Politikk

Nedturen startar for Krf og Venstre

Så ser det ut som vi skal få ei ny regjering. Det skal nok.svært mykje til for at Høgre og Framstegspartiet ikkje blir samde om ei regjeringserklæring og fordelinga av ministerpostane. (Sjølv om det blir vanskelgare om Erna følgjer rådet mitt). Eg trur og gårsdagen var toppunktet for Venstre og Krf si makt i denne stortingsperioden. No startar nedturen.

Så er det store spørsmålet, kva kjem den nye regjeringa til å gjere, kva har dei lyst til å gjere og kva får dei lov av Stortinget til å gjere?

Her er mi liste over ting eg trur kjem til å skje, og då tar eg ikkje med ting som er dekt av samarbeidserklæringa mellom H, Frp, Krf og Venstre. Dokker får og tilgje meg at det blir mest fokus på det eg meiner er negativt.

* Det kjem til å bli endringar i arbeidsmiljøloven. Det vil bety lengre normalarbeidsdag og mindre overtidsbetaling
* Den siste resten av fiskeriressursane blir privatisert, i alle fall i gavnet, men kanskje og i namnet
* Det vil bli «frislepp» for gruveindutrien
* Endring i praktisering av naturmangfaldloven vil bety meir scooterkøyring og eit mindre bastant vern av nasjonalparkar og liknande. (men kanskje får dei fart på skogvernet?)
* Noreg vil tydeleg stille seg på Israel og US si side i konflikta i Midt-Austen (OK, det står i samarbeidserklæringa)
* Meir av veg- og samferdselspengane vil gå til sentrale strok
* Tollvernet for landbruket vil bli bygd ned, men ikkje forsvinne.
* Styra i statlege selskap vil få såkalla profesjonelle styremedlemmar, tilfeldigvis vil dei aller fleste vere medlem i eller støttespelar til dei borgarlege partia.
* Vi vil få karakterar i barneskolen
* Vi vil få fleire private aktørar i helsevesnet. Dei aller fleste av desse vil vere komersielle aktørar.
* Bistandspengane vil i større grad bli brukt der det gagnar Noreg og ikkje der dei gagnar verdas fattige.
* også vidare

Så vil kanskje mange spørre seg, vil ikkje Venstre og Krf sørge for moderering av desse framlegga? Eg trur ikkje det. Venstre er om mogleg meir ekstreme enn Høgre og Frp på mange ting, og realiteten er at Erna har balletak på Venstre og Krf. Realiteten er at H og Frp vil ha fleirtal med anten Sp eller Ap der ikkje Krf og Venstre allerie er samde.  Svært mange endringar vil ikkje formelt trenge vedtak i Stortinget. Dersom Venstre og Krf i noko særleg grad stemmer for instruksjonsvedtak i Stortinget. vil det få konsekvensar for samarbeidsavtalen. Då blir det opna for oljeboring i Lofoten etc umiddelbart.

Eg trur Venstre og Krf har sett seg i ein vanskeleg situasjon. Dei vil vere avhengig av godvilje frå Siv Jensen og Erna Solberg. Eg trur dei vil ha lite reell makt i Stortinget. Kanskje kan dei bli redda av Solberg si uvilje mot å sende dei i klørne på Ap.

Vi får sjå

Standard
Erna Solberg
Politikk, Val

Mitt råd til Erna

Erna Solberg

Eg rår Erna Solberg til å lage seg ei lita regjering. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg har eigentleg ikkje noko tru på at Erna vil høyre på mine råd, spesielt ikkje om politikk. Eg skal derfor komme med eit råd på eit område som ikkje er partipolitikk, men som har med nye idear og betre løysningar å gjere.

Eg trur eit av dei problema mange norske regjeringar har er at det er vanskeleg å få 20 statsrådar til å trekke i same retning, langt mindre få dei til å gå i takt. Sjansen for dette er enno mindre når det er fleire parti involvert. Ein av grunnane til dette er at 20 personar er for mange. Det er ingen andre som ville finne på å ha eit dagleg operativt styre på 20 personar. Det er rett og slett ikkje effektivt. Ein av konsekvensane av dette er at du får eit underutval i regjeringa. Dette underutvalet blir den reelle leiinga av landet, medan resten av regjeringa strør sand på. Dette er problematisk. Ein ting er at underutvalet ikkje har nokon status i lov og grunnlov. Etter loven er alle statsrådane likestilte. Det andre er at underutvalet blir litt ad hoc, og får problem med å peike ut ei klår retning for regjeringa. Det blir heller ein måte å løyse kriser og konfliktar på.

Eg meiner det ville vore betre å formalisert det underutvalet viser at vi treng – ei mindre regjering. Dersom eg skulle sett saman ei regjering ville den hatt mellom sju og ni statsrådar. Helst sju. Det er lite nok til at du faktisk kan få til ei felles retning og til at du kan ha ei felles leiing av landet.

Ein konsekvens av dette ville vere at du måtte oppgradere statusen til statssekretærane til ein slags juniorministrar med ansvar for eigne saksfelt. Ein kan tenkje seg eit næringsdepartement med ein statssekretær med ansvar for skipsfart, ei for anna næring, ei for landbruk og ei for fiskeri.

Denne modellen ville sjølvsagt skape andre utfordringar. Mellom anna ville det vere eit problem at statssekretærane/juniorministrane ikkje har møterett for Stortinget. Det kan likevel la seg løyse.

Eg trur fordelen med ei tydelegare og kanskje strategisk leiing av landet vil vere større enn ulempane.

Standard
Feature, Politikk

Sjuke brennesler

 [mp3j track=»brennesle.mp3″]Her kan du høyre innlegget om du vil

Sommar er fantastisk. Varme solfylte dagar med bading, is og grilling. Det spirar og veks, jordbæra blir raud, fisken bit og ungane er snille – sanneleg om dei ikkje lar vere å slåss og. Far får tid til å lese både aviser og bøker, og trur du ikkje mor blir brun og enno finare enn vanleg.

Eller

Sommaren er mygg, klegg og blinding, ausande regnvêr og nordavindskuling. Ungane slåss og held på å gå på veggane når dei blir leie av spela på Nintendo og det er alt for lenge til barne-tv. Mor joggar depresjonen av seg medan far prøver å jage ungane ut i kulda og late som om vi kan ha det artig – singing in the rain – medan frisbeen landar i den største samlinga av brennesle verda har sett. Den einaste oppturen er at ungane har så mykje klede på at dei berre blir brent på hendene. Det lar seg reparere med sjokolade og aloe vera.

Det er då synet av ei sjuk – kanskje kreftsjuk – brennesle gjev håp. Fanskap kan ikkje vekse i det uendelege og øydelegge alt framover.

Det er då eg tenkjer at monokulturar lever ikkje evig. Det kjem alltid ein sjukdom, ein nedtur som tar slike. Det gjev håp også for politikken. Eg skal ikkje prøve å påstå at den raudgrøne regjeringa liknar på draumebiletet mitt av den gode sommaren. Det trur eg vil vere å strekke truverdet mitt vel langt. Men, eg tør meine at eit fleirtal i Noreg av Høgre og Frp vil likne mykje på ein kald, regnfull og fiskelaus sommar.

Kanskje manglar det raud-grønne prosjektet litt sprut for tida, og deter  ikkje samfunnsomveltande nye prosjekt som står på dagsorden. Men, samfunnet går trass alt ikkje i revers heller.

Denne regjeringa har kontroll på økonomien, vi har den lågaste arbeidsløysa i Europa. Det er ingen som går med tankar om å svekke stillingsvernet, gjere arbeidsmiljøloven dårlegare, hevde at klimaendringane berre er tull, innføre karakterar i barneskolen eller gje skattelette til dei som har mest frå før for å svekke velferdsstaten.

Men, der monokulturen verkeleg har vakse er i den internasjonale finanskapitalen. Brennesla har vokse himmelhøgt. Meklarane, bankane og politkarane har kasta frisbee etter frisbee ut i enga av brennesle og det er vanleg folk som har måtta labba ut blant brennesla for å leite fram frisbeen.

Kor lenge skal vi finne oss i det?

Standard
Feature, SV, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Blir det fleire stemmer av å forlate regjeringa?

Demonstrasjon mot skolenedlegging Foto: Elise Hamari

Det er ein slags antydning til debatt om SVs regjeringsdeltaking. Den er det viktig at vi tar. Fleire meiner at skal vi kunne klare å gjenreise partiet må det skje utanfor regjering. Då kunne det vore greitt å sjå om det er effekt for partiet i tilsvarande situasjonar.

Så vidt eg veit har vi berre eitt eksempel i Noreg på at SV har brote eit “regjeringssamarbeid” i Noreg. Det skjedde i 2009. I november i 2009 gjekk SV ut av fylkesrådet i Troms. Troms har eit parlamentarisk styresett tilsvarande det som finst i Oslo, Bergen og ein del andre fylke. Grunnen til at SV braut samarbeidet med Ap den gongen var at vi nekta å vere med på å legge ned Skånland vidaregåande skole. Skolen vart likevel nedlagt av Ap, Høgre og Krf i fylkestinget. Skånland vgs var ein liten skole, men viktig for den markasamiske kulturen og det samiske språket i Sør-Troms. I tillegg gjorde dei ein god jobb med å gje undervisning til tidlegare rusmisbrukarar.

Nedlegginga var ei stor politisk sak i Sør-Troms og debatten i alle fall i kommunen var levande heilt fram til dette fylkestingsvalet. Det er gjort fleire forsøk på å starte skolen opp igjen.

Kva sa så veljarane i Skånland til dette i fylkestingsvalet i år. Veljarane der stemte nesten alle på dei partia som la ned den vidaregåande skolen. Ap, H, og Krf fekk til saman 60,2% av stemmene, både Ap og Høgre gjekk fram. SV som braut fylkesrådssamarbeidet på nedlegging av skolen fekk 4,2% av stemmene, tilbake 2,3.

Dette er sjølvsagt eit anekdotisk bevis, men viser likevel at det å bryte samarbeid ikkje treng å gje uttelling i stemmer, sjølv ikkje i ei så betent sak som å legge ned ein skole. Så er det sjølvsagt stor skilnad på fylkespolitikken som «ingen» bryr seg om, og ei nasjonal regjering. Men, utfordringane kan fort bli dei same.

Eg seier ikkje dermed at vi aldri skal gå ut av ei regjering, men vi må for all del ikkje lure oss sjølve til å tru at det er løysninga på SV sine problem. For min del har eg tenkt å vente med å ta debatten til eg ser kva som kjem i klimameldinga.

Standard