Forbanna

Eg slit med å skrive noko samanhengande i dag. Eg blir berre fortvilt og forbanna når eg ser korleis vi oppfører oss mot aylbarna i dette landet. Ei 12 år gamal jente blir henta ut av heimen sin av politi klokka halv to om natta. Korleis er det vi oppfører oss. Har vi ikkje eit minimum av anstendigheit? Litt folkeskikk?

Det fell så lett å ta til samanlikningar med korleis jødane vart tatt ei natt i 1942. Men vi treng ikkje den samanlikninga. Det er nok å vite at slik oppfører ein seg ikkje mot folk, mot barn. Det finst ingen grunn til å gå inn i eit hus om natta, med skremmande lommelykter og rive barn ut av sengene sine. Hadde det vore snakk om ein farleg lovbrytar, men eit barn.

Tilsvaranda har vi ei jente i Tromsø, Yalda heiter ho, der alle norske rettsprinsipp er satt til sides fordi utlendingestyresmaktene meiner ho er skummel. Yalda og familien vann mot UNE i retten. Men i staden for å akseptere det endrar UNE vedtaket sitt slik at familien må ut i ein ny rettsrunde. Eg trudde det skulle vere slik at domstolane kontrollerte forvaltninga, ikkje motsett. Dersom UNE kan endre litt på vedtaket sitt kvar gong dei taper ei sak i retten vil ein rettsprosess aldri bli ferdig. Familien blir halde i ein evigvarande prosess, verre enn noko Kafka kunne førestille seg.

«Noen måtte ha baktalt Josef K., for en morgen ble han arrestert uten at han hadde gjort noe galt.»,

første setning i Prosessen av Kafka

I 2007 fekk SV endra loven så barnas beste skulle telle, understreka i Stortingsmeldinga «Barn på flukt» i fjor, om Faremo ikke klarer iverksette dette må ho gå.