Politikk, Utdanning

Er Noreg med på endringane innafor utdanning?

MOOC

Ny teknologi løyser ikkje alle utfordringane innafor utdanningssektoren, men det er ein del av løysninga for å sikre lik rett til utdanning. Illustrasjon: sparklefish/flickr

Måten vi tenkjer utdanning på er i endring. Den endringa er driven av tre hovudfaktorar; kostnad, tilgjengelegheit og teknologiske moglegheiter. Dessverre står Noreg på bakføtene og er ikkje med på den store endringa som vi er vitne til. Dei største universiteta er og dei største syndarane.

I storparten av verda eksploderer kostnaden ved å ta høgare utdanning. I USA stig skolepengane raskare enn nesten alt anna. England har innført skolepengar, til og med Sverige har innført skolepengar for dei som ikkje er svenske. I Noreg ser vi at kostnaden ved å studere stig valdsamt om du må ut på den private marknaden for å skaffe deg ein hybel. Tida då vi har studentar frå alle lag av folket som har tid til å studere på heiltid, og tid til å reflektere på det dei studerer forsvinn bak oss. Dette åleine burde vere nok til at vi tar til å tenke nytt om utdanning.

Skal vi ha reell lik rett til utdanning må kostnaden ved å ta utdanning vere låg. Det er den ikkje i dag. Dersom du ikkje bur i ein by eller ein tettstad med eit universitet eller ein høgskole som tilbyr det faget du er interessert i så stig kostnaden for deg mykje meir enn om du bur (hos foreldra) i ein by med eit slikt tilbod. Retten til utdanning er ikkje lik, for kostnaden med å ta ei utdanning er høgare om du kjem frå Karlsøy enn om du kjem frå Tromsø. Det er ikkje lik rett til utdanning når du ikkje kan ta utdanninga ved sida av anna arbeid, men må vere til stades på Campus.

Desse problema kan berre til ein viss grad ordnast ved å betre studiefinansieringa. I takt med at stadig fleire tar utdanning og treng utdanning blir kostnaden ved at studiefinansieringa skal halde tritt med skolepengar og bukostnader svært høg. I Noreg har vi nok råd til dette ei stund til, men kanskje ikkje veldig lenge.

Dersom eg kan tillate meg å vere litt spissformulert, så vil eg hevde at måten vi underviser på innafor høgskolesektoren har endra seg lite sidan Europas første universitet vart opprette i Bologna i 1088. forelesingar og seminar er framleis hovudmåten. Ny teknologi gjer at dette kan endre seg fundamentalt. På mange måtar er USA først ute. Det heng nok litt saman med kostnadsbiletet der, men vi skal vel heller ikkje underslå innovasjonsevna. Georgia Tech er eit av dei beste universiteta i USA, og tilbyr no mastergradar i teknologi gjennom MOOC konseptet. Dei har fått den amerikanske utdanningsministeren Arne Duncan til å seie:

Massive open online courses (MOOCs) have quickly become one of the most significant catalysts of innovation in higher education. As parents know all too well, America urgently needs new ideas about how to make higher education accessible and affordable. This new collaboration between Georgia Tech, AT&T and Udacity, and the application of the MOOC concept to advanced-degree programs, will further the national debate—pushing from conversations about technology to new models of instruction and new linkages between higher education and employers.” (ref http://www.gatech.edu/newsroom/release.html?nid=212951)

Det skal ikkje mykje fantasi til for å sjå for seg at dette kan bli ei stor utfordring for norske og nordiske universitet og høgskolar. Når kostnaden er såpass låg som her (ca 50 000) kroner så skal du ikkje spare mykje på hybelutgiftane for at dette lønner seg samanlikna med å studere i Noreg. Du skal heller ikkje sjå bort frå at eit vitnemål frå eit leiande amerikansk universitet i ein del tilfelle kan vere meir verdfullt enn eit norsk vitnemål.

I Norge står vi overfor store kapasitetsutfordringar innafor høgare utdanning. Vi må bruke fleire milliardar kvart år på nye bygg for å få plass til alle studentane. Kan det ikkje tenkjast at det ville vore meir fornuftig å satse eit par hundre millionar på å faktisk kunne tilby den same utdanninga utan å måtte bygge nytt. Kanskje vi verkeleg skulle gjeve alle i Noreg og kanskje Norden reell lik rett til utdanning ved å tenke nytt. Kanskje skal vi gje folk eit reelt val, vil eg flytte til den byen der dei har det tilbodet eg er interessert i, eller skal eg studere frå den plassen der eg helst vil vere? Det som blir gjort i dag i Noreg på området er for lite og for smått.

Så veit vi alle at det kan vere utfordringar med å få ei slik utdanning til å fungere godt. Det vil ikkje passe for alle og alle vil ikkje makte å fullføre, men sanneleg slik er det i dagens modell og.

Eg er så heldig at eg er involvert i eit prosjekt kalla uNordic som nettopp jobbar med løysningar på desse utfordringane og forsøker skape ein open nordisk utdanningsplattform.

Standard
Sosialisme, Troms og Tromsø, Utdanning

Tilgang på kunnskap

Aldri før har vi hatt større tilgang på kunnskap enn no. Internett har opna dørene til uante nye kunnskapskjelder. Det er kanskje berre ein type kunnskap som ikkje er blitt meir tilgjengeleg dei siste 20 åra, kunnskapen som finst på norske universitet.

Ja, eg veit eg spissformulerer meg. Kanskje i urettferdig stor grad (Til dømes blir det jobba bra på Uvett). Men Der dei store internasjonale universiteta gjer kunnskapen sin tilgjengeleg for alle, gjer norske universitet dette i for liten grad. Der ein internasjonalt ser store nye marknader sit dei norske universiteta i stor grad i ro.

Eg har vore opptatt av dette spørsmålet lenge. Studiesenteret.no er ein av dei aktørane som prøver gjere noko med dette i Noreg, der eg har gleda av å være vara til styret. Dagleg leiar Lars Utstøl seier på bloggen sin (les den):

Noe som ikke passet inn (enn si passet seg:-). I bunn og grunn er det vi har gjort  en god offentlig samhandling (mellom kommuner, fylker og høgskoler). Som fungerer i praksis. Vi har ganske “enkelt” prøvd å reorganisere tilgangen på høyere utdanning gjennom noen “enkle” prinsipper

Universiteta og høgskolane har i alt for stor grad vore nøgd med å tilby desentralisert sjukepleiar og lærarutdanning. Dette har vore viktig, men ikkje revolusjonerande. Det er eit heilt grunnleggande viktig poeng at bur du nær eit universitetscampus så har du større og billigare tilgang på kunnskap enn alle andre. Dette er det mogleg å gjere noko med om vi berre vil. Det er mogleg å trekke kunnskapen vekk frå Campus.

The Economist hadde ein artikkel i juleutgåva si som tok opp dette. Les heile, men det viktige poenget er:

Now online provision is transforming higher education, giving the best universities a chance to widen their catch, opening new opportunities for the agile, and threatening doom for the laggard and mediocre.

Dette samsvarer og med prorektor Curt Rice sin ståstad på twitter:

jo, men spørsmålet er hvilke institusjoner kommer til å forstå dette tidlig nok til å ikke tape mange studenter og posisjon.

Eg meiner vi bør sette oss eit mål om å sprenge veggane rundt kunnskapen som finst på Universitetet i Tromsø. Dersom Universitetet i Tromsø skal vere for og til heile landsdelen så er eit opent universitet måten å gjere det på.  Eg meiner at fusjonen mellom Høgskolen i Finnmark og Universitetet bør ha dette som eit mål. Universitetet skal kunne tilby ALLE sine kurs ved alle dei nye campusa. Studentar skal kunne vere på forelesningar, delta i seminargrupper og vere med i kollokvie utan å reise til Tromsø.

Dette vil vere eit steg i retning av å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, og til ein pris alle kan betale. Så trur eg at vi må reversere noko av det som skjedde då bacheloren og masteren vart innført. Det må igjen bli mogleg å lese og studere på eiga hand for dei som vil og kan det, utan å måtte vere ein del av dagens regime med innleveringar oppgåver og tilstadevering. Det vil ikkje passe for alle, men korfor skal vi ha eit system? Kan ikkje kvar einskild av oss få lære slik vi gjer best, eller slik livssituasjonen vår gjer vi kan? Kanskje kan vi få eit systemmangfald som er tilpassa at folk er ulike?

 

Standard