EU,Feature,Internasjonalt,Russland

Russland skrur igjen gasskrana

682px-gas_stove_blue_flames

Kanskje blir det lite varm mat framover om ikkje gasstriden mellom Ukraina og Russland blir løyst? Foto: Wikipedia

I natt reduserte Russland gasstraumen til EU gjennom Ukraina med 70 prosent. Innbyggarane i Bulgaria har fått beskjed om å sjå seg om etter andre energikjelder. Bulgaria, Hellas, Makedonia og Tyrkia er ramma i første omgang melder EUObserver og Dagbladet.

Med dette går gasstriden mellom Russland og Ukraina inn i ein ny fase. Dei er usamde om pris og betaling. Russland hevdar Ukraina skuldar dei to milliardar dollar for gass og at dei stel av lasset av den gassen som går til EU. Ukraina har på si side svart med å truge med å auke prisen Russland må betale for å frakte gassen gjennom Ukraina seks gonger. Saka blir ikkje enklare av at det er politisk stillingskrig mellom statsministeren og presidenten i Ukraina, slik at ingen av dei i realiteten kan gjere noko med saka.

Dette er ei alvorleg utfordring for EU. Mange av EU-landa i det gamle Aust-Europa er nesten hundre prosent avhengig av russisk gass, men alle EU-landa med unntak av Irland nyttar større eller mindre delar russisk gass. TV2 melder at Austerrike no slit, og at Tyskland og merkar nedgangen i gassleveransane. Det blir spennande å sjå kva Tyskland vil gjere framover. Vil dene krisa sette ytterlegare fart på bygginga av ei ny røyrledning gjennom Østersjøen frå Russland til Tyskland, eller vil Tysklandendre politikk og i større grad leite etter energi andre stader? Den store miljøbekymringa er at EU-landa no går tilbake til å i større grad nytte kol til energi. Dette vil auke CO2-utsleppa kraftig. Dagbladet skriv:

Slovakia erklærer unntakstilstand og Bulgaria vil starte opp igjen gamle kjernekraftverk etter at Russland kuttet gassen til store deler av det sørøstlige Europa. Den bitende vinterkulden det europeiske kontinentet opplever setter gasskrisen ekstra på spissen, ettersom forbruket av gass dermed øker.

Så langt er det ingen som tener på denne konflikten. Russland taper sal, inntekter, og i det lange løp vil nok EU i enno større grad sjå seg om etter andre leverandørar av energi. Ukraina håper å sleppe å betale rekninga si, og å få større inntekter på transitten. Taparane er dessverre mange. Forbrukarane i EU-landa som er avhengige av gass til oppvarming og koking vil kunne komme til å li i vinterkulda om dei ikkje har tilgang til andre energikjelder.

Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia

Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia

Eg har tidlegare skrive om at Gazprom er i trøbbel. Indra Øverland er inne på noko av det same i Dagbladet. Dagbladet siterer Øverland slik:

Mens 2006-krisen mellom Russland og Ukraina ble sett på som et tegn på russisk maktarroganse, er dagens konflikt mer et utrykk for økonomisk desperasjon.

The Streetwise professor er inne på noko av det same. Han hevdar at Russland juksar med omsyn til valutareservane sine. Putin har endeleg innrømt at den internasjonale finanskrisa og vil ramme Russland. Kanskje fordi pengebingen tar til å tømmast?

OPPDATERT

Standard
Feature,Internasjonalt,Olje,Russland

Gazprom – ein kjempe på leirføtter

Gazprom er Russlands ære og makt. Selskapet er det suverent største i landet. Selskapet står for ein fjerdedel av skatteinntektane i Russland, og er ein svært viktig del av russisk utanrikspolitikk og russisk strategi for å få større kontroll med det nære utland. Det er derfor ei stor utfordring for Russland, for det politiske systemet Putin skapte og for russisk økonomi når det no kjem rapportar om at Gazprom treng krisehjelp.

The BarentsObserver skriv:

The Russian government is preparing several measures on how to support energy giant Gazprom in the current situation of looming crisis. A stock emission is one of the alternatives. In return the state demands that the company reduces its investment programme.

Farleg område er tittelen på skiltet over denne røyrledninga. Det kan nok stemme for russisk økonomi og. Foto: SpacePirate/Flickr

Farleg område er tittelen på skiltet over denne røyrledninga. Det kan nok stemme for russisk økonomi og. Foto: SpacePirate/Flickr

Ein stor del av den framtidige investeringa skulle vere i det svære Yamalfeltet. Om denne investeringa blir utsett vil det bli vanskeleg for Gazprom å fylle røra med gass i framtida. I følgje NRK Nordnytt, Dagbladet og VG dekker Gazprom ein fjerdedel av behovet til Europa, men mykje av denne gassen er ikkje russisk, men kjem frå andre stater i Sentral-Asia. Tidlegare har Gazprom kjøpt dennne gassen billig, og selt han dyrt til Europa. Det går ikkje lenger. Kinesarane er interessert i å kjøpe gass og bygge røyrleidning. Det betyr at Gazprom ikkje lenger er einaste kjøpar.  Då går prisen opp og Gazprom tener mindre.

Det er kanskje verre for Russland og Gazprom at produksjonen frå eigne felt går ned. NRK siterer Arild Moe ved Fridtjof Nansens Institutt:

Produksjonen faller med rundt 25 milliarder kubikkmeter i året. Tre av de fire største feltene er nå på vei ned, mens det fjerde er på topp.

og NUPI-Forskr Indra Øverland.

Gazprom har ikke åpnet nye gassfelt siden 1991, og det vil etter alt å dømme gå flere tiår før produksjonen fra Sjtokman-feltet i Barentshavet og de rike feltene på Yamal-halvøya lenger øst kommer skikkelig i gang. Jeg vedder på at det ikke kommer gass fra Sjtokman før i 2020.

Russisk økonomi  og forsvar

Den russiske økonomien er hardt ramma av finanskrisa. Industriproduksjoen gjekk ned med 8,7 prosent i november og rubelen har mista 16 prosent av verdien sin sidan sommaren. Dei enorme russiske  valutareservane minskar kraftig i forsøk på å forsvare valutaen. I sommar hadde den russiske sentralbanken 600 milliardar dollar, no er dei nede i 440 milliardar. Det er fleire kjelder til desse tala, sjå mellom andre The BarentsObserver og Edward Lucas.

Det er no rapportar i media om at russarane forsøker å bruke opp rublane sine på lettomsettelege varar som elektronikk og gull. Mange reknar med ei russisk devaluering tidleg på nyåret. Det har allereie vore offentlege protestar i Vladivostok og andre stader mot dei økonomiske vanskane. Dette bekymrer heilt sikkert styresmaktene. Russisk økonomi er i svært stor grad bygd på råvarer. I takt med at oljepris, stpålpris og alt anna går ned vil det bli tøft for den russiske staten og for russarar flest. Det blir interessant å sjå korleis Medvedev og Putin reagerer på dette. Vil det bli open meiningsbryting eller ville det bli slått hardt ned på. Dei fleste av oss gjer oss vel nokre tankar om det. Robert Amsterdam har omsett ein artikkel frå RBK Daily. Han skriv:

«Reduction of the internal troops of the MVD of Russia will be suspended», — reported, citing a decision of the leadership of the country, commander in chief of the VV general of the army Nikolai Rogozhkin. He in no way connects the decision to maintain the numbers of the VV with the financial crisis, citing the «necessity of fulfilling all tasks that have been set», but which ones specifically, Mr. Rogozhkin does not specify.

The Streetwise professor rapoorterer noko liknande:

Nonetheless, it is apparent that Putin’s ruling “United Russia” party and Putin himself are terrified of popular unrest. One proof of this is a recent change to the Russian criminal code, voted into law by the United Russia party and the Liberal Democratic Party on December 12. The change forbids a trial by jury not only in terrorist cases, hostage taking and the attempts to overthrow the government, but also for “mass disturbances,“ “diversions,” “treason,” and “espionage” (Kommersant, December 15).

Det er i alle fall sikkert at å snakke om ein ny kald krig slik nokre gjorde etter krigen i Georgia er tåpeleg. Det var tåpeleg då, og blir tåpelegare no. Russland er eit stort land med eit stort atomvåpenarsenal, men utan ein økonomi som kan gjere dei til ei supermakt. I tillegg viser rapportane frå krigen i Georgia at den russiske hæren står langt attende.  Dei mangla moderne utstyr og moderne kommunikasjonar.

Lat oss håpe at Russland rir av stormen på ein god måte, men blir det ille kan mangt skje.

Standard
Feature,Internasjonalt,Politikk,Sosialisme

Finanskrise eller matvarekrise?

Så lenge det var bankar og høgt betalte finansakrobatar som først og fremst vart ramma av krisa, så må eg innrømme at det ikkje gjorde så vondt i sjela mi. Eg var sjølvsagt bekymra for renta, kredittproblema og manglande lån for folk og bedrifter som treng, men no tar det til å gå utover mattryggleiken. Då er det alvor.

Kapitalen er i trøbbel for tida. Takk til scriptingnews for biletet

Kapitalen er i trøbbel for tida. Takk til scriptingnews, http://www.flickr.com/photos/scriptingnews/2899916712/ for biletet

Det kjem rapportar om butikkar som tar til å bli tomme for mat i Moskva. BarentsObserver.com skriv:

Now the chain has ruptured with banks now longer willing to offer the credits. Subsequently, the wholesalers are no longer able to buy the foodstuff from the producers and then sell it on to the supermarkets, newspaper Komsomolskaya Pravda reports. Consequently, the shops are emptying.The situation has now made Russians line up in the shops and secure their necessary products. The result is an even more rapid decrease of good in the stores.

Russland har i og for seg pengar nok til å støtte banksystemet og sørge for tilgang på kreditt. Så kan ein jo lure på om dei får det til å fungere. Island har derimot ikkje pengane som skal til. Dei forhandlar jo om lån frå Russland. Reuters skreiv her om dagen:

Iceland has food stocks for about 3 to 5 weeks, but needs quickly to restore a proper foreign exchange market so importers can get back to normal business and avoid shortages, importers said on Wednesday […]The problem for importers was uncertainty about whether they would get foreign exchange, which they now have to apply for under a rationing system begun by the central bank.

Dagbladet har tatt inn den same meldinga frå NTB her. No trur ikkje eg at vi kjem til å sjå svolt verken i Russland eller på Island. Ingen av landa er som Zimbabwe. Men dette gjev oss ein god leksjon i korleis kapitalismen fungerer. Kreditt og lån er det som får hjula til å gå rundt. Utan lån og kreditt ingen kapitalisme. Get Rich Slick seier det på denne måten:

There WILL be plenty of food around but it would be a matter of the truck driver having the credit to buy the fuel for his truck to get the food from the farm to your grocer. It will be a matter of the grocer to have credit to pay the trucker for his services. It will be a matter of the fuel station to have the credit to buy fuel from big oil and so on…..

Og dette er vel ikkje noko nyheit. Når folk svelt rundt om i verda er det ikkje fordi det er for lite mat, det er berre ikkje kreditt og lån til å skaffe fram maten. Når det ikkje finst kreditt stoppar alt opp. Men, det rare er at verda framleis er i stand til å produsere like mykje mat, stål, datamaskinar, olje eller kunstgjødsel. Ingenting reelt endrar seg sjølv om kreditten blir borte. Det betyr at ei kredittkrisa kan løysast – dersom politikarane vil. Dersom politikarane er villige til å styre marknaden i staden for å la marknaden styre. Eg er fornøyd og stolt over at Noreg har ein finansminister som vil styre. Som ikkje vil fjerne dei reguleringane og dei tilsyna som sikrar oss at vi har tilgang til kreditt.

Er det ikkje rart at det er sosialistane som best forstår veikskapen, og styrken i marknaden og best kan nytte han til beste for samfunnet? Nja, kanskje ikkje så rart, vi tenkjer jo samfunn heller enn kapital.

Standard
Internasjonalt,Klima,Olje,Politikk,Russland

Arktis blir varmare

Nei, eg snakkar ikkje om klimaendringar denne gongen. Det kunne eg nok gjort. Nordvestpassajen er open igjen i år og isen er tynnare enn nokon gong. Men, nei, denne gongen handlar det om det internasjonale landnåmet (sjøbotnnåmet) som foregår der.

Havrettstraktaten gjev landa rundt polbassenget ein frist fram til 2014, eller tidlegare om dei ratifiserte traktaten før 2004, til å fremme krav om kontroll over kontinetalsokkelen. Det betyr at vi no framover får ei mengde krav. Noreg har allereie lagt fram sitt krav, Russland, Canada og Danmark (Grønnland) er på veg. Det er usikkert korleis USA vil gå fram, dei har ikkje ratifisert Havrettstraktaten slik dei andre landa har gjort.

Det er ingen tvil om at fleire av krava vil overlappe kvarandre. Heilt sikkert er det at meir enn eitt land vil gjere krav på sjølve polen. Når isen no er i ferd med å bli borte, samstundes med at US Geological Service hevdar at det er store forekomstar av olje og gass i området, så ligg det til rette for kappløp og konflikt. Vi må berre håpe at desse konliktane ikkje eskalerer til væpna konflikt.  Dose.ca skriv:

In the latest sign of the rising international political stakes in the Arctic, the top U.S. Coast Guard official has revealed a planned shift in American foreign policy from scientific research to «sovereignty» and «security presence» in Alaskan waters bordering Canadian and Russian

vidare

«The primary mission right now is the maritime boundary line with Russia – keeping foreigners from stealing Alaskan fish,» Rear Admiral. Gene Brooks, head of the U.S. Coast Guard’s operations in Alaska, told the radio network.

og

…prompted the Conservative government to promise a new year-round icebreaker for Arctic waters and a fleet of up to eight ice-reinforced patrol boats.

Vi skal likevel vere forsiktige med å sjå på desse konfliktane som noko som vil foregå mellom aust og vest. Kaldkrigsbrillane må leggast heime. Potensialet for usemje er like stort mellom Canada og USA, Canada og Danmark som konfliktpotensialet mellom Russland og dei andre.

Likevel, the Telegraph skriv at:

As the polar powers have got out their maps in the last couple of years, four of them – Norway, Denmark, Canada, and the USA – have made the unpleasant discovery that the fifth – Russia – is far ahead of the game. As Russian forces consolidate their grip on her messy southern frontier in the aftermath of the war with Georgia, her diplomats, oilmen and military have been pressing their advantage in the north, a border region which is on a far vaster scale but equally confused and disputed.

Cleo Paskal, an Assistant Fellow at Chatham House and an expert on how climate change will affect borders, said: «The Russians have a big head start. Their nuclear submarines have been all over the Arctic for decades, they have 16 icebreaking ships to the Americans» four, they have a lot of experience and a lot of the right gear.

Så, mens alle landa oppgraderer millitæret sitt i nordområdeøyemed, så får vi berre håpe at dei metodane som ligg i Havrettstraktaten for å handtere konfliktar og løyse dei vil vise seg å vere robuste nok til å handtere denne situasjonen.

Standard
Internasjonalt,Politikk,Russland

Svensk internettovervaking retta mot Russland?

Demonstrasjonar mot loven i Stockholm 08.06.08Den svenske FRA-lagen er ein undertrykkande lov som føresett at alle svenskar med utanlandskontakt ikkje har krav på privatliv. Eg har lenge vore forundra over at dei svenske styresmaktene kunne vedta ei slik undertrykkande lov, sjølv om det er høgresida som styrer. Denne artikkelen i Dagens Industri, forklarer kanskje ein del (også her).

Det viser seg at 80% av den russiske internettrafikken går gjennom Sverige. Den nye loven gjev svensk forsvar rett til å overvake denne trafikken utan rettsleg kjennelse eller grunngjeving. Det er i så fall trist at redsla for Russland skal få denne typen konsekvensar.

Denne loven vil svekke rettane til svenskar og mange nordmenn. Denne nettstaden ligg på ein svensk server. All trafikken som går gjennom denne serveren kan no overvakast. I tillegg til den makta dette potensielt gjev svenske styresmakter over privatlivet til folk, er dette med på å forsure tilhøva mellom Russland og vesten. Eg er redd for at dette vil bli nok eit argument i Russland for at russarane ikkje kan stole på vesten. Det kan vere ein av mange faktorar som styrkar ei utvikling i Russland som få av oss ønsker.

Du kan lese meir om FRA-lagen i DN eller på Wikipedia, eller Jan Omdals kommentar i Dagbladet.

Standard