Ikkje politikk, Troms og Tromsø

Manneparkering med Wayne Rooney

I følge Nordlys kan du parkerast: Ill.: nordlys 12.08.13

I følge Nordlys kan du parkerast: Ill.: nordlys 12.08.13

I dag vurderer eg å bli litt indignert. I landsdelsavisa si nettutgåve les eg at ein butikk på Jekta vurderer manneparkering.

I Nordlys står det:

For å legge til rette for en problemfri shopping har Jekta kunnet skilte med barneparkering på JJs lekeland. Nå kan du også sette fra deg mannen din hos Bjørn-Åge Berglund.

Då lurer eg på:

  1. Er det vanleg at menn blir tvungen med på shopping, for så å bli overlatt til seg sjølv?
  2. Dersom du først blir tvungen med på shopping er det vel for å bære, og det kan du vel ikkje gjere medan du er parkert?

Det at dette speler på ein del kjønnssteroetypia er no greitt. Det blir eg ikkje indignert over. Det som verkeleg gjer at eg vurderer å bli indignert er at dei meiner eg skal bli fjetra av å sjå Wayne Rooney sine signerte fotballsko.

Då bær eg heller veska til kjerringa, om så inn på nærmaste parfymeri.

Standard