Opiumvalmuer
Politikk

Lovleg narkotika?

Opiumvalmuer

Er den beste måten å stoppe narkotikaen på å gje bøndene eit alternativ til å dyrke opium? Biletet er frå ei lovleg avling i Tasmania. Foto Speedy_MSD/Flickr

I dag er narkotika ulovleg i så godt som heile verda. Det er nokre unntak. Du kan tygge koka i Bolivia, røyke hasj i Nederland og Portugal. Du kan nok og lovleg tygge khat i nokre land. Men, det er vel omtrent det. Likevel omset narkotikaindustrien for store summar. I 2005 reknar FN med at det vart omsett narkotika for 2115 milliardar kroner. Det gjer narkotika til verdas tredje største handelsvare i følgje Store Norske Leksikon.

Kampen mot narkotika er i stor grad ein fiasko. Bruken og produksjonen av narkotika går ikkje ned, men held seg ganske stabilt på global basis i følgje FN. Narkotika tar mange liv gjennom bruk, gjennom kriminalitet og gjennom «the war on drugs». 50 000 menneske er blitt drept i Mexico sidan 2006 som ein følgje av opptrappinga av krigen mot narkotika der.

Dette har fått mange til å hevde at det er på tide å legalisere narkotika. Kostnaden med krigen er så stor at det ikkje er verd det. Dessutan, er jo både alkohol og tobakk farlegare seier mange, men likevel lovleg.

Eg synst dette er ein besnærande tanke. Det kan godt tenkast at skatteetaten vil vere flinkare til å begrense narkotikaomsettinga i Noreg enn det politiet er. Det kan godt tenkast at å få omsettinga inn i ordna former vil redusere bruken, sjølv om eg ikkje trur det. All erfaring frå alkoholomsetting og bruk viser ein klinkande klår samanheng mellom tilgjengelegheit og bruk. (Derfor er det ganske fortvilande at byrådet i Tromsø vil ha totalt frislepp på alkoholomsettinga i byen, når vi veit kva problem alkoholen skaper). Eg reknar det som ganske sikkert at det blir meir enn eitt narkopol i Noreg.

Derimot eg trur vi kan seie ganske sikkert at å gjere narkotika lovleg vil redusere vald og ein del vinningskriminalitet.

Eg trur vi kan vere samde om to ting i denne debatten. Det første er at dagens narkotikapolitikk ikkje har fungert. Vi har ikkje klart å stoppe korkje bruk, import eller sal av narkotika. Vi har ikkje klart å fjerne overdosedødsfall og liknande.

Det andre eg trur vi kan vere samde om er at vi ikkje treng fleire rusmiddel i samfunnet vårt, vi treng ikkje den auka bruken legalisering av narkotika vil medføre. Samfunnet blir ikkje betre av det, og sjølv om rus kan vere behageleg blir vi ikkje lykkelegare over å kunne ruse oss oftare og sterkare.

På sett og vis kan det då verke som om valet vi står over for er å anten auke rusbruken her heime for å redusere valden i Mexico og andre stader, eller å halde fram som no.

Eg trur dette blir heilt feil tenkjemåte. Dersom vi skal stoppe narkotikaen må vi byrje ein heilt annan plass.

Kvar startar det heile? Kvar kjem hasjen, kokainet og heroinet frå? Dersom vi ser bort frå syntetiske narkotika kjem all narkotika frå ein bonde. Dei fleste av desse bøndene er fattige og bur i Burma, Afghanistan, Marokko, Bolivia eller Colombia. Nokre har og drivhus i kjellaren her i Tromsø, men det er ei anna gruppe.

Dersom vi då skal stoppe flaumen av narkotika er det vel ganske enkelt vi må stoppe bøndene. Til no har vi prøvd å gjere det gjennom å sprøyte markene, brenne avlingane og rive opp plantene.

Eg trur det finst betre måtar.

Så, mitt forslag til konklusjon er å bruke pengane vi i dag nytta på «war on drugs» på å gje bøndene god pris for andre varer enn narkotika, før vi går til legalisering.

Eg er i tvil i denne saka, men til dags dato er eg ikkje overtydd om at legalisering er lurt, men eg er overtydd om at dagens politikk ikkje er lur.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

 

Kim-Andre skriv interessant om saka her

Standard