Økonomi, Politikk

Ei regjeringserklæring med fine ord

Erna Solberg

Erna Solberg har lagt kalkulatoren heime då regjeringserklæringa vart forfatta. Foto: Kjetil Ree/Wikimedia Commons

No har eg lest gjennom regjeringserklæringa. Hovudinntrykket av erklæringa er at alt skal bli betre, og ingenting skal bli verre. Eg klarer ikkje å sjå noko prioritering i denne erklaæringa. Vi skal få eit lærarløft, opptrapping av psykiatri, rusbehandling og kreftbehandling, det skal bli betre og lengre vegar, vi skal få auka innsats på ei heil rad område, og vi skal få lågare skattar. Alt dette er glitrande, men korleis skal alt dette betalast for. Det einaste kuttet eg ser er kuttet i byråkrati som ikkje er naudsynt. Eg er ikkje usamd i at vi sikkert kan gjere ting meir effektivt i det offentlege, men så veldig mange titals milliardar kan det ikkje bli.

Med andre ord, det gamle kalkulatorpartiet Høgre har lagt kalkulatoren igjen heime. Eller er det noko dei ikkje fortel oss i denne erklæringa?

Det er nokre område der dei fine orda i erklæringa ikkje heilt klarer å skjule den brutale sanninga bakom orda. Ein ser det tydeleg på arbeidslivspolitikken. Det skal normalarbeidsdagen utvidast. Det betyr at mange av dei som jobbar i sørvisnæringane og mange andre stader vil få mindre betalt for å jobbe i den tida vi andre får lov til å vere saman med familie og venar. Hyggeleg.

Det er heller ikkje vanskeleg å sjå det i fiskeripolitikken. Alle kvotar skal bli tidsuavgrensa, og flåten under 11 meter skal strukturerast. Høgre går altså inn for å privatisere fisken vi eigentleg eig i fellesskap. Eg reknar med at ingen skal måtte betale for dette heller. Eg kan ikkje anna enn oppfatte dette som eit ran av fellesskapet sine ressursar.

Innafor skolesektoren er det mange fine ord. Ein del ting kunne godt stått i SV sitt program. Det som ikkje kunne stått der er at det skal bli eit frislepp av privatskolar. Dei skal i alle fall i første omgang ikkje få ta ut utbytte, men det vil likevel bety ei utarming av den offentege skolen. Det kan bli vanskeleg å halde oppe breidda i tilbodet i den offentlege skolen, særleg den vidaregåande skolen, om dei private tiltrekk seg mange elevar.

Erklæringa er omfattande, og desse tre eksempla var nettopp berre det, eksempel. Du finn mange fleire om du les dokumentet.

Det er nokre få område eg håper denne regjeringa får til noko. Eg håper at Segway blir tillatt, men det er no en detalj. Av dei større tinga som eg håper blir gjennomført er at vi får ein nasjonal helseplan og at helseforetaka blir lagt ned. Det er og spennande om dei faktisk får til å overføre makt og myndigheit frå staten til kommunane.

Det står ingen plass i erklæringa at dei skal spise barn til frukost i den nye regjeringa. Eg håper det stemmer.

Sjølve erklæringa finn du her

Standard