Politikk

2016 – eit år på det jamne

Ein snøleopard

Snøleoparden fekk betre tilhøve i 2016 då Mongolia oppretta ein stor nasjonalpark for å ta vare på dyret. Foto: Marcel Langthim

Alle skal ha det til at 2016 var eit forferdeleg år. Det er klart det skjedde mykje galt i 2016. Krigen i Syria gjekk for fullt, terroristar slo til nært oss, og *gisp* Trump vart president i USA. Spørsmålet er likevel, var 2016 så ille? Mykje verre enn andre år? Eg trur kanskje at orda om det forferderlege 2016 viser at manns minne er ganske kort.  Så her er lista mi over små og store grunnar til at 2016 ikkje var så ille.

  1. Det starta ikkje ein einaste ny krig i 2016, og etter at vi har fått meir eller mindre fred i Colombia er no heile Amerika utan ein einaste krig i tillegg til Vest-Europa og Aust-Asia.
  2. I 2016 kom det eit opprør mot den såkalla «globaliseringa». Storbritannia gjekk ut av EU og fleire store frihandelsavtalar som TISA og TTIP ser ut som dei blir stoppa mykje på grunn av Bernie Sanders og Trump sin motstand. (Så er det openbart at Brexit kan diskuterast, men det er bra når folk tar styringa.) Ulikskapen i verda blir enklare å begrense utan desse avtalane.
  3. Dei skamlause jentene. Ein stor ting i 2016 var at jentene i ein del innvandrarmiljø tok til ordet mot sosial kontroll over liva deira.
  4. Klimautfordringa er på ingen måte løyst, men i 2016 tok vi fleire viktige steg i rett retning. Parisavtalen har moglegheit til å bli eit vegskille i kampen mot klimaendringane, og i 2016 flata CO2-utsleppa ut og auka ikkje på global basis, mykje takka vere Kina.
  5. Det folkelege engasjementet for å hjelpe flyktningar. 2016 var eit år med har innvandringsdebatt, sterke ord får ministre og andre. Men det var og eit år der folk lokalt slo ring om dei som kom hit og trengte hjelp. I tillegg har Angela Merkel, i motsetnad til mange andre politikarar både i Noreg og resten av Europa, imponert med omsyn til menneskelegheit og å stå fast humanitære prinsipp.
  6. Det kom ein ny Star Warsfilm – Rogue One
  7. Obama har bestemt at det ikkje blir off-shoreboring etter olje utanfor Alaska. Kanskje noko vi kan lære av?
  8. Den afrikanske union har etter år med krangling og diskusjon bestemt seg for å tilrå alle land om å forby kjønnslemlestelse og barnebruder. UNFPA har trent helsearbeidarar i korleis dei handterer dette og titusenvis av tradisjonelle afrikanske leiarar har forplikta seg til å motarbeide kjønnslemlestelse.
  9. Holet i ozonlaget er i ferd med å tette seg. Det viser at internasjonale miljøavtalar faktisk fungerer. Når vi nærmar oss 2050 kan vi faktisk ha løyst det problemet heilt.
  10. Godt år for ville dyr. I 2016 hadde bestanden av både knølkval, panda og manatar vokse seg så store at dei ikkje lenger blir rekna for utrydningstruga. Tigerbestanden vaks for første gong på 100 år.
  11. Alle kommunane i Lofoten er no mot oljeboring utanfor LoVeSe, fleirtalet av befolkninga er mot og det er i alle fall ein sjanse for at både LO og Ap kan seie nei.
  12. Fiskeripolitikken har fått ein høgare status. Mykje takka vere Per Sandberg med god hjelp frå Torgeir Knag Fylkesnes. Han har fremma eit grunnlovsforslag om at folket skal eige ressursane i havet og at verdiane skal tilfalle kystsamfunna. (støtt forslaget her)
  13. Tromsø kommune gav opp parlamentarismen og gjekk tilbake til formannskapsmodellen.
  14. Det ser ut til at 2016 vart året då det viste seg at regjeringa sin kommunereform endte med å vere ein papirtiger.
  15. Tromsø SV har hatt ein fin vekst i medlemstalet. (du kan bli medlem her)
  16. TIL berga plassen i eliteserien

Dette er berre nokre av dei bra tinga som skjedde i 2016. Kom gjerne med dine forslag til kva som skal vere med i kommentarfeltet. Eller kanskje du synst 2016 var eit annus horribilis og at Trump overskugga alt anna? Sei frå om det i så fall.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

 

Standard

Ny hangout med Torgeir Knag Fylkesnes i kveld klokka 2130. I dag skal vi diskutere skolepolitikk, og kanskje spekulere litt i korleis norsk skole vil vere etter fire år med høgrestyre. Du kan anten følgje med her, eller gå til eventsida på Google plus. Der kan du og kommentere undervegs og vi vil prøve å svare direkte.

Då var det over for denne gongen, men sjå gjerne opptaket og bruk kommentarfeltet for innspel eller idear om tema vi bør ta opp i desse hangoutane

 

 

Økonomi, Politikk

Ei regjeringserklæring med fine ord

Erna Solberg

Erna Solberg har lagt kalkulatoren heime då regjeringserklæringa vart forfatta. Foto: Kjetil Ree/Wikimedia Commons

No har eg lest gjennom regjeringserklæringa. Hovudinntrykket av erklæringa er at alt skal bli betre, og ingenting skal bli verre. Eg klarer ikkje å sjå noko prioritering i denne erklaæringa. Vi skal få eit lærarløft, opptrapping av psykiatri, rusbehandling og kreftbehandling, det skal bli betre og lengre vegar, vi skal få auka innsats på ei heil rad område, og vi skal få lågare skattar. Alt dette er glitrande, men korleis skal alt dette betalast for. Det einaste kuttet eg ser er kuttet i byråkrati som ikkje er naudsynt. Eg er ikkje usamd i at vi sikkert kan gjere ting meir effektivt i det offentlege, men så veldig mange titals milliardar kan det ikkje bli.

Med andre ord, det gamle kalkulatorpartiet Høgre har lagt kalkulatoren igjen heime. Eller er det noko dei ikkje fortel oss i denne erklæringa?

Det er nokre område der dei fine orda i erklæringa ikkje heilt klarer å skjule den brutale sanninga bakom orda. Ein ser det tydeleg på arbeidslivspolitikken. Det skal normalarbeidsdagen utvidast. Det betyr at mange av dei som jobbar i sørvisnæringane og mange andre stader vil få mindre betalt for å jobbe i den tida vi andre får lov til å vere saman med familie og venar. Hyggeleg.

Det er heller ikkje vanskeleg å sjå det i fiskeripolitikken. Alle kvotar skal bli tidsuavgrensa, og flåten under 11 meter skal strukturerast. Høgre går altså inn for å privatisere fisken vi eigentleg eig i fellesskap. Eg reknar med at ingen skal måtte betale for dette heller. Eg kan ikkje anna enn oppfatte dette som eit ran av fellesskapet sine ressursar.

Innafor skolesektoren er det mange fine ord. Ein del ting kunne godt stått i SV sitt program. Det som ikkje kunne stått der er at det skal bli eit frislepp av privatskolar. Dei skal i alle fall i første omgang ikkje få ta ut utbytte, men det vil likevel bety ei utarming av den offentege skolen. Det kan bli vanskeleg å halde oppe breidda i tilbodet i den offentlege skolen, særleg den vidaregåande skolen, om dei private tiltrekk seg mange elevar.

Erklæringa er omfattande, og desse tre eksempla var nettopp berre det, eksempel. Du finn mange fleire om du les dokumentet.

Det er nokre få område eg håper denne regjeringa får til noko. Eg håper at Segway blir tillatt, men det er no en detalj. Av dei større tinga som eg håper blir gjennomført er at vi får ein nasjonal helseplan og at helseforetaka blir lagt ned. Det er og spennande om dei faktisk får til å overføre makt og myndigheit frå staten til kommunane.

Det står ingen plass i erklæringa at dei skal spise barn til frukost i den nye regjeringa. Eg håper det stemmer.

Sjølve erklæringa finn du her

Standard
SV, Troms og Tromsø, Val

Valet i Tromsø på kart

Det er mange interessante ting når ein ser på valresultatet kretsvis i Tromsø. Det er to ting som slår meg svært tydeleg. SV er eit parti hovudsakleg for folk på Tromsøya. Medan Frp har sine beste resultat i distriktstromsø. Bjerkaker på sørspissen av Tromsøya er einaste kretsen der SV er større enn Ap. Det er samstundes MDG sin beste krets.

På dette kartet har eg teikna inn SV si oppslutning i dei ulike kretsane. To atterhald som gjeld generelt. I kartet eg har brukt var ikkje alle kretsane teikna inn. Eg har prøvd å teikne desse grensane for hand. Derfor kan grensane vere litt usikre. Dette er basert på tala slik eg fann dei på Tromsø kommune sine nettsider klokka 2200 den 11.09. Det er før stemmer utanfor krets er fordelt. Det er og verd å merke seg at førehandsstemmene ikkje er fordelt på krets. Det skaper sjølvsagt litt usikkerheit.

valkart2-SV

Eg synst det er slåande å sjå kor konsentrert til sentrum SV sine røyster er 68 % av SVs valtingstemmer kom frå sjølve Tromsøya. Det betyr at omtrent 45% av SV sine stemmer i heile Troms kjem frå denne eine holmen. Men dette betyr og at dersom SV kan løfte seg i Kroken, Tromsdalen, Tomasjord og Reinen til omtrent same nivå som på Tromsøya så har partiet eit stort potensiale. Det hadde vore interessant å lagt dette kartet over eit kart som viser utdanningsnivå, demografi og inntekt. Det får bli ein annan kveld.

Men dei raud-grønne partia generelt lir litt av det same som SV. Dei er sterkast i dei sentrale områda.

valkart2-raud-gronne

Det er berre tre kretsar der Raudt, SV, Ap og Sp kjem opp i 50 prosent samla. Desse tre er Stakkevollan, Hamna og Sommerlyst. Men parti er over 45% i alle kretsane på øya unntatt Bjerkaker der Ap gjorde eit svært dårleg val. Det er og overraskane at Senterpartiet er under seks prosent i mange av distriktskretsane i Tromsø.

Kva konklusjonar kan vi trekke av dette? For det første har vi ein jobb å gjere for å klare å kaste byrådet om to år. Men det er mogleg. Dei raud-grøne pluss Raudt og MDG har i dette valet 48% i Tromsø. Klarer vi å halde fast ved dette mot kommunevalet skal det små endringar til for å klare dette. Vi har ei samla utfordring med å heve oss på fastlandet og i distrikta. Men klarer vi løfte Tomasjord, Tromsdalen, Reinen og Kaldfjorden til 45% raud-grønt så må byrådet gå.

 

Standard
SV, Val

Asylpolitikkens Lofoten

Oddny-Miljeteig_large

Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.Basta. skriv Oddny Miljeteig i dette blogginnlegget. Foto: Stig Marlon Weston

«Vi trenger et parti som tar miljøkampen hver eneste dag – selv om de ikke alltid vinner. Derfor stemmer vi SV den 9. september.» Slik skreiv tre miljøforkjemparar med bakgrunn frå Natur og Ungdom i Dagsavisen heilt nyleg.

Gjesteblogg av Oddny Miljeteig, Bergen

Asylpolitikken er ei av mine fremste politiske hjartesaker. Og for meg er spørsmålet om asylborna asylpolitikkens Lofoten, Vesterålen og Senja – og Mørebankane. Det handlar om kjernen, om det aller, aller viktigaste. Å kjempa for ein human asylpolitikk er eit sisyfosarbeid. Ein siger vert aldri vunnen for alltid, og ein må vera budd på nordavind frå alle kantar og dei mest nedrige og finurlege åtak. Human asylpolitikk-partia på Stortinget er SV, Krf og Venstre. Det gjev ikkje fleirtal, for å seia det forsiktig. Og alle tre partia har opplevd den nådelause kjøtvekta i regjering. Somme av oss hugsar framleis Jarn-Ernas asylpolitikk i Bondevik II. Vi hugsar også at vi fekk kjempa gjennom det fyrste «amnestiet» for asylborna under Bondevik II, initiert og kjempa fram med Bergen som arnestad. Vi hugsar at dei raud-grøne gjekk til val på ein meir human asylpolitikk i 2005, vi hugsar det andre «amnestiet» for asylborna i 2007 – og vi hugsar SVs dissens i 2008 då Ap med fylgje av SP strama inn asylpolitikken – med eit overveldande fleirtal i Stortinget bak seg. Asylpolitikkens jarntriangel i Stortinget – Ap, H og Frp – har komfortabelt fleirtal, for å seia det mildt. Då SV gjekk tilbake ved forrige stortingsval, var det ikkje minst den humane asylpolitikken som tapte kjøtvekt, og det viste tydeleg att i Soria Moria II.

I sivilsamfunnet står kravet om ein human asylpolitikk sterkt. Kyrkja er krystallklår, både når det gjeld dei papirlause og asylborna. Det humanitære Noreg, som Røde Kors, Redd Barna, Amnesty, Norsk Folkehjelp, FN-Sambandet – oppramsinga kan gjerast mykje lengre. Men dei får ikkje gjennomslag. Ikkje til kvardags. «Streng og rettferdig», har vorte mantraet – og «rettferdig» har fått den merkelege tydinga at ein meir human asylpolitikk vil vera urettvis overfor dei som til no har fått avslag. Ein slik argumentasjon gjer sosiale framsteg og reformer umoglege og definerer eigentleg norsk trygde- og sosiallovgjeving som svermeriske, historiske feilsteg.

Dei siste fire åra har vore harde for den humane asylpolitikken. Det veit SV betre enn nokon andre, for det er vi som har stått i den daglege kampen i det raud-grøne regjeringsfleirtalet. Dvs. vi veit det ikkje betre enn alle andre, for asylpolitikken handlar om einskildmenneske. Den «strenge og rettferdige» asylpolitikken har gong etter gong vist seg å «tryna» når han treffer einskildmenneske. Og mange av dei som i utgangspunktet stør ein «streng og rettferdig» asylpolitikk, dei tverrvender i møtet med einskildmenneske og familiar som dei kjenner. Difor har det oppstått støttegrupper for Nathan, Neda og Yalda – og for mange fleire. Desse har måtta kjempa også mot ei asylforvaltning, UDI og UNE, som har lagt dei strengaste fortolkingar av lov, føresegner og politiske signal til grunn – og ikkje har teke inn over seg internasjonale konvensjonar som Noreg har ratifisert og er bundne av. Barnekonvensjon, Torturkonvensjon, Flyktningekonvensjon…… dei finst, og dei gjeld, for og i Noreg.

Eg stålset meg til 10. september. Dei som seier at asyl- og flyktningepolitikken ikkje vil kunna bli verre med ei blå-blå regjering, dei kjem i bokstaveleg forstand til å oppleva ein mørke-blåmåndag. Berekraftutvalet til FRP, som behendig lekka utgreiinga si då valkampen butta imot for partiet, har ikkje arbeidd for moro skuld. Erna Solberg visste kva ho gjorde som asylminister i Bondevik II – og ho hugsar det garantert i 2013.
I dei siste fem åra har eg jamt fått høyra, når det har vore tale om asylpolitikk: «Jammen det er då din regjering!». Men eg har forvalta SV sin asylpolitikk. Som landsstyremedlem og som lokalpolitikar. Og i lag med SV på fylkesplan og sentralt har vi pressa på i stort og smått for å flytta fjell og sprengja rom for humanisme. Ridaya frå Bergen høyrer under Maria Amelie-regelen. Dei einslege mindreårige under 18 år skal koma under barnevernet – uansett kor lenge vi må kjempa. Vi gjev oss aldri. Og vi gjev oss aldri i kampen for asylborna. Ikkje nasjonalt, ikkje lokalt. Ikkje på bakromma, ikkje i det offentlege rom.

SV har fått kritikk for å vera usynlege, for ikkje å kjempa nok, for ikkje å vinna fram i asylpolitikken. Eg meir enn forstår frustrasjonen når eg veit kor desperate situasjonar støttegrupper og støttespelarar for heilt ekte menneske står overfor. Men eg er heilt viss på dette: hadde vi sett ein utveg til å få meir gjennomslag for vår asylpolitikk, ja, så hadde vi teke den vegen. Og eg har fylgt nøye med. Meir enn dei fleste. Difor er det eg går i rette med dei som meiner at asylpolitikken «ikkje kan bli verre». Det er livsfårleg å byggja kampen for ein human asylpolitikk på illusjonar. Skulle det verta forhandlingar om ei Soria Moria III, veit eg at SV vil kjempa for ein human asylpolitikk med tyngda av kvar einaste røyst vi måtte få. Vert det (mørke)blå regjering etter valet, kjem vi framleis til å kjempa for ein human asylpolitikk med all styrke vi på nokon måte kan mobilisera. Kampen for ein human asylpolitikk er ei samvitssak, ei sak om menneskeverdet, som SV korkje kan eller vil prioritera vekk – om vi vinn eller taper 9. september.

I desse dagar ser eg både godt nytt og ikkje-godt nytt i sosiale media som gjeld asylborn. BT har nett skrive at UDI vurderer Ridaya sin søknad om arbeidsløyve. Og så er det val måndag. Det er uansett også eit val om norsk asylpolitikk. Det finst ingen eigen røystesetel for asylpolitikken. Røystar du SV, lovar eg at du gjev di røyst til eit parti som aldri vil gje opp kampen for ein human asylpolitikk og som vil kjempa den kampen «hver eneste dag», kvar einaste dag! Og fremst for den kampen står asylborna og dei einslege mindreårige.

Basta.

 

 

Standard