Ikkje politikk

Lage bjørkesevjesirup

Heilt sidan eg som 10-12 åring leste «Det lille huset i skogen» så har eg hatt lyst til å prøve å lage sirup. Det er ei fantastisk scene i denne boka om korleis dei tømmer varm lønnesirup rett på snøen slik at det blir sukkertøy av det. (Det er i alle fall slik eg hugsar det, det treng ikkej å stemme med boka). Uansett, eg innsåg tidleg at det er lite lønn å tappe sirup av både i Lofoten og i Tromsø, men på eit eller anna tidspunkt gjekk det opp for meg at det skal gå an å lage sirup av bjørkesevje. Det  har tatt nokre år, men i år har eg endeleg prøvd meg.

Prosessen er ganske enkel. Du borar eit hol i ei bjørk, stikk noko inn for å tappe sevja. Tar sevja inn og koker til det har blitt sirup.

Eg brukte ein 10mm bor, bora ca to cm inn i treet og stakk inn heverten min.

Illustrasjon av korleis tappe  sevje

Eg hadde tidlegare bora eit tilsvarande hol i korka til ei halvannaliters brusflaske slik at eg kunne stikke den andre enden av heverten inn der.

I løpet av eit drøyt døgn hadde eg skaffa meg litt over tre liter bjørkesevje.

Tre liter bjørkesevje

I følgje det store internettet kan ein tappe fem liter av ei stor bjørk utan å skade treet. Dette fordelte eg på to ganske store tre så det burde ikkje vere noko fare for trea. Det er viktig å plugge hola i trea når du er ferdig å tappe slik at dei ikkje held fram med å blø.

Så er det å koke sevja. Igjen, i følgje internett og google skal bjørkesevje innehalde ca 13 gram sukker per liter. Sirup er som vi veit ganske mykje søtare enn som så, så sevja må kokast lenge. Veldig lenge. 20 liter sevje skal visstnok bli ein halv liter sirup. Eg kokte mine drøye tre liter inn til omtrent 1,5 desiliter. Då såg det slik ut.

Ferdig sirup

Vart det godt. Ja det synst eg. Sirupen var blitt søt, men ikkje særleg klissete. Eg trur eigentleg eg burde kokt den inn enno litt meir. Smaken var søt med ein tøtsj av bjørkeskott. Absolutt verd å prøve seg på, men kanskje ikkje noko eg kjem til å gjere veldig mange gonger.

Standard
Politikk

Nok mat i Noreg og verda?

Det er brot i landbruksforhandlingane. Eg er vel ein av dei mange som ikkje skjønner alle detaljane i landbruksavtalen, men eg skjønner godt at om bøndene ikkje tener pengar på det dei held på med så vil dei slutte med det.

Samstundes var det ein notis i dagens Nordlys og at Noreg importerer meir korn enn nokon gong før:

Norge må i år importere 275.000 tonn matkorn og 423.000 tonn fôrkorn. Dette er det høyeste nivået siden den nye markedsordningen ble innført i 2001.

Til sammen ble det produsert til sammen 962.000 tonn korn og 11.000 tonn erter og oljefrø her i landet i fjor. Det vil si at 17 prosent av matkorn og 71 prosent av korndelen av kraftfôr kommer fra norske produsenter.

Det dette viser er at Noreg er eit sårbart land. Vi har låg sjølvforsyning på sentrale matvarer. Dette skjer samstundes med at matproduksjonen er under stort press internasjonalt. Denne grafen frå FAO – FNs matvareorganisasjon fortel både at prisane er på veg opp og at dei varierer ganske valdsamt:

Kjelde: http://www.fao.org/worldfoodsituation/wfs-home/foodpricesindex/en/

Vi veit og at folketalet i verd veks kraftig, og at vi skal bli ni milliardar om ikkje så alt for mange år.

Eg synst det er skummelt at vi har fjerna dei strategiske matvarelagra i Noreg, og enno skumlare er det dersom matproduksjonen blir redusert i Noreg.

Vi må uansett basere oss på å importere ein god del mat, men vi kan vere sikre på at i takt med foletalsveksten, og rikdomsveksten vil matbehovet i verda auke. Då kan vi vere ganske sikre på at ein så stor sjøvbergingsgrad som mogleg og eit strategisk matvare/kornlager gjev oss større tryggleik enn nye jagarfly.

Var det opp til meg vill eg redusert kjøpet av jagarfly og heller gjeve bøndene eit godt økonomisk oppgjer.

Det ville skapt større tryggleik for Noreg. I tillegg til levande bygder.

[poll id=»17″]

Standard
Feature, Internasjonalt, Politikk

Matvareprisar og matvareproduksjon

Kveiteproduksjonen stig seinare enn folketalsveksten. Korleis skal vi fø ni milliardar menneske? Foto: Özgür Mülazımoğlu /Flickr

I løpet av dei siste dagane har eg fått to skriv i postkassa som handlar om matvareprisar og matproduksjon. Først kom The Economist med ei stor sak om korleis vi kan klare å produsere nok mat til ni milliardar menneske i 2050, og i dag kom Nordlys (Nordlys si satsing på Apple produkt der ting berre er elektronisk tilgjengeleg på iPhone og iPad tar til å irritere meg skikkeleg, men det er ei anna sak) med si eiga lokale oppfølgjing av VGs matbørs.

Desse to ulike artiklane fekk meg til å tenkje litt. Korleis er samanhengen mellom pris og produksjon av mat? Eg er minst like glad i billig og god mat som alle andre, men eg er heilt sikker på at dersom bonden ikkje får ei skikkeleg inntekt så blir det ikkje produsert nok mat i verda.

Dei siste åra har vi sett store prisendringar på mat, der maten i to tilfelle har blitt svært dyr. Dette skaper store problem for dei fattigaste i verda, men det gjev og signal om at matproduksjonen i verda allereie er marginal. Det skal svært små forstyrrelsar i marknaden til før det gjev store utslag i matprisen.

Då synst eg det er litt skummelt at Noreg ikkje har skikkelege strateggiske matvarelager. I ei usikker verd, med krig og konflikt samt klimaendringar som potensielt vil kunne skape stor avlingssvikt så er det ikkje sikkert vi alltid vil kunne kjøpe det kornet vi treng. No er vi sjølvsagt så rike at vi stort sett alltid vil få tilgang på korn, men eg er likevel ikkje bekvem med at det einaste matvarelageret Noreg har er lagra på butikken og hos grosistane. Eg meiner vi burde ha lager for minst eit års forbruk i landet.

Men, det aller viktigaste matvarelageret er at vi har ein robust matproduksjon over heile landet. I både eit matvaretryggleiksperspektiv og eit perspektiv der det blir matmangel i verda bør vi halde oppe det norske landbruket over heile landet. Det betyr at maten vår må ha ein pris som gjer at ungdom har lyst til å overta og drive gardsbruk i Noreg.

I dag er det ca ein milliard menneske som ikkje har nok mat. Med tanke på at vi kjem til å bli to milliardar fleire menneske på jorda i løpet av dei neste 30 åra så betyr det at matproduksjonen må auke med 50 prosent i løpet av desse 30 åra. Det kjem til å bli vanskeleg.

Mykje kan gjerast gjennom at meir av maten blir spist og ikkje går tapt eller bli kasta. I dag mistar vi over 30 prosent av maten som blir dyrka. I fattige land går mykje tapt i dårleg logistikk, infrastruktur og lager. I den rike verda går mykje tapt gjennokm at vi kastar mat. Dette kan ikkje halde fram.

Men, dersom vi klarer å få bukt med overforbruk og tap på grunn av dårleg infrastruktur og klarer å auke produktiviteten særleg i Afrika til det nivået som er i India så trur eg det vil vere muleg å fø ni milliardar menneske på jorda. Føresetnaden er sjølvsagt at vi og klarer å få bukt med klimaendringane før dei reduserer jorda si evne til å produsere mat.

Korleis trur du vi skal klare å produsere nok mat?

 

Standard