Olje, Økonomi

Oljeindustrien skvisar oss

Oljeindustrien, og dei som leverer til den har skapt stor rikdom i landet, men no er det i ferd med å gjere oss til ein for einsidig økonomi. Foto: Tim Thomsen/flickr.com/photos/hotpixelaction/182874330/

Audun Lysbakken (som forøvrig gjorde ein god figur på Debatten i kveld) hadde eit svært godt innlegg i Bergens Tidende den 9. august. Der seier han i korte trekk at oljeindustrien tiltrekker seg så mykje kapital og så mange flinke folk at resten av norsk industri slit. Han kunne og lagt til at oljeeksporten er med på å styrke den norske krona. Det gjev både tradisjonell industri og anna eksportnæring ein vanskelegare jobb.

Dette er i tråd med det eg og har argumentert for på denne bloggen mange gonger. Også NHO er samd i dette. Tor Steig, sjefsøkonom i NHO har sagt:

Det er nå tegn på at oljeklyngen fortrenger annen norsk konkurranseutsatt næringsvirksomhet gjennom særnorsk sterk kostnadsvekst og tilspisset kamp om den kvalifiserte arbeidskraften.

Ketil Solvik-Olsen misforstår dette. På bloggen sin latar han som at poenget er at offentleg sektor skal vekse. Det er heilt feil, poenget er å skape rom for utvikling i anna næringsliv. Vi treng mange bein å stå på i dette landet.

Så kallar det på eit skjeivt smil når Solvik-Olsen skriv i ei samanlikning med Nederland:

Problemet var at gassinntektene ble brukt til å blåse opp offentlige budsjetter og velferdsgoder. Tradisjonell industri tapte i konkurransen. Da gassinntektene tok slutt var statens økonomi ikke bærekraftig.

Eg må innrømme at eg trudde Frp var mot handlingsregelen og for å blåse opp offentlege budsjett. Det er i alle fall det dei seier i alle debattar. Vi får kanskje slutte å tru på dei i denne saka og? Enno artigare blir det når han i same bloggen vil ha meir innvandring til landet for å løyse problemet. Det må ein vel kunne kalle ein snuoperasjon frå Frp?

Så har Solvik-Olsen rett til slutt i innlegget sitt. Den regjeringa vi har no har hatt alt for høgt tempo i oljeutvinninga. Det å få ned den farta er nok ein grunn til at SV bør få større oppslutning i stortingvalet i 2013. Det at så mykje av kapitalen i Noreg går til oljeinvesteringar betyr at det blir mindre til investering i vegar, jernbane, skolebygg og sjukehus. Det er for dumt at vi skal køyre på dårlege, humpete og rasfarlege vegar fordi vi insisterer på å øydelegge både klimaet vårt og økonomien vår.

Eg har tidlegare skrive om korfor det er betre å spare i Haltenbanken enn på børsen og hurra for at NHO har forstått dette problemet.

 

Standard
Olje, Økonomi

Hurra for NHO

Det er ikkje så ofte du vil sjå ei sånn overskrift på denne bloggen. Men, no er det velfortent. I den siste kvartalsrapporten set NHO fingeren på ei av dei aller største utfordringane i norsk økonomi – olja.

Det er mange og sterke miljøargument mot det enorme oljeutvinningstempoet vi har i Noreg. Klimaendringane blir ikkje redusert, og norsk oljeutvinning er ikkje den mest miljøvenlege. Men, denne gongen skal det handle om økonomi. Lat oss sjå kva Tor Steig, sjeføkonom i NHO seier:

Det er nå tegn på at oljeklyngen fortrenger annen norsk konkurranseutsatt næringsvirksomhet gjennom særnorsk sterk kostnadsvekst og tilspisset kamp om den kvalifiserte arbeidskraften.

Det er sjølvsagt ikkje bra, kan du seie, men olja gjev oss store inntekter, og spesielt i Nord-Noreg vil olja vere med på å skape utvikling, kan du tenkje. Dessverre er det ikkje heilt slik. Veksten i oljeindustrien, også basert på det som skjer i Barentshavet kjem i hovudsak i Rogaland og Oslo. I alle fall dersom vi skal tru NHO. Dei skriv i rapporten sin:

Tosporsøkonomien gir store regionale forskjeller på arbeidsmarkedet. Oslo og Rogaland sto for 6 av 10 nye jobber i 2011 regnet netto. I januar var Rogaland det fylket som hadde sterkest vekst i antall utlyste stillinger i forhold til ett år tidligere.

Denne grafen frå rapporten viser dette tydeleg:

Altså, sysselsettingsveksten i den nye oljeprovinsen skal bli under gjennomsnittet. Vi ser og at tradisjonelle industrifylke som Østfold, Telemark og Agderfylka gjer det dårleg.

Eg synst Alf Holmelid seier det godt på bloggen sin:

Utviklinga av norsk oljerelatert leverandørindustri er ei suksesshistorie som vi må ta vare på. Men vi treng fleire bein å stå på. Skal vi få til det, må vi redusere det høge oljeutvinningstempoet. Viss ikkje kan vi få eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig over tid for andre deler av næringslivet. Verdiane på havbotn forsvinn ikkje om vi brukar lenger tid på å ta dei opp.

Det er altså slik at det vanvittige tempoet i oljeutvinninga trugar norsk økonomi. Kva skal vi leve av når olja tar slutt om all anna industri er borte?

Dag og Tid hadde ein god artikkel om denne saka for ei tid sida. Dei skreiv mellom anna:

Det første taket som vart vedteke for utvinninga, var at produksjonen i norsk sektor ikkje skulle overskride 90 millionar tonn olje. Dette målet var i starten svært romsleg, det tok tid å få opp ein produksjon som monna i Nordsjøen. Statsminister Gro Harlem Brundtland forsvarte målet slik i ein tale i 1981: «Går vi lenger, kan vår økonomi bli svært oljeavhengig og omstillingene gi for store sosiale kostnader.»

Så slik er det altså. I eit og same blogginnlegg ender eg opp med å vere samd med både NHO og Gro Harlem Brundtland. Korleis skal dette gå?

Eg veit ikkje heilt sikkert, men eg veit at det at så mykje av kapitalen i Noreg går til oljeinvesteringar betyr at det blir mindre til investering i vegar, jernbane, skolebygg og sjukehus. Det er for dumt at vi skal køyre på dårlege, humpete og rasfarlege vegar fordi vi insisterer på å øydelegge både klimaet vårt og økonomien vår.

I 1988 fastsette Stortinget eit tak på oljeinvesteringane på 25 milliardar i året. Allereie i 1993 var dei på 54 milliardar, i 2011 var dei på 142 milliardar. NHO meiner dei vil stige med 14 prosent i 2012. Stortingsfleirtalet har kapitulert, og lar Statoil styre norsk økonomi. Det kan aldri gå bra – i lengda.

Har nokon protestert på denne galskapen, spør du kanskje? Ja, eit parti har vore konsekvent mot denne vanvittige auken i oljeutvinning. Eit døme kan vere B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Der skreiv SV sin representant:

«Etter dette medlems oppfatning vil det være samfunnsøkonomisk mest korrekt å spare ved å la større deler av vår olje- og gassformue ligge igjen til framtidige generasjoner.»

Eg kunne ikkje vore meir eining. Men, kva trur du? Skriv gjerne meininga di i kommentarfeltet.

Og til slutt vil eg berre minne om:

Jepp det er arbeid som skaper verdiar. Olja gjer arbeid mindre lønsamt. (OK, det er ei spissformulering)

Standard