod, neste
Roar tok med seg Ibrahim og gjekk inn.
— Kva er det som er galt? Legen som spurte såg sint og gammal ut. Roar stilna. Kva var eigentleg galt? Han ante ikkje. Det hadde skjedd så fort alt der i kyrkja.
— Han har feber og skrik. Han har vist vore slik lenge, stotra Roar fram. Han var snart like raud og flammande i fjeset som Ibrahim. Legen var ikkje nøgd med svaret. Han stilte mange tilleggsspørsmål, om vekt og vokster.
— Kanskje mora skulle vere med neste gong, datt det ut av den bistre legen til slutt.
Roar braut saman. Redselen for at legen ikkje ville hjelpe Ibrahim var endeleg større enn redselen for å fortelje at ungen sat i kyrkjeasyl. Politiet kunne vel ikkje ta ein så liten unge frå foreldra? Medan fortvilte tårer tok til å renne fortalte han om korfor mora ikkje kunne vere med. Og, at han berre prøvde å hjelpe.

Det var endeleg eit lite smil å sjå hos legen. Han la vekk papira – det vart ikkje noko å føre i journalen denne gongen.
— Vi får sjå litt nøyare etter denne gongen då, og ta nokre prøver. Kjenner han deg godt? Vil han føle seg trygg med deg i nærleiken?

Kjenner, nei. Hadde sett ungen to eller to eller tre gonger før. Panikkkjensla greip tak i Roar igjen. Han la Ibrahim frå seg så forsiktig som muleg på benken på legevakta. Ibrahim kasta opp. Ikkje noko stort oppkast. Men heller ikkje noko gulp, snarare ein liten bekk av rosa slim. Legen tørka bort, men det fortsette å renne. Roar sat berre og såg ned. Turte ikkje gjere noko, knapt nok følgje med kva legen gjorde.

— Det er greitt, ta han med ut i neste rommet, så kjem ho Randi og tar ein blodprøve.
Blodprøve! — Er det noko farleg, hiksta han fram?
— Nei, sannsynlegvis ikkje. Dette går over. Men for å vere sikker. Alt tyder på at ungen har ræksjuka. Ingenting alvorleg.

Då kasta Ibrahim opp igjen, på alvor denne gongen. Roar fekk rosa spy over heile jakka og over kleda til Ibrahim. Noko skifte hadde han ikkje med.

Det gjekk raskt å ta blodprøven. Ufarleg. Ibrahim sutra ikkje eingong då Randi stakk han. Det var som han hadde kvikna til etter det siste oppkastet.

— Ring oss i morgon, så skal resultata av prøven vere ferdig sa ho, og fann fram ei eske med stikkpillar. — Gje han ei slik om kvelden, så skal du sjå at dette går bra. Randi smilte. –Tenk ikkje på eigenandelen. Den får vere bidraget vårt. Ho vinka til Roar og Ibrahim då dei gjekk ut døra.

Det var godt å komme i drosja, å reise tilbake til kyrkja, tilbake til foreldra med Ibrahim, å kunne fortelje at det ikkje var noko farleg. Han sat der og heldt barnet, han kjente den same varmen som då han reiste til legevakta. Dei smilte, begge to.

————————————–

Av og til prøver eg meg på (skjønn)litteratur. Denne skreiv eg for nokre år sidan. Ho har li i ei skuffe sidan den tid. Eg dristar meg til å publisere her i håp om å få kommentarar som gjer at denne vesle historia faktisk kan bli til noko. Kritiser i veg.

Standard