Politikk

Organiserer vi regjeringa rett?

Kanskje bør Jens Stoltenberg organisere si tredje regjering på ein ny måte? Foto: Policy Networks (user:Flickr)/Wikimedia

Kor ofte er du i stand til å få 20 menneske til å samlast om ei felles retning og felles prioriteringar, når dei same 20 menneska slåss om dei same ressursane til sine svært ulike område? Er du i stand til å få desse 20 til å bli samde om ei retning, sjølv når det går ut over statusen til fleire av dei?

Det blir litt vanskeleg seier du? Ja, det trur eg og, men det er slik landet vårt blir styrt. Regjeringa består av 20 dyktige personar, som alle slåss beinhardt for den sektoren dei styrer. Eg er ikkje trygg på at det er ein god måte å organisere ting på for å få fatta beslutningar og få gjennomført vedtak. Eg trur vi treng ein debatt og denne organisasjonsforma.

I dag består regjeringsapparatet av 20 statsrådar, 43 statssekretærar og 21 politiske rådgjevarar (om eg har talt rett). Desse 84 personane utgjer den politiske leiinga for den utøvande makta i Noreg.

Statsrådane er dei som er ansvarlege for alle beslutningane, anten kvar for seg eller som kollegium (regjeringa). Statssekretærane og rådgjevarane opererer med delegert myndigheit frå kvar einskild statsråd. Det varierer nok litt frå statsråds til statsråd kor mykje som blir delegert.

Utan at eg skal vere skråsikker på kva som har rett, trur eg det er verd å tenke nøye gjennom om ikkje det vil vere lurt å redusere regjeringa til mellom sju og ni personar. Ei slik mindre gruppe er det enklare å få til å dra i same retning, kanskje enklare å få gjort vedtak og sett dei i verk. Eit slikt mindre tal på statsrådar betyr og at alle ville komme ut som vinnarar i statsbudsjettet og i andre samanhengar på minst eit felt. Kanskje kunne vi då fått til tydelegare prioriteringar og mindre klatting?

Skulle ein gjere dette måtte ein og gjere noko med statssekretærane. Med sju statsrådar ville ansvarsområda bli svært store. Det kan då vere naturleg at statssekretærane vart oppjustert til å ha sjølvstendig ansvar for politikkområde under “oppsyn” av den ansvarlege statsråden. Det ville då og vere naturleg å kunne la statssekretærane svare for seg i Stortinget.

Kanskje går det an å sjå for seg noko slikt som dette, med to eksempeldepartement

  • Næringsminister
    • Statsekretær med ansvar for:
      • Olje
      • Energi
      • Fiskeri
      • Landbruk
      • Eigarskapsutøving
      • etc
  • Miljøminister
    • Statsekretær med ansvar for:
      • Naturvern
      • Integrering
      • Bustadbygging
      • Samiske saker
      • Arbeid
      • Kultur
      • etc

Det er lenge sidan vi har hatt ein grundig debatt om korleis vi politisk skal styre den utøvande makta. Dette er eit innspel, eit innspel som godt kan vere feil. Men eg trur vi treng å ta den debatten

 

 

 

Standard