Politikk

Er eg samisk nok?

Pål Julius Skogholt med kofteI dag på samefolkets dag tok eg på meg kofta eg arva etter han pappa. Eg liker å gjere det, det er ein måte å heidre han pappa og å vise kvar ein kjem frå. Men kvar gong eg gjer det så ligg det ein liten tanke og lurar bak i skallen. Er eg samisk nok til å bære kofta, blir det ikkje litt pretensiøst å ta på kofta?

Eg kan ikkje samisk – korkje nordsamisk eller lulesamisk som nok er det som ein gong i tida vart snakka i slekta mi. Eg har ikkje vakse opp i ein samisk kultur, men i eit vanleg nordnorsk fiskevær, kan eg då vere samisk? Eg kan sjølvsagt seie at dei fleste av oss som er av nordnorsk fiskarbondeslekt – i alle fall frå litt inn i fjordane – så er kulturen ei blanding og ei brytning mellom det norske og det samiske. Ein slags mestiskultur der både det norske og det samiske fanst utan at ein eigentleg veit eller visste om kva som var kva. Men gjer det meg samisk. Snakka eg sant då eg kryssa for at eg kjente meg samisk når eg melde meg inn i samemanntalet?

Eg veit ikkje. Og kva betyr det å vere samisk?

Denne videoen svarer ikkje på spørsmålet om eg er samisk nok, men det at eg ikkje er åleine om å stille spørsmålet gjer meg glad. Eg synst Cecilie Gjennestad i NRK Sápmi har laga ein interessant liten videoserie om akkurat det spørsmålet.

Eg følgjer i alle #samish, og kven veit kanskje finn eg svar på spørsmålet mitt til slutt.

Standard