Hovudinngangen på Langnes skole
Feature, Skole, Troms og Tromsø

Rangerte skolar

Hovudinngangen på Langnes skole

Langnes er ein av skolane som gjer det bra

Høgre er svært opptatt av å rangere skolane i Tromsø. Magnus Mæland har lagt ut tala for dette på bloggen sin. Det minste ein måtte kunne forvente er at han gjorde nokre forsøk på å analysere korfor ein skole er betre enn ein annan. Utan ein slik analyse som gjev ei retning for forbetring fortel ei slik rangering ingen ting.

Tala Mæland legg ut viser mellom anna og heilt som forventa at Workinmarka skole jamt over gjer det godt. Korfor som forventa, jau, fordi denne skolen ligg i ein av dei bydelane i Tromsø med dei høgaste inntektene. Vi veit frå før at barn av foreldre med høg inntekt og eller utdanning gjer det godt i skolen. Det ville med andre ord vore rart om Workinnmarka skole ikkje hadde gode resultat. Resultata seier lite om kvaliteten på skolen. Skolen er sikkert bra, men det er og stor sjanse for at dei har mange skolesterke barn.

Elles har Kattfjord skole god rangering. Det er kanskje ein indikasjon på at høg lærartettleik har betydning for læringsresultatet.

Det verd å merke seg at den av høgresida utskjelte Langnes skole har jamt over gode resultat. Kanskje er ikkje baseskolar det verste som finst likevel. Eller handlar det og om klasse? Vanskeleg å vite utan grundige studiar.

Det er mykje ein kunne sagt om desse tala, men å seie noko verkeleg fornuftig trengst tid, skolefagleg kompetanse og god kunnskap om skolane og skoleelevane. Mæland gjev inntrykk av å mangle minst ein av tingane, og utan det er rangeringa han har brukt mykje tid på å få ut ganske uinteressant.

 

Standard