Feature, Kollektivtrafikk, Miljø, Politikk, SV

Vegar, jernbane, SV og Nasjonal transportplan

Klimaendringane og behov for transport for folk er dei to tinga som vi må planlegge for når vi diskuterer vegar, jernbane og fly. For å kunne ta klimaendringane på alvor og samtidig gje folk eit godt transporttilbod vil SV satse på jernbane i sentrale strøk og gode vegar i distrikta.

Med SV kan vi få sjå slike i Troms og! Foto: Wikipedia

Med SV kan vi få sjå slike i Troms og! Foto: Wikipedia

Eg er svært glad for det vedtaket landsstyret har gjort i dag. Landsstyret har blant anna sagt i innleiinga til saka :

Landsstyret i SV vil øke satsingen på samferdsel de neste ti åra. All økning bør gå til klimavennlig transport. Investeringer og tiltak må fordeles rettferdig og tilpasses regionale forskjeller i et langstrakt land.

  • SV vil mer enn doble investeringene i jernbane, kollektivtrafikk og sykkelveier, og redusere investeringene i veier i sentrale strøk.
  • SV vil øke innsatsen til oppgradering av veier og ferjetilbud i distriktene.

Dette viser ei retning som eg kan stille meg bak. Vi viser til at dei store transportutfordringane i dei sentrale områda i landet må løysast gjennom klimavennlege løysningar som tog, buss og anna bane, samstundes som SV ser behovet for betre vegar i distrikta der verken buss eller tog er eit reelt alternativ.

Det betyr ikkje at SV ikkje ser at tog kan bli viktig i Nord-Noreg og. Vi går inn for å planlegge for å bygge jernbane til Tromsø frå Ofotbanen og frå Kirkenes til Nikkel. Dette vil koble store delar av Nord-Noreg til det europeiske og asiatiske jernbanenettet og bety ein revolusjon for interntrafikken i Troms. Dette er å ta distrikta og klimaet på alvor på same tid.

Ei av dei største utfordringane vi har innafor transportsektoren er rasfaren langs mange vegar. Eg er derfor glad for at landsstyret i SV gjekk inn for ein vesentleg auke i løyvingane til rassikring. Det trengst, utfordringane berre i Nord-Noreg er på nesten 10 milliardar og eg tør ikkje tenke på kva det vil koste å rassikre Vestlandet. Store summar trengst!

No har SV vedtatt sine overordna meininger om Nasjonal Transportplan for perioden 2010 til 2019. No startar drakampen om konkrete veg og jernbanestrekningar.

Kva meiner du er den viktigaste satsinga.

VG har rapportert om saka her

Standard