Økonomi, Politikk, Troms og Tromsø

Opprør langs kysten

Det er opprør langs kysten. Det har starta i Finnmark, i Mehamn og andre stader. No er det chartra eit fly (jagarfly) for å ta opprøret til Oslo. Kva er det vi er så opprørte over? 

Det er denne karen striden står om. Torsken er verdfull for trålar og industri. Men kven skal ha retten til han? Foto Norsk Havbrukssenter - Flickr

Det er denne karen striden står om. Torsken er verdfull for trålar og industri. Men kven skal ha retten til han? Foto Norsk Havbrukssenter – Flickr

Det som er grunnlaget er ein lang prosess der fisken sakte er blitt omgjort frå ein ressurs for folk langs kysten til eit verdipapir for folk som er langt borte. Dette er eksemplifisert gjennom Røkkes Aker Seafood. Dei fekk lov til å kjøpe rett til å fiske torsk mot at dei påtok seg ein samfunnskontrakt. Kontrakten var i korte trekk. Røkke fekk lov til å fiske og hauste av vår felles ressurs mot at han leverte fisken til anlegg langs kysten å sørge for aktivitet på land. Det at Røkke er i ferd med å bryte denne kontrakten er det som har utløyst dette opprøret.

Den operasjonen Røkke har gjennomført etter at han fekk retten til å fisk er at han har skilt fangstsida frå landsida. Då får han eit reknestykke som viser at han tener pengar på å fange fiske, men taper pengar på fabrikkane. Då han fekk overta var poenget at ein skulle sjå land- og sjøsida i samanheng. Det eine skulle vere avhengig av det andre. Det er ikkje situasjonen slik den er no. Samstundes skal eg glatt innrømme at eg er veldig glad for at Stamsund, der eg er frå, er ein av plassane som Røkke sine selskap har valt å satse på.

Kva må vi gjere no?

Det er fleire utfordringar i fiskeria no. Den eine er låge prisar, noko som gjer at folk må fiske hardare. Den andre er at torskefiskeria er sesongfiskeri, mesteparten av fisken kjem på land mellom desember og april. Det skaper problem i marknadene. Supermarknadene vil gjerne ha stabil leveranse heile året. Det tredje er at frysing av fisken om bord fører til at vi i produksjonen av fisken må konkurrere med lønene i Kina og andre lågkostland.

Det er sjølvsagt ikkje noko enkel løysning på desse problema, men eg er ganske sikker på at vi må søke ei løysning langs desse linjene:

  1. Leveringsplikten til trålarane må handhevast. Konsekvensen av brot må vere at ein mistar konsesjonen.
  2. Deltaraloven må innskjerpast, og omsettinga av fiskerettar må reduserast og over tid må fiskerettane bli uomsettelege både i namnet og gavnet.
  3. Det må satsast stort på forsking på automatisering og robotifisering av fiskeindustrien. Det krev forsking, men skal vi konkurrere med løner andre stader må vi bruke meir maskinar og mindre folk.
  4. Levandelagring av fisk må bli ein norm for å få spreidd fisken utover heile året. Også her krevst meir forsking. Då kan industrien vere heilårsarbeidsplassar og marknadsarbeidet blir enklare. Sannsynlegvis kan vi og hente ut høgare prisar i marknaden.

Kva trur du, kva meir må vi få til for å sørgje for at verdiskapinga frå fiskeria blir langs kysten vår?

Få epost med oppdatering av bloggen

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

 

Standard
Politikk

Røkke, Roger og røveri

Kjell Inge Røkke

Kjell Inge Røkke kontrollerer ti prosent av kvitfiskkvota i Noreg. Skal han få halde fram med det? Foto: andlun1/flickr

Kjell Inge Røkke har skaffa seg kontroll med 10 prosent av den norske kvota på torsk og anna kvitfisk. Desse trålkonsesjonane vart i utgangspunktet delt ut av ein einaste grunn. Dei skulle gje fiskeindustrien stabile leveransar av råstoff. Dersom dei ikkje oppfyller dei vilkåra lenger så er og grunnlaget for konsesjonane borte.

Dette er hovudgrunnen til at Roger Ingebrigtsen sitt forslag blir heilt feil, sjølv om intensjonen kanskje er god. Det at vi skulle kjøpe attende ein fiskerett frå Røkke blir å gje Røkke ei gåvepakke. Grunnen til at denne diskusjonen i det heile tatt er komen opp er jo at Røkke sine trålarar ikkje lenger oppfyller vilkåra som gjev dei rett til å fisk. Då er det einaste logiske å ta frå Røkke retten til å fiske. Det å skulle kjøpe kvotene tilbake frå han blir som å kjøpe ein ny å betre bil til ein råkøyrar så ho kan køyre for fort på ein tryggare måte.

Roger Ingebrigtsen seier i følgje NRK Nordnytt:

Statssekretær Roger Ingebrigtsen er kritisk til Kjell Inge Røkke og Aker Seafoods i nord og ønsker å opprette et statlig ressursselskap som har midler til å kjøpe tilbake trålkvoter.

Dersom vi skulle følgje opp dette to gonger. Først vart kystbefolkninga røva, så blir vi røva for pengar for å kjøpe tilbake den same fisken.

Dersom Røkke ikkje oppfyller vilkåra i konsesjonane om å levere fisk til landanlegga må han miste konsesjonane. Men, vi bør og gjer enoko med trålflåten i det heile. Kystflåten er no blitt så god at han klarer å levere fisk heile året. Då er det ikkje lenger grunnlag for å halde oss med ein kapitalintensiv trålflåte. Kystflåten legg i større grad igjen pengar i kystsamfunna enn trålflåten, medan trålflåten i større grad legg igjen pengar i bankane. I dag har trålflåten ca 30% av kvitfisken medan konvensjonell flåte/kystflåten har 70%. Vi bør sette oss eit mål om å endre dette til 90/10 i løpet av ein tiårsperiode. Det vil Nord-Noreg vinne på.

Og vi slepp å kjøpe ut Røkke.

Standard
Politikk

Eg burde

Eg burde sagt noko lurt om formueskatten. Dei forløysande orda som gjer at alle forstår at skatt er naudsynt.

Eg burde sagt noko lurt om Røkke. Noko som gjorde at alle forstår at fisken tilhøyrer folket og ikkje kapitalen.

Eg burde sagt noko lurt til Obama. Noko som fekk han til å slutte med feige dronedrap på uskuldige i Pakistan og Jemen,

Eg burde sagt noko lurt om sjukehusa. Noko som gjorde at fagfolka fekk jobbe, og politikarane tok ansvaret.

Eg burde sagt – men eg gjekk heller ein tur på ski

 

 

Standard