Feature, Skole

Synkande kvalitet

Zett utanfrå hevdar i bloggen sin at det er ein stadig synkande kvalitet i norsk skole. Det blir som så ofte før når slike påstandar kjem fram ikkje vist til kjelder og heller ikkje sagt noko om etter kva kriterie kvaliteten er målt ut i frå. Utan at vi er tydeleg på kva vi måler, kor sikre målingane er, og kva vi ikkje måler er det vanskeleg å seie noko heilt sikkert om kvaliteten i skolen.

Elevar i hardt læringsarbeid. Foto: Baldur Blöndal/Wikipedia

Elevar i hardt læringsarbeid. Foto: Baldur Blöndal/Wikipedia

Det vi veit er at det har vore ein nedadgåande tendens i nokre internasjonale undersøkjingar. Det er ille og noko vi må ta på alvor. Men det vi og veit er at desse undersøkjingane ikkje er den heile og fulle sanninga om norsk skole. Skolen er mykje meir enn det som blir målt i PISA og liknande.  Eit viktig mål på kvalitet må jo mellom anna vere om det ein lærer er relevant for det arbeidet ein skal gjere seinare? Norske arbeidstakarar svarar i ei internasjonal undersøking at dei oppfattar utdanninga som relevant. Faktisk ligg vi på topp (ja, eg skal finne referansen, berre gje tol).

Vidare er det gjort mykje vesen ut av dei geografiske skilla i landet når det kjem til resultata på dei nasjonale prøvane. Faktum er jo at det eigentleg er usedvanleg liten skilnad. Med tre unntaket er ikkje spennet i 8. klasse større enn 2,8 til 3,3, der dei fleste fylka ligg midt i laget. Altså er hovudfunnet at det er stor grad av likskap over heile landet. Dersom vi hadde korrigert tala for skilnad i utdanningsnivå og inntekt hos foreldra, som vi veit betyr mykje for resultata, så er eg sikker på at skilnadene ville blitt enno mindre. Gjennomgåande er det slik at dei fylka med lågast utdanningsnivå generelt ligg nederst. Fylke som Finnmark og Østfold har eit lågt utdanningssnitt, og scorer dårleg på prøvane, Akershus motsett. Akkurat slikein kan forvente. Dersom dette er riktig – og det trur eg – så er det slåande kor likt det er.

Det er viktig å måle kvaliteten på skolane, i alle fall på systemnivå (dvs kommunenivå for grunnskolane og fylkesnivå for dei vidaregåande skolane) fordi veljarane har krav på denne informasjonen for å kunne vurdere om vi som politikarar gjer ein god jobb og som eit viktig premiss for den offentlege debatten. Vi må likevel vere tydelege på at ikkje alt blir målt – og heller ikkje alt av viktig kvalitet i skolen er målbar.

Standard