Politikk,Troms og Tromsø

Jernbane er eit nasjonalt prosjekt

Jernbane til Tromsø har vore ei av dei viktigaste sakene for meg så lenge eg kan huske. Som unge sat eg på rommet mitt og teikna trasear i ein gamal atlas til Tromsø, Kirkenes og ja til Lofoten. Det er fantastisk gledeleg å sjå den støtta prosjektet har frå folk og politikarar i Tromsø og resten av landsdelen.

Kjem toget snart?

Lokalpolitikarane køyrer facebookannonsar med støtte til prosjektet. Det er heilt vidunderleg gledeleg. Det gjev tru på at jernbanen kan bli noko av. Samstundes er det viktig å minnest at dei fleste av desse politikarane har ein stor jobb å gjere i eigne parti for å få gjennomslag. Enno har vi ikkje sett same entusiasmen frå leiande folk på Storting og i regjering. Så vidt eg veit er det berre SV som har programfesta bygging av jernbane til Tromsø og til Kirkenes (frå Rovaniemi). MdG er dei som kjem nærmast. Dei har programfesta ei konskvensutgreiing av jernbane til Tromsø. (Her gjorde eg ein feil. Eg er blitt gjort klar over at Raudt og har jernbane i programmet – beklager)

I SV heiar vi på alle som jobbar for Nord-Noregbanen, og eg håper verkeleg at alle dei som roper høgt haleluja no vil stå på i eigne parti. Der må kampen vinnast om vi skal få realisert prosjektet.

For ein nordnoregbane er ikkje distriktspolitikk. Det er ikkje ein politikk for Nord-Noreg. Det er eit nasjonalt prosjekt for binde landet saman og for å utvikle landet. Ein ny jernbane vil gje lettare tilgang til internasjonale marknadar for nordnorske bedriftar.

Men det vil og utvikle landsdelen. Ei reisetid på halvanna time frå Tromsø til Narvik og 3,5 tima Tromsø til Bodø vil skape ein heilt ny region og nye lokale marknader, bu- og arbeidsregionar. Det vil binde oss saman. Til samanlikning tar det 3,5 tima å køyre til Narvik og over åtte timar til Bodø. Ein jernbane vil gjere Bodø, Narvik, Harstad og Tromsø større, men vil og gje alle stadane rundt byane ein større arbeidsmarknad og legge grunnlaget for ny vekst.

For SV er nordnoregbanen eit nasjonalt prosjekt, for å styrke Nord-Noreg og heile landet.

Standard
Feature,Politikk

Nordområdestrategien til regjeringa

I dag var eg å høyrde på at regjeringa la fram den nye nordområdestrategien sin. Eg fekk ikkje med meg alt, fordi eg er i pappaperm, og ho eg har ansvaret for fann det for godt å bæsje mitt under framlegget. Det var ikkje ein kommentar til strategien. Tvert i mot. Du kan som eg sjå framlegget her.

Kristin Halvorsen seier i pressemeldinga frå regjeringa:

– For meg er det avgjørende at miljø står i forgrunnen i nordområdesatsingen, og vekten på et kunnskapsløft for landsdelen er også helt i tråd med våre prioriteringer.

Dei tre partileiarane i den raud-grønne regjeringa la fram nordområdestrategien i Tromsø i dag. Foto: Bent Sønnvisen

Dei tre partileiarane i den raud-grønne regjeringa la fram nordområdestrategien i Tromsø i dag. Foto: Bent Sønnvisen

Dette er eg glad for. Det er bra at miljø er ein samlande tråd gjennom strategien. Så er det sjølvsagt mykje eg kunne ønska meg frå regjeringa på miljøsida som ikkje kom denne gongen. Jernbanen til Tromsø skal utgreiast, ikkje byggast. Det vart heller ikkje sagt noko tydeleg om brems i oljeutvinninga i nord. Dette må likevel ikkje overskygge alle dei gode tinga i meldinga. Her er konkrete ting til forsking, veg, satsing på marin bioprospektering og utvikling av mange andre næringar i nord en  olje. Fleire bein å stå på er ein viktig føresetnad for å kunne stoppe oljemarerittet.

Heile meldinga frå regjeringa kan du laste ned i pdf her. Dei legg opp til sju hovudstrategiar i meldinga:

  1. Utvikle kunnskap om klima og miljø
  2. styrke overvaking, beredskap, og sjøtryggleik i dei nordlege havområda.
  3. Stimulere til bærekraftig utnytting av petroleumsressursane og fornybare ressursar til havs
  4. Fremje landbasert næringsutvikling i nord
  5. Vidareutvikle infrastrukturen i nord
  6. Oppretthalde fast suverenitetshevding og styrke samarbeidet over grensene i nord
  7. Trygge livsgrunnlaget og kulturen til urfolk

Dette er seks gode strategiar. Så får vi håpe at eit sterkt SV etter valet kan endre på strategi tre slik at ikkje olje blir hovudfokuset.

Noko som er svært viktig understrekar VG og i dag. Dei skriv:

Regjeringen ønsker også å videreutvikle kunnskapsmiljøene i Tromsø til et internasjonalt ledende senter for forskning på klima og miljø, og styrke overvåkingen av aktiviteten i Barentshavet.

Dette gler eg meg til.

Kva meiner du må inn i ein kraftfull nordområdestrategi?

Standard
Miljø,Politikk,SV,Troms og Tromsø

Stort trykk bak jernbaneutbygging

Odd Richard Olsen hadde onsdag 13. februar ein god kommentar om satsinga på jernbane i Nord-Noreg. Eg er svært glad for at Harstad Tidende nyttar dyrebar spalteplass på å sette trykk bak eit krav om alternative transportformar i nord. Det er ingen tvil om at vi i framtida ikkje kan basere oss på vegtransport på same måte som i dag.

Eg vil likevel knytte eit par kommentarar til det Olsen skriv, i og med at eg blir direkte utfordra. Eg sit no som fylkesråd og er er svært glad for at fylkeskommunen gjennom RDA-midla har tatt ansvar for å forsere arbeidet med ei planlegging av ein bane mellom Narvik og Tromsø med eventuelle sidebanar når staten dessverre ikkje har gjort det den burde.

Olsen kan vere trygg på at Troms SV bruker alle kanalar for å påverke våre representantar i denne saka. Men tilbake til det som skjer i Troms. Fylkeskommunen er no inne i eit samarbeid med Bardu kommune om ei konsevensutgreiing av ei baneløysing. Det er sett av åtte millionar til denne utgreiinga. Dette vil kunne bli eit beslutningsgrunnlag for regjeringa når dei skal ta stilling til den vidare utviklinga. Fylkesrådet vil og utfordre regjeringa til å gå saman med oss om denne utgreiinga. I tillegg har fylkestinget sagt at fylkeskommunen skal vere planstyresmakt for ei jernbaneutbygging.

Dette betyr at Troms fylkeskommune tar ansvaret for å halde oppe trykket på bygging av jernbane. Som fylkesråd for SV er eg svært godt nøgd med dette.

Standard