Ny arbeidsplassar i nord

Harstad 5.aug 2009 009_skalert
Førstekandidatane til SV i Nord-Noreg var i Harstad 5. august og besøkte Hydra Tidal. Samde om ei stor satsing på fornybar energi. Frå venstre Krisrsti Bergstø, Lena Jensen og Geir Ketil Hanssen. Foto: Hogne wikeland

Oljenæringa er ei solnedgangsnæring og kan ikkje bære Noreg framover. Sakte men sikkert vil andre næringar måtte ta over. Då er det viktig for Nord-Noreg å vere i første rekke i dei nye næringane, der dei nye arbeidsplassane blir skapt. Vi har ofte mykje å lære av Vestlendingane om å satse framtidsretta og langsiktig.

Det minner meg om ei lita historie las i Rubicon av Agnar Mykle ein gong. Før motoren si tid var vist møringane dei beste til å ro. Dei einaste som kunne slå dei i roing var nordlendingane, men berre over eit kort stykkje og om det sto kvinnfolk i fjæra og såg. Den nordnorske trua på at oljenæringa skal skape tusenvis av arbeidsplassar er den moderne versjonen av denne historia.

No, når oljetida går mot slutten skal vi satse og gire næringslivet mot noko som snart er over. Då nyttar det ikkje om kvinnfolka vinkar aldri så mykje – vi må bli betre på den langsiktige satsinga. Nokre tal kan underbygge dette. I troms jobbar det 519 personar i petroleumsnæringa, i Finnmark er talet 260. I perioden frå 2000 til 2007 auka Rogaland sin andel av dei tilsette i petroleumsnæringane (tal frå SSB, Rapporter 2009/7). Dette skjedde samstundes med utbygginga av Snøhvit. Oljenæringa er ikkje på veg nordover.

Det kan bli ein liten sysselsettingsvekst i nord knytt til petroleumsnæringa, men å tru at dette er framtidsnæringa er feil. Til samanlikning jobbar det nesten sju gonger fleire i fiskerinæringa i Troms enn med olje, ni gonger fleire med turisme og det er tre gonger fleire bønder i Troms enn personar som jobbar i petroleumsnæringa. Erna Solberg seier til oilinfo.no at det er viktig for arbeidsplassane på Vestlandet at det blir oljeboring utanfor Lofoten Vesterålen.

Men Vestlendingane har skjønt at framtida ligg andre plassar enn i oljen. Dei store vestlandske kraftselskap har samla seg i selskapet Vestavind Offshore as for å satse på vindkraft. Kraftnytt.no rapporterer at:

«Rune Birkeland, administrerende direktør i Grieg Logistics, tror offshore vindkraft kan gi store positive ringvirkninger for næringslivet på Vestlandet.

– Vi har blitt eksperter på offshore virksomhet gjennom erfaringen fra oljevirksomheten. Kobler vi vår ekspertise med utenlandsk kompetanse på vindturbiner, kan vi skape mange arbeidsplasser, sier Birkeland, som også er styremedlem i Norwind, et selskap som fokuserer på offshore vindkraft.»

Vi har ikkje tid til å gå omvegen om oljenæringa for å skaffe oss kompetanse på dei nye energiformane. Vi må hoppe bukk over olja for å vere med på det nye. Satsar vi på olje no blir vi sittande i fjæra medan verda går vidare.

Kva skal vi satse på?

Eit godt eksempel på kva Eg og vi i SV vil satse på er den utviklinga av tidevasskraft som skjer i Harstad. Toppkandidatane til SV i Nordland, Troms og Finnmark besøkte Hydra Tidal no i august. Lena Jensen, SVs førstekandidat i Troms uttalte den gongen til NRK:

– På syttitallet bygget Norge opp oljeindustrien og fikk pengene hit. På samme måte ønsker SV nå å bygge opp fornybar energiindustri, og vi vil satse spesielt i Nord-Norge.

– Da er det viktig at vi sikrer at Hydra Tidal, som ligger fremst i verden på tidevannskraft, får de pengene de trenger. For det er akkurat her den nye industrien og de nye massive arbeidsplassene skal komme i Nord-Norge i framtida, og ikke innenfor olje.

Dette er SVs satsing. Les gjerne meir om SVs næringssatsing i Arbeidsprogrammet vårt, du finn det her.

Meiningsmåling, olje og stortingsval

Tysdag i den stille veka hadde Bladet Tromsø ei meiningsmåling for Troms. Denne målinga var interessant på fleire måter. Ein ting var resultatet av målinga, noko anna er at Bladet Tromsø vel å ikkje gje opp feilmarginane i målinga.

maling
Meiningsmålinga i Bladet Tromsø kan gje ulikeresultat innafor feilmarginane. Foto: Faksimile av Bladet Tromsø 7. april

Dette at feilmarginane ikkje er gjeve opp gjer det vanskeleg å tolke denne målinga. Det er vanleg i ei måling på dene storleiken at det er ein feilmargin på tre til fire prosent for dei største partia og 1,5 til 2,5 for dei minste partia. Kva tydeer dette. Jo det tyder at det er like sannsynleg at Frp har 30,6 prosent som at dei har 38,6 prosent oppslutning i Troms. Tilsvarande for AP er 28,5 til 36,5. Ut frå dette kan det bli store skilnader i mandatfordelinga.

Dersom vi konstruerer eit worst case scenario kan det sjå ut som dette:

Parti Resultat 1,4 3 5 7
AP 29,5 21,07 9,83 5,9 4,21
Frp 37,6 26,86 12,53 7,52 5,37
Høgre 10,5 7,5 3,5 2,1 1,5
SV 7 5 2,33 1,4 1
SP 4,6 3,29 1,53 0,92 0,66

I dette scenariet ser vi at Frp stikk av med tre mandat, Høgre eitt og Ap to av dei seks faste mandata. Dersom vi skulle rekne inn utjamningsmandatet (som det er vanskeleg å gjere fordi dei blir avgjort nasjonalt) så er Ap nærmast til å ta dette.

På den andre sida kan vi og konstruere eit best case scenario, som vil bli noko slikt som dette:

Parti Resultat 1,4 3 5 7
AP 35,5 25,36 11,83 7,1 5,07
Frp 31,6 22,57 10,53 6,32 4,51
Høgre 7 5 2,33 1,4 1
SV 10,5 7,5 3,5 2,1 1,5
SP 8,1 5,79 2,7 1,62 1,16

Det interessant er at om ikkje eg har misforstått statestikken heilt er begge desse to scenaria like sannsynlege som det som vart presentert i avisa. I best case scenariet tar Ap tre mandat, Frp to og SV eitt. Vi kan altså sjå at innafor feilmarginane kan to av seks mandat bytte parti – ein tredjedel kan vere feil.

Den konklusjonen vi kan trekke av dette er at dersom vi skal tru målinga er fire av seks mandat i Troms det vi kan kalle sikre. Det skal eit politisk jordskjelv til for at ikkje Ap og Frp skal få minst to mandat kvar. Det betyr at det er to mandat igjen å kjempe for (pluss lotto-mandatet, altså utjamningsmandatet). Det er fire parti som slåst om dei to siste mandata. SV, Ap, Frp og Høgre står omentrent likt i denne kampen. Senterpartiet er ein slags dark horse, men er ganske langt unna i alle dei scenarioa vi kan konstruere ut frå denne målinga.

SV – som eg er mest opptatt av – manglar 0,15 prosent på målinga slik ho er presentert i Bladet Tromsø på å ta eit av direktemandata. Det tilsvarer 130 stemmer om valdeltakinga i Troms blir som sist. Den siste dagen kan bli viktig også ved dette valet. Eg er ikkje forundra om det er like tett i mange andre fylke. Kvar stemme vil telle også ved valet til hausten.

Forøvrig er eg glad og stolt over at 40 prosent av nordlendingane set miljøet høgast og går mot oljeutvinning.

Nordområdestrategien til regjeringa

I dag var eg å høyrde på at regjeringa la fram den nye nordområdestrategien sin. Eg fekk ikkje med meg alt, fordi eg er i pappaperm, og ho eg har ansvaret for fann det for godt å bæsje mitt under framlegget. Det var ikkje ein kommentar til strategien. Tvert i mot. Du kan som eg sjå framlegget her.

Kristin Halvorsen seier i pressemeldinga frå regjeringa:

– For meg er det avgjørende at miljø står i forgrunnen i nordområdesatsingen, og vekten på et kunnskapsløft for landsdelen er også helt i tråd med våre prioriteringer.

Dei tre partileiarane i den raud-grønne regjeringa la fram nordområdestrategien i Tromsø i dag. Foto: Bent Sønnvisen
Dei tre partileiarane i den raud-grønne regjeringa la fram nordområdestrategien i Tromsø i dag. Foto: Bent Sønnvisen

Dette er eg glad for. Det er bra at miljø er ein samlande tråd gjennom strategien. Så er det sjølvsagt mykje eg kunne ønska meg frå regjeringa på miljøsida som ikkje kom denne gongen. Jernbanen til Tromsø skal utgreiast, ikkje byggast. Det vart heller ikkje sagt noko tydeleg om brems i oljeutvinninga i nord. Dette må likevel ikkje overskygge alle dei gode tinga i meldinga. Her er konkrete ting til forsking, veg, satsing på marin bioprospektering og utvikling av mange andre næringar i nord en  olje. Fleire bein å stå på er ein viktig føresetnad for å kunne stoppe oljemarerittet.

Heile meldinga frå regjeringa kan du laste ned i pdf her. Dei legg opp til sju hovudstrategiar i meldinga:

  1. Utvikle kunnskap om klima og miljø
  2. styrke overvaking, beredskap, og sjøtryggleik i dei nordlege havområda.
  3. Stimulere til bærekraftig utnytting av petroleumsressursane og fornybare ressursar til havs
  4. Fremje landbasert næringsutvikling i nord
  5. Vidareutvikle infrastrukturen i nord
  6. Oppretthalde fast suverenitetshevding og styrke samarbeidet over grensene i nord
  7. Trygge livsgrunnlaget og kulturen til urfolk

Dette er seks gode strategiar. Så får vi håpe at eit sterkt SV etter valet kan endre på strategi tre slik at ikkje olje blir hovudfokuset.

Noko som er svært viktig understrekar VG og i dag. Dei skriv:

Regjeringen ønsker også å videreutvikle kunnskapsmiljøene i Tromsø til et internasjonalt ledende senter for forskning på klima og miljø, og styrke overvåkingen av aktiviteten i Barentshavet.

Dette gler eg meg til.

Kva meiner du må inn i ein kraftfull nordområdestrategi?

Sju av fjorten frå nord

Eg vil gratulere Natur og Ungdom med val av nytt sentralstyre. Sju av dei 14 i sentralstyret er frå Nord-Noreg. Det er eit godt utgangspunkt for den viktigaste miljødebatten i Noreg – skal vi bygge ut olje utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. No bør NU vere godt rusta til å bidra til at vi vinn denne debatten.

Natur og Ungdom er ein viktig organisasjon i miljøkampen i Noreg, mellom anna for å få stoppa Goliat.
Natur og Ungdom er ein viktig organisasjon i miljøkampen i Noreg, mellom anna for å få stoppa Goliat.

Eg har tidlegare skrive om oljeutvinning på denne bloggen, mellom anna her. Vi nærmasr oss ein valkamp der dette kjem til å bli ein svært viktig debatt. SV i Troms er heilt klåre på at vi ikkje treng vinne ut meir olje i dag. Vi er glade for å ha ein god alliert i Natur og Ungdom.

Natur og Ungdom har lage ein presentasjonsvideo av seg sjølv. Ta ein titt:

Eg trur det er grunnleggande viktig at vi får eit samspel mellom miljøorganisasjonen og partia i perioden framover, spesielt fordi SV er delvis bunden av å sitte i regjering av kva vi kan seie offentleg. Eg ser fram til tøffe krav frå NU framover. Saman skal vi stoppe utbygging i dei sårbare områda våre.

Goliat, olje og dissens

Det italienske oljeselskapet ENI har no lagt fram konsekvensutgreiinga for utbygginga av goliatfeltet utanfor Finnmark. Goliatfeltet ligg svært nær land og nært det store fuglefjellet Gjesværtappan. Det er eit felt som vi ikkje treng bygge ut. Det er berre 48 kilometer frå Goliat og inn til land. Olja vil bruke vel eit døgn på turen, og vi har ikkje beredskap til å stoppe dette.

Frivillige rensar opp etter Prestige i Galicia. Vi treng ikkje slike scenar frå Finnmarkskysten. Foto: Wikipedia/User:Viajero/http://tinyurl.com/6fsp2r
Frivillige rensar opp etter Prestige i Galicia. Vi treng ikkje slike scenar frå Finnmarkskysten. Foto: Wikipedia/User:Viajero/http://tinyurl.com/6fsp2r

Eg skulle vore med på å bygd ut olje om det var slik at vi trengte pengane i dette landet, eller fordi det var mangel på energi i verda. Slik er det ikkje. For å sitere meg sjølv:

Det er no på tide at vi tar lærdom av det som skjer på børsane i verda og sparer olja og gassen – ikkje som pengar, aksjer og obligasjonar, men som hydrokarbonar på botn av havet. Der ligg ressursane trygt. Det er lenge sidan det var krakk i Nordsjøen eller Barentshavet.

Derfor tok eg og SV dissens i fylkesrådet i denne saka i dag (referatet finn du her). I eit parlamentarisk styresett som det vi har i Troms er dissens ei alvorleg sak – og det er første gong eg har vore med på dette sida eg kom inn i fylkesrådet hausten 2006. Utbygging av olje og gass er ei alvorleg sak. Eg er litt fortvilt over at AP ikkje kan sjå at meir olje ikkje er det verda treng akkurat no. Eg hadde jo håpa at AP skulle følgje AUF-leiaren frå Harstad. Han er medforfattar i ein kronikk i Dagbladet som heiter Stopp Goliat. I kronikken skriv han og fleire andre:

Det å åpne for utvinning av olje og gass på Goliat-funnet er et startskudd for å åpne Barentshavet for oljeindustrien. Det gjør at kampen om Goliat ikke bare er kampen om ett enkelt oljefunn, men om et helt havområde. Vi mener Norge har inngått internasjonale forpliktelser som gjør det umulig for oss å bygge ut: både gjennom våre Kyoto-forpliktelser og gjennom at vi har ratifisert Konvensjonen for biologisk mangfold som pålegger nasjonalstater å stoppe tap av biologisk mangfold innen 2010.

SV vil halde fram med å kjempe mot utbygginga av Goliat. Og vi har enno eit ørlite håp om at fylkestinget vil snu i denne saka.

Meir:

  • Troms SV si pressemelding finn du her
  • Nordlys skriv om saka her
  • Konsekvensutgreiinga til ENI finn du her
  • Referatet frå fylkesrådsmøtet finn du her

Gratulerer Grønland

I går stemte meir enn 75 prosent av grønlendarane ja til auka sjølvstyre. Det var berre ein valkrets som hadde nei-fleirtal. VG skriv at fleire grønnlendarar ser dette som eit steg mot sjølvstende. I Danmark er avrøystinga blitt helsa velkommen av statsminister Anders Fogh Rasmussen. I følgje Jyllandsposten seier han: – Forslaget om grønlandsk selvstyre har bred politisk opbakning i Grønland såvel som i Danmark.

Verdas største øy tar eit nytt steg mot sjølvstende. Foto:NASA/Wikipedia
Verdas største øy tar eit nytt steg mot sjølvstende. Foto:NASA/Wikipedia

Det blir spennande å sjå korleis dette utviklar seg. Viktige spørsmål blir jo om Grønnland har nok folk til full sjølvstendigheit. I dag bur det ca. 57 000 menneske på Grønnland. Sjølvstende krev sjølvsagt ein heilt annan økonomi enn det Grønnland treng i dag. Grønnlendingane håper at olje funnen utanfor kysten av Grønnland skal gjere dette muleg. Dette vises og gjennom denne uttalelsen frå Johan Motzfeldt i det sosialdemokratiske partiet Siumut: Det første område vi skal hjemtage, er råstofområdet. Det skal vi have det fulde ansvar for. For nu har vi lovmæssigt retten til det. Derefter skal der sættes et program for, hvordan vi udnytter det økonomisk bedst muligt for Grønland. Sermitsiaq skriv i ein annan artikkel:

Dagen først den vejledende folkeafstemning om selvstyre, hvor fordelingen af fremtidens forventede råstof-indtægter har spillet en altoverskyggende rolle, underskrev det skotske selskab Cairn Energy PLC, det dansk/grønlandske selskab Nunaoil A/S og landsstyremedlem for råstoffer Kim Kielsen to nye olielicenser i havet ud for Sydgrønland.

Det er den danske nasjonalforsamlinga som tar endeleg stilling til kva som no skal overførast til dei grønlandske sjølvstyremaktene gjennom endringa av grønnlandsloven. Dersom du er interessert i resultata for einskildskretsane finn du her.