Valkamp og god valkamp dekning

Direkteoverføring av skoledebattar var ei nyvinning i denne valkampen.

Ein lang og slitsam valkamp er over. Eg vil gratulere Frp og Høgre med resultatet. Dei gjennomførte ein god og disiplinert valkamp, og her i Troms fekk dei eit resultat som vart langt betre enn det meiningsmålarane hadde føresett. I tillegg er eg veldig stolt av SV og SVarane rundt i heile Troms og for den del i Nord-Noreg. Ni av dei ti beste SV-kommunane i landet er i Nord-Noreg og Tromsø er den suverent beste SV-byen.

Men, det eg eigentleg ville ta opp var lokalmedia. Spesielt Nordlys, men og dei andre avisane i fylket har gjort ein god jobb i valkampen. Eg er imponert. Nordlys har hatt ei formidabel valkampdekning. Dei har arrangert debattar, sendt live frå mange andre debattar, og latt politikarane komme til orde på ein fin måte. Det har vore lite utspel frå politikarane, men gode kommentarar og Nordlys har vore ein plattform der veljarane har kunna funne ut av kven dei var mest samde med. Eg har og lagt merke til korleis ulike og konkurrerande media har samarbeid om arrangement og formidling av politikk. Det synst eg er bra, i alle fall så lenge dette samarbeidet ikkje skapar einsretting, men lar partia og politikarane komme itl orde med sine eigne bodskap.

Så er eg framleis snurt fordi SV ikkje fekk vere med i oppdrettsdebatten på Hansnes, eg skulle ønska meg at Nordlys skreiv meir om oss og meir positivt om oss. Men det er detaljar. I denne valkampen så synst eg den fjerde statsmakta lokalt har gjort ein god jobb med å informere veljarane om kva partia står for.

Det er ein evigvarande debatt om media bør sette sin eigen dagsorden, eller om dei berre skal informere om det partia meiner. Svaret er sjølvsagt at det ikkje er anten eller. Det er viktig at partia får sette sin dagsorden og fortelle sin bodskap til veljarane, samstundes som media har ein jobb med å utfordre og å fortelle dei historiane som partia kanskje helst ikkje vil prate om. Der kunne kanskje lokalmedia vore hakket kvassare i denne valkampen.

 

Få ein epost neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Barberskum og avisa

Som politikar prøver eg sjølvsagt å få bilete mitt i blad. Desto meir, desto betre. Helst skal eg jo ha noko fornuftig å seie og, gjerne om skole eller miljø.

Den siste tida har eg ikkje vore heilt nøgd. Det har vore dårleg med mediaopptredenar frå mi sie. Eg har tenkt at kanskje er eg ikkje spissformulert nok, at eg må få ein tydelegare bodskap.

Men, ingenting av dette stemmer. Løysninga slo meg i morres medan eg barberte meg. Barberskummet er «stealth» typen. Er det rart eg har flòge under media sin radar. No blir det skjegg, no blir det førstesider. Kan kronprinsen, kan eg!

Barberskummet som gjer at du ikkje vises på mediaradaren
Barberskummet som gjer at du ikkje vises på mediaradaren