SVs arbeidsprogram: Rettferdighet

Rettferd er overskrifta på det neste kapittelet i utkastet til nytt arbeidsprogram for SV. Kapittelet tar for seg den økonomiske politikken, kampen mot fattigdom, pensjon og bustadpolitikk. Svært sentrale område for ein sosialistisk politikk. Velferdsstaten og sysselsetting er handsama i eit seinare kapittel. Eg synst kapittelet på ein god måte får fram ein alternativ fordelingspolitikk og ein del konkrete framlegg, men detaljane då? Og, skatten?

Nestleiar i SV, Audun Lysbakken, legg fram utkastet til Arbeidsprogram Foto: SV
Nestleiar i SV, Audun Lysbakken, legg fram utkastet til Arbeidsprogram Foto: SV

Eg synst det som står om skatt er bra. Vi er tydelege på at det ikkje er noko mål for SV å auke skattane, utan å gå i fella frå forrige valkamp då vi lova å halde skattane på eit bestemt nivå. No gjer programmet det klart at skatt er eit verkemiddel for å nå andre mål i politikken, og at det må vere dette som avgjer skattenivået. VG skriv om det her.

I programutkastet står det:

SV vil ha en aktiv motkonjunkturpolitikk, hvor det offentlige øker sin økonomiske innsats i nedgangstider for å skape sysselsetting og ny vekst. I oppgangstider må staten føre en aktiv politikk for å sikre at det finnes kapasitet i økonomien til viktige investeringer i offentlig sektor. Skattepolitikken er et slikt redskap for å overføre kapasitet. SV vil i den kommende stortingsperioden foreslå videre omlegginger i skattesystemet for å sikre rettferdig fordeling, oppfordre til mer miljøvennlig atferd og aktivt sikre finansiering av velferdsstaten. SV vil derfor i nedgangstider ikke øke skattenivået, men heller øke bruken av oljepenger over offentlige budsjetter. I perioder med velstandsvekst vil SV øke det samlede skattenivået for å sikre satsing på prioriterte velferdsoppgaver som utdanning, helse, eldreomsorg og satsing på offentlig infrastruktur.

Vidare slår programutkastet fast at botnfrådraget skal opp og at alle som tener under snittet i landet skal skjermast mot skatteaukar. Dette gjev god politisk meining. Skatten blir bruktomfordelande, vi får pengar nok til ein god offentleg velferd, og vi set ikkje økonomien i fare.

Eg har i utgangspunktet sans for det som står om at det må vere sterk politisk kontroll med pengepolitikken. Rentenivået er ikkje vitskap, i alle fall ikkje berre vitskap, og det vil alltid vere snakk om å vege ulike forhold mot kvarandre. Då er det politikk og bør utførast av politikarane. Men, korleis dette skal skje. Det må vere ei eller ana sperre mot at renta blir regulert i tråd med meiningsmålingane i staden for økonomien.

Målet om å avskaffe fattigdomen blir nok ein gong slått fast, men i tillegg er det definert kva SV meiner med fattigdom. Det er viktig. Fattigdom er ikkje eit einsarta begrep, men kan nyttast av mange på mange måtar. Eit mål om å avskaffe fattigdomen må kombinerast med ein tydeleg definisjon av fattigdom. Enno er nok definisjonen for open for tolkingar. Vi treng større presisjon. Det som står i forslaget er: «SV mener fattigdom, forstått som det å ha for lite penger til å dekke viktige behov, er mulig å avskaffe». Her trur eg det må bli rett å definere viktige behov. Ein slik definisjon må innehalde bustad, mat, litt ferie, mulegheit til å delta i vanlege fritidsaktivitetar for barn og sjølvsagt klede. Her håper eg det finst gode og presise framlegg.

Eg synst vel og det manglar litt om dei som fell gjennom rett til sjukepengar og arbeidsløysetrygd. Det gjeld spesielt folk som driv eigne bedrifter eller er gründarar. På eit eller anna vis må desse få lov til å vere sjuke og eller mislykkast utan at dei dett ned i fattigdom og sosial stønad. Eg er glad for at programkomiteen går in for at det må bli enklare å kombinere arbeid og trygd.

Bustadpolitikken er ein viktig del av dette kapittelet. Eg synst det som står der er bra, men eg kunne nok ønska meg at vi tydelegare på at dei økonomiske rammene til Husbanken må aukast. Satsinga som ligg inne på ikkje-kommersielle utleigebustader er svært bra. Det er i denne bolken den einaste dissensen i kapittelet kjem.

Eit mindretal i komiteen går inn for at «SV vil foreslå at det skal bli lovlig å bebo hus som
er regulert til boligformål, men som ikke har vært i bruk det siste året.»
(VG skriv om det her, medan Sutrekopp ikkje heilt skjønner dette) Eg har stor sans for framlegget, men synst kanskje det går for langt. Respekten for eigedomsretten sit djupt i meg, og er grunnlovsverna. Dette vil vere å gje einskildpersonar rett til å ta seg til rette på annan manns eigedom. Samstundes er det djupt urettferdig og nærmast obskønt at bustadhus står tomme samstundes som folk ikkje har tak over hovudet.

Eg trur ei god løysning på dette ville kunne vere å gje kommunane lov til å tillate at slike vus blir tatt i bruk og at kommunestyret samstundes måtte fastsette ei rimeleg husleige og seie noko om kva stand huset skal vere i. Det vil vere med på å skape politisk debatt om bruken av tomme hus, det ville sette press på huseigarane og ville kunne opne opp tomme hus for bustadløyse på ein ordna og legal måte.

Alt i alt er dette eit godt kapittel som det blir lett å gå inn i ein valkamp med.

Fleire inlegg om forslaget til nytt arbeidsprogram for SV finn du her