Internasjonalt, Klima, Olje, Politikk, Russland

Arktis blir varmare

Nei, eg snakkar ikkje om klimaendringar denne gongen. Det kunne eg nok gjort. Nordvestpassajen er open igjen i år og isen er tynnare enn nokon gong. Men, nei, denne gongen handlar det om det internasjonale landnåmet (sjøbotnnåmet) som foregår der.

Havrettstraktaten gjev landa rundt polbassenget ein frist fram til 2014, eller tidlegare om dei ratifiserte traktaten før 2004, til å fremme krav om kontroll over kontinetalsokkelen. Det betyr at vi no framover får ei mengde krav. Noreg har allereie lagt fram sitt krav, Russland, Canada og Danmark (Grønnland) er på veg. Det er usikkert korleis USA vil gå fram, dei har ikkje ratifisert Havrettstraktaten slik dei andre landa har gjort.

Det er ingen tvil om at fleire av krava vil overlappe kvarandre. Heilt sikkert er det at meir enn eitt land vil gjere krav på sjølve polen. Når isen no er i ferd med å bli borte, samstundes med at US Geological Service hevdar at det er store forekomstar av olje og gass i området, så ligg det til rette for kappløp og konflikt. Vi må berre håpe at desse konliktane ikkje eskalerer til væpna konflikt.  Dose.ca skriv:

In the latest sign of the rising international political stakes in the Arctic, the top U.S. Coast Guard official has revealed a planned shift in American foreign policy from scientific research to «sovereignty» and «security presence» in Alaskan waters bordering Canadian and Russian

vidare

«The primary mission right now is the maritime boundary line with Russia – keeping foreigners from stealing Alaskan fish,» Rear Admiral. Gene Brooks, head of the U.S. Coast Guard’s operations in Alaska, told the radio network.

og

…prompted the Conservative government to promise a new year-round icebreaker for Arctic waters and a fleet of up to eight ice-reinforced patrol boats.

Vi skal likevel vere forsiktige med å sjå på desse konfliktane som noko som vil foregå mellom aust og vest. Kaldkrigsbrillane må leggast heime. Potensialet for usemje er like stort mellom Canada og USA, Canada og Danmark som konfliktpotensialet mellom Russland og dei andre.

Likevel, the Telegraph skriv at:

As the polar powers have got out their maps in the last couple of years, four of them – Norway, Denmark, Canada, and the USA – have made the unpleasant discovery that the fifth – Russia – is far ahead of the game. As Russian forces consolidate their grip on her messy southern frontier in the aftermath of the war with Georgia, her diplomats, oilmen and military have been pressing their advantage in the north, a border region which is on a far vaster scale but equally confused and disputed.

Cleo Paskal, an Assistant Fellow at Chatham House and an expert on how climate change will affect borders, said: «The Russians have a big head start. Their nuclear submarines have been all over the Arctic for decades, they have 16 icebreaking ships to the Americans» four, they have a lot of experience and a lot of the right gear.

Så, mens alle landa oppgraderer millitæret sitt i nordområdeøyemed, så får vi berre håpe at dei metodane som ligg i Havrettstraktaten for å handtere konfliktar og løyse dei vil vise seg å vere robuste nok til å handtere denne situasjonen.

Standard
Ikkje politikk, Troms og Tromsø

Er Oslo ein del av Noreg?

Det er underleg å høyre på eldste guten min av og til. Ofte når han leikar, legg han om til eit slags oslomål. Eg skuldar på Barne-TV, filmar og liknande (korfor er det så få som snakkar anna enn austlandsk i filmar for barn?). I alle fall i dag laga han bæsjesuppe, og det skjedde på austlandsk. Lettare irritert påpeikte eg at han kanskje kunne snakke ordentleg, og ikkje knote. Svaret kom kontant:

— Men pappa, vi leika at vi ikkje er i Norge.

— Å, kor dokk er då, spurte eg.

— Vi er i Oslo, kom sluttkommentaren.

Standard
Internasjonalt, Olje, Politikk

Russland, val og Weimar

Søndag er det val i Russland. Valet er ikkje særleg spanande. Det er klårt at Dimitrij Medvedev kjem til å bli valt til president.Dmitrij Medvedev, sannsynlegvis den neste presidenten i Russland

Russland har endra seg mykje dei åtte åra Vladimir Putin har vore president. Landet er enno ikkje rikt, men samanlikna med byrjinga av 90-talet har landet tatt stormsteg framover. Det er i hovudsak olja og andre naturressursar som har brakt Russland på fote igjen. Dei høge prisane har gjeve alvorleg fart på den russiske økonomien. Det er ikkje meir enn 10 år sidan den russiske økonomien var så dårleg at dei ikkje kunne betale utanlandsgjelda si, no er landet gjeldsfritt. I dag er BNP per innbyggar oppe på 9000 dollar mot 2000 dollar i 1998. Dette er likevel ikkje høgare enn det var i 1989. I den same perioden er gapet mellom dei rikaste og dei fattigaste auka monaleg, skriv den nyliberalistiske avisa The Economist .

Samstundes skjer det ting i Russland som ikkje er positive. Den estiske presidenten Toomas Hendrik Ilves samanliknar situasjonen i dagens Russland med Tyskland under Weimarrepublikken. I følgje Moscow Times seier Ilves: «There is a mentality of being stabbed in the back that reminds me of the Weimar republic. The Weimar mentality … is so similar that I really hope that we do not go off in the wrong direction»

Dette er skummelt om han har rett. Det er ingen tvil om at Russland viser ein del trekk som ikkje er positive, for å vere svært forsiktig i formuleringane. Krigen i Tsjetsjenia er sjølvsagt det verste eksemplet, men måten vernepliktige soldatar blir behandla er ille, den agressive nære utanrikspolitikken andsynes Georgia, og andre er og ille. Eller meir mundane ting som råkar folk i kvardagen. Transperancy International ranger Russland på 143 plass i verda når det kjem til korrupsjon (1 er minst korrupt) dårlegare enn land som Niger, Syria og Etiopia.

Desse sakene (spesielt krigen i Tsjetsjenia) gjer at ein godt kan stille seg spørsmålet: «Held vi USA til ein høgare moralsk standard enn andre?» Korleis ville demonstrasjonane sett ut om dei amerikanske overgrepa i Irak og Afghanistan var i nærleiken av å vere så store som dei russiske overgrepa i Tsjetsjenia? Det er vel ingen tvil om at det ikkje ville vore berre i SV vi diskuterte om Noreg skulle delta i krigen i Afghanistan. Men ein ekspansjonistisk og imperialistisk utanrikspolitikk er ikkje Russland og USA åleine om. Dagbladet skriv at: «NUPI-forsker Indra Øverland mener Jens Stoltenberg ikke framstår som noe mindre imperialistiske enn Russlands president Vladimir Putin.» På same måte som Russland plantar flagget sitt på nordpolen, prøver også Noreg å utvide land- og havområda sine, både i nord og sør. Er det verkeleg slik at det er storleiken som er den største skilnaden mellom Noreg, Russland og USA.

Standard