Eit grønare næringsliv – eit betre Noreg

Solceller er blitt ein viktig industri i Noreg

Solceller er blitt ein viktig industri i Noreg
Energiproduksjon er ein viktig del av det å gjere næringslivet grønare. Foto: Jeremy Levine Design / Flickr

Det blir at sagt at då Pearl Harbour vart bomba tok det berre 20 timar før Ford la om frå bilproduksjon til produksjon av krigsmateriell. Omstillingen skjedde umiddelbart som svar på det nye trusselbiletet. Dette viser at menneske, føretak og samfunn er i stand til å mobilisere, når faren truer.

Bakom dei store overskriftene om Mongstad og biodiesel får alt det fantastiske arbeidet som skjer i norske bedrifter og norske forskingsinstitusjonar med å utvikle nye grøne teknologiske løysningar alt for lite merksemd. Ganske i det stille og i samarbeid mellom det offentlege verkemiddelapparatet, forskingsinstitusjonar og private bedrifter veks det fram innovative og lønsame grøne bedrifter.

Miljøteknologi er eit av dei raskast veksande teknologimarknadene i verda. Norske bedrifter vist at dei har kunnskapen og kompetansen til å vere ein viktig del av denne marknaden. Vi finn i overkant av 700 føretak innanfor fornybar energi og miljøteknologi berre på Austlandet. I 2008 omsette desse for 100 milliardar kroner, like mykje som den maritime næringa på landsbasis. Næringa på Austlandet sysselsette 12 000 menneske og har hatt ein omsetningsvekst på 150 prosent dei siste åtte åra.

Vi kjenner alle historia om REC, solcelle-produsenten som gjekk mot straumen og vart ein stor produsent av wafarar til solceller. No vil REC minske tjukkleiken på solcelleskivene dei brukar i produksjonen til det halve. Det er REC ScanWafer AS Herøya Plant som saman med Forskningsrådet finansierar dette, og dei arbeider i lag med SINTEF og fleire norske og utanlandske verksemder. Om dei får det til, vil REC kunne senke prisen på solceller igjen. Då stig både REC sin del og det totale salet av solceller, og det tener det globale miljøet på.

Men utvikling av nye og forbetra produkt gjennom å blanda gammal og ny kunnskap ser vi og andre stader. Dei maritime næringane tar miljøteknologi på alvor. Fellowship-prosjektet, med Veritas som prosjektansvarleg, har fått tilskot på meir enn 30 millionar kroner frå Forskingsrådet. Wärtsila og annan industri er involvert, og pilotinstallasjon allereie gjort i eit gassdrive skip. Resultata frå forskinga inneber ikkje berre bruk av eit meir miljøvenleg drivstoff (LNG), men og ei ny brenselcelle som kan halvere utsleppet av CO2 per kwh.

Noreg har sett seg ambisiøse mål om å redusere klimautsleppa fram til 2020. Dersom vi skal nå desse måla er vi avhengige av eit tett samarbeid mellom det offentlege og bedriftene. Vi stiller opp frå styresmaktene si side. Vi bruker i overkant av 800 millionar kroner over NHDs budsjett i år på støtte til miljøprosjekt gjennom Forskingsrådet og Innovasjon Norge. Samla blir det nytta 2,4 milliardar til miljørelaterte prosjekt. Denne satsinga skal vi halde fram med. Næringsdepartementet har trappa opp sitt engasjement kraftig dei siste åra. På områda fornybar energi, energieffektivisering og karbonfangst og lagring har regjeringa auka FoU-innsatsen frå 2008 til 2010 med heile 600 millionar kroner. Inga anna norsk regjering kan skilte med ei tilsvarande satsing på næringsretta forsking. Men det er lite samanlikna med kva næringslivet sjølv har mulegheit til å mobilisere, noko eksemplet frå Ford etter Pearl Harbour viser. Styresmaktene sin jobb skal i hovudsak vere å legge til rette for denne mobiliseringa.

Ved å vere i forkant av nasjonale og internasjonale miljøreguleringar, kan norske føretak redusere kostnader og etablere eit strategisk godt utgangspunkt for nye marknadsmulegheiter over heile verda den dagen eit internasjonalt regelverk kjem på plass.

I Noreg må vi satse på dei områda der vi allereie er gode. Når solcelleindustrien har blitt stor i Noreg er det ikkje fordi vi har mykje sol, men fordi vi gjennom prosessindustrien har bygd opp ein stor kompetanse innafor materialteknologi som gav grunnlaget for solcelleindustrien. Tilsvarande har vi gode springbrett inn i miljøteknologiske løysningar innafor maritim sektor, marine produkt og fleire andre område.

I revidert nasjonalbudsjett varsla regjeringa at vi i 2011 vil trappe opp satsinga på grøne teknologiar. Det blir sett av ein halv milliard fram til 2013 for å utvikle miljøteknologiane vidare. Vi er no i fullt arbeid med å finne ut korleis vi best skal innrette bruken av desse pengane for at vi saman med bedriftene og forskingsinstitusjonane mobiliserer så omfattande ressursar som råd for å utvikle nye produkt som kan skape inntekter for bedriftene, gode arbeidsplassar og skatteinntekter for landet.

Parallelt med dette arbeider vi med ein strategi for miljøteknologi. Saman med andre reguleringar meiner vi at dette vil vere med på å mobilisere for ei omlegging av norsk næringsliv i ei stadig grønare retning. Eg må og få understreka at norsk industri har tatt store steg i miljøvenleg retning dei siste tretti åra. Målet må vere å halde fast med den retninga, men forsøke å auke farta.

På nettstaden www.samarbeidforarbeid.no inviterer regjeringa alle i Noreg til å vere med på ei mobilisering for å få fram dei gode ideane. I Næringsdepartementet er vi spesielt interessert i korleis vi saman med bedriftene kan legge betre  til rette for ei mobilisering for eit enno meir miljøvenleg næringsliv. Vi vil gjerne ha dine innspel og idear.

Det er ingen tvil om at klimaendringane er ein stor fare som trugar oss. Frå regjeringa legg vi opp til den naudsynte mobiliseringa saman med næringslivet.