Gje lærarane tillit

Det var eit eller anna møte. Eg er på nokre av dei, og i pausane så pratar ein jo om dette og hint. Det var då ein kar sa «dersom du må innføre stemplingsur på ein arbeidsplass, då har du tapt». Eg tenkjer at dette er eit godt innspel til KS i lærarstreiken. Dei aller aller fleste arbeidstakarane i Noreg er pliktoppfyllande og stolte folk som ønsker å gjere ein god jobb. Då får du ikkje det beste ut av dei med å vise dei mistillit og innføre stemplingsur.

Eg støttar lærarane

No er det ikkje stemplingsur KS vil innføre, men realiteten er den same. KS seier at dei ikkje trur at lærarane gjer jobben sin om dei ikkje er meir på skolen. Eg skjønner godt at lærarane reagerer på dette. Eg er redd for at KS ikkje heilt skjønner kor irriterande denne mistilliten er, og at denne mistilliten vil vere med å skape problemar for rekruttering og arbeidsgklede i skolen.

Derfor kjem eg til å foreslå i kommunestyret i morgon at Tromsø seier klårt frå til KS om at no er nok nok:

Kommunestyret i Tromsø ber KS om å sørge for at streiken tar slutt gjennom å vise lærarane den tilliten dei fortener. Det kan berre skje gjennom at KS legg vekk alle krav om auka bindingstid for lærarane.

Den streiken vi ser no er negativ for skolen, negativ for rekrutteringa av lærarar og vil ikkje auke kvaliteten i skolen.

Så håper eg at kommunestyret vil tillate at saka blir tatt opp og vil støtte den. Reglane er slik at anten ordføraren åleine, eller 1/3 av kommunestyret kan hindre at denne saka kjem opp no. Eg håper det ikkje skjer og at Tromsø kan seie klårt i frå.

OPPDATERING

Fleirtalet i Tromsø kommunestyre (Frp og Høgre) nekta å ta saka opp til behandling. Trist.