Feature, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Opplæringstilbodet i Troms til hausten

På tysdag skal fylkesrådet fastsette opplæringstilbodet i den vidaregåande skolen i Troms for skoleåret 2009/10. Det er ikkje noko lystig affære. Dei vidaregåande skolane i Troms ser ut til å få eit underskott i 2009 på 28 millionar i år. Då må vi dessverre redusere på marginale og små tilbod for å prøve å komme i balanse. Det opplæringstilbodet vi foreslår vil føre til innsparingar på 8,9 millionar (heilårsverknad). I tillegg tilfører vi 13 friske millionar til utdanning i 2009. Det gjev oss eit håp om å komme i balanse i 2009. Samstundes er det ikkje noko tvil om at vi i budsjettet for 2010 må vurdere grundig om vi må flytte pengar frå samferdsel til utdanning for å ha råd til å gje eit godt vidaregåande opplæringstilbod til ungdomen i Troms.

Dessverre er det og slik at når økonomien er det viktigaste styringsverktyet (slik det er i Tromsskolane akkurat no) så er det ofte distrikta som blir hardast ramma. Det er der det er færrast elevar og dermed flest tilbod med få elevar. Det fører til at Nordreisa vgs mister mange fag, spesielt innafor formgjeving og design. Det er trist. Også ved Skjervøy vgs blir to fagtilbod kutta. Vg2 Maritime fag og vg2 Produksjonsteknikk, desse tilboda hadde ein og to søkjarar. Samtidig er det slik at dersom vi hadde latt økonomien vere det einaste styrande burde vi kutta fleire tilbod ved Skjervøy. Det gjorde vi ikkje. Vi kan aldri la økonomien bli det einaste styrande. Hadde vi kutta meir hadde vi fjerna sjølve livsgrunnlaget for skolen. Det ville hatt store konsekvensar for eit Skjervøysamfunn som allereie slit. Lærarane på vidaregåande skole bidrar med stor kompetanse og OK løn inn i sine lokalsamfunn. Det må vi prøve å ta vare på. I trange økonomiske tider forsøker vi etter beste evne å ta vare på distriktsskolane.

Også ved Indre Troms vgs. – skolestad Sjøvegan har dei grunn til å vere misnøgde. Der foreslår vi å legge ned tilboda innafor Service og samferdsel. Desse faga har dårleg søknad over heile fylket, og vi har ikkje råd til to tilbod i Midt-Troms. Vi måtte derfor velge om vi skulle ha det tilbodet ved Sjøvegan eller ved Finnfjordbotn. Eg synst det var vanskeleg, men valet fall på Finnfjordbotn. Det er fleire grunnar til det, men viktige momentar var at Finnsnes har eit større miljø innfor servicenæringane og at vi konkurrerer med ein privat kristen skole i området og eg ikkje ønska å gje dei heile marknaden for Service og Samferdsel i Lenvik og omegn.

Det er fleire andre store endringar rundt i fylket. Kvaløya vgs har fått meir enn ei halvering av søkarar til bygg og anleggsteknikk. Det er ikkje smertefritt å gå frå 90 til 39 elevar. Ein søkar til blomedekoratør på Rå er og for lite til at vi kan alde oppe det tilbodet. Vi må og legge ned ei rad idrettsfagtilbod ved Tromsdalen vgs på grunn av lite søkarar. Vil ikkje ungdomen drive med anna enn fotball?

Av og til kan ein jo lure på om den venstre handa veit kva den høgre driv med. Eg har ansvaret for tannhelse og utdanning i Troms fylkeskommune. Innafor tannhelse ser vi at det er eit stort behov for tannhelsesekretærar i åra framover, men eg må likevel legge ned det einaste tilbodet i fylket fordi det berre var ein søkjar. Her skal skal vi likevel prøve å få til eit desentralisert tilbod for vaksne.

Dette er blitt langt nok, meir av bakgrunnen og søkjartala kan du finne i saksdokumentet som ligg her.

Eg har og lyst til å nytte høvet til å be fleire lese ein veldig god kommentar som eg fekk på ein annan post her på bloggen. Den skal eg skrive litt om etter kvart.

Standard