Skole, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Privatskolekjede posisjonerer seg

Akademiet, den største drivaren av private vidaregåande skolar i Noreg, har søkt om å få starte ein privat vidaregåande skole i Tromsø. Skolen skal ha 390 elevplassar. Tromsø er ein av sju byar Akademiet har søkt om å få starte i.

Det er to store problem med dette. Det aller viktigaste er at montesorripedagogikken som skal brukast ikkje er utvikla for den vidaregåande skolen. Leiaren for montesorriforbundet i Noreg advarer mot vidaregåande skolar basert på denne pedagogikken skreiv Nordlys i går. (Tatt frå minnet, har ikkje avisa der eg er no) Dette er med andre ord eit pedagogisk eksperiment. Den andre utfordringa er at det blir mykje vanskelegare og dyrare for den offentlege vidaregåande skolen å tilpasse tilbodet sitt. Skal ein redusere tilbodet, og dermed kanskje og fjerne små tilbod i Tromsø, eller skal ein konkurrere og køyre med overkapasitet? Vil den nye skolen trekke elevar frå distrikta slik at offentlege tilbod der kjem i faresona for å bli lagt ned?

Det kan hende at eg er kynisk og har for lite tru på det gode i menneska, men eg trur Akademiet her utnyttar unntaket i loven for skolar basert på alternativ pedagogikk for å posisjonere seg før eit frislepp dersom dei borgarlege vinn valet i 2013. Då blir det lov å tene pengar på skoledrift.

Dette er tre gode grunnar til at Tromsø kommune og Troms fylkeskommune burde protestere beinhardt på opprettinga av denne skolen i Tromsø. Det skjer dessverre ikkje. Byrådet i Tromsø elskar alt som smakar av privatisering. Så kunne vi kanskje forvente litt meir av Arbeidarpartiet som leiar fylkesrådet i Troms. Dessverre. Fylkesråd for utdanning, Kent Gudmundsen (H) seier at fylket ikkje vil protestere på etableringa. Det kan han ikkje seie utan å ha fått lov av leiaren for fylkesrådet. Ho heiter Pia Svendsgård og er frå Ap.

Ap i Troms synst med andre ord private vidaregåande skolar er greitt. Det er jo greitt å vite.

Standard