Michele Bachman
Feature, Politikk, Val

Primærval i Noreg?

Michele Bachman

Michele Bachman tar del i primærvala for å bli republikanarane sin kandidat ved presidentvalet i USA. Burde vi finne nye måtar å velje ut kandidatar i Noreg og? Foto: Gage Skidmore/Wikimedia

Leiaren i Unge Venstre er til ei forandring ute med eit interessant og positiv sak på TV2 i dag. Han meiner at norske parti kan ha mykje å lære av korleis amerikanarane vel kandidatane sine. Eg trur og det, men har og nokre ikkje heilt ubetydelege motførestillingar.

Politikken handlar i utgangspunktet om meiningar og visjonar for samfunnet, men det handlar og om at vi skal velje leiarar som skal sette desse visjonane ut i live.  Eg trur det er på tida at vi tar inn over oss at dei strukturane vi har for å peike ut folk og politikk – dei politiske partia ikkje lenger er masserørsler. Det er i realiteten ganske få menneske som tar vala som blir retningsgjevande for kommunen, fylket eller landet. Det bør vi gjere noko med.

Men, først, la meg ile til å seie, eg trur dei fleste som ikkje er politisk aktive ville blitt overraska over kor lite som skal til for å få reell innverknad i eit politisk parti – i alle fall når ein har lært kodene og spelereglane å kjenne. Sånn sett er det norske politiske systemet ganske opent for alle.

Men alle deltar ikkje – heller ikkje alle medlemmane i dei politiske partia.

Eg trur derfor at det er rett å ta til å eksperimentere med andre prosessar, prosessar som i større grad inviterer til deltaking. Ein eller anna form for primærval kan vere vegen å gå. Eg vart veldig skuffa då landsstyret i SV sa nei til å avgjere leiarvalet i SV gjennom ei uravstemming. Eg trur det kunne vore ein måte for mitt parti å opna opp prosessen.

Eg er likevel stolt av at vi i Troms har bestemt oss for å halde ei rådgjevande uravstemming om dette spørsmålet. Denne avstemminga vil gje råd til våre delegatar på landsmøtet. Eg er spent på deltakinga i denne avstemminga.

Eg kjem og til å foreslå på årsmøtet i Troms SV at vi skal halde ei bindande uravstemming om nominasjonen til neste stortingsval. Og, eg håper fylkeslaget vil vere med å opne opp prosessen på denne måten.

Utfordringane er likevel mange. Korleis skapar vi opne prosessar om kompliserte politiske spørsmål – det er enklare med personval?  Kom gjerne med gode innspel. Og, det kanskje aller viktigaste, korleis unngår vi at slike prosessar gjer politikken enno meir personfokusert?

Det er trass alt politikken og ikkje kandidatane som er det viktigaste – ikkje sant?

[poll id=»13″]

Eg har tidlegare skrive om korleis vi kan bruke sjølvmeldinga for å ha ei folkeavstemming om korleis vi skal bruke pengane våre. Det innlegget kan du lese her.

Standard