Feature, Miljø

Opel insignia

I dag fekk eg opelmagasinet i postkassa. Det tar til å bli ei stund sida eg kvitta meg med opelen, men bladet kjem framleis. Av og til kan det vere artig å lese litt bil, og eg sett meg ned og leste bladet under barne-TV. Bladet var brukt til ei lansering av nye Opel insigna. Bilen var flott. Dreiemomentet er visstnok bra og motoren yter heile 220 hestekrefter. Det er ikkje ille for ein familiebil. Men ikkje ein einaste plass stod det noko om utsleppa av CO2.

Opelbladet er ikkje så interessert i miljø

Opelbladet er ikkje så interessert i miljø

Faktisk er det slik at eg berre fann ordet miljø berre på nest siste sida og då i eit sitat frå det britiske magasinet Auto Express.

Eg kunne kanskje sett med ned å rekna ut kva CO2-utslepp som vil bli følgja av forbruket, men det kan då ikkje vere meininga. Eg er direkte forundra over at Opel meiner eg bør få vite at bensinen blir spruta inn i motoren under eit trykk på 155 bar, men ikkje skal få vite kor mykje CO2 som kjem ut i andre enden. Er det viktigare å vite at dreiemomentet er på 350 Nm enn korleis maskinen vil påverke miljøet? No kunne eg kanskje stolt på motornamna, dei heiter slik som 2.0 Turbo ECOTEC, og eg reknar med eco har med økologi å gjere. Men kvar er tala?

Eg synst dette blir ekstra forunderleg fordi heile bladet gjev eit slags biologisk og miljøvennleg inntrykk. Det er eit kraftig fokus på kva Opel har lært av naturens evolusjon, bionikk og liknanda. Men korfor skal eg ikkje då få vite korleis bilen påverkar naturen?

Forøvrig liker eg bilen, og han er allereie kåra til årets bil for 2009. Det kan ein jo og lure på.

Standard