Politikk, Troms og Tromsø

Moglegheiter i krisa?

Det blir sagt at det kinesiske teiknet for krise er sett saman av teikna for moglegheit og fare. Det stemmer ikkje, men kan vi likevel sjå om det finst mulegheiter i den krisa som dei borgarlege i Tromsø har utsett oss for?

I det siste kommunestyremøtet fekk byrådet i Tromsø fullmakt til å konkurranseutsette all kommunal verksemd. Det er ei krise, det er ei fare, men kanskje og ei ørlita moglegheit. I alle fall ei moglegheit til å begrense krisa.

Det er sannsynleg at det er store milliardkonsern som no kjem inn på marknaden i Tromsø og overtar drift av heimeteneste, sjukeheimar og barnehagar. Konsern som ofte er registrert i skatteparadis. Det finst likevel ei anna moglegheit.

I Noreg har vi lang tradisjon for samvirkeorganisering av velferdstenester. Foreldreeigde barnehagar er eit døme, studensamskipnadane er eit anna døme. Dette er ein måte å drive velferdstenester på der profitt ikkje er i høgsetet og der fokuset er på gode tenester. Det gjev og brukarane stor innverknad på korleis tenstene skal vere. Det er fult mogleg å tenkje seg at dei tilsette tar over drifta av ei teneste i ei samvirkeorganisering der ikkje profitt, men gode tenester og gode arbeidsplassar står i fokus.

Samvirkeprinsippa kan oppsummerast slik:

  1. Ope og frivillig medlemskap.
  2. Demokratisk medlemskontroll.
  3. Medlemmane skal delta økonomisk.
  4. Autonomi og sjølvstyre.
  5. Utdanning, trening og informasjon.
  6. Samarbeid mellom kooperativ.
  7. Opptatt av samfunnet.

Her har byrådet eit val. Dei kan velje å konkurranseutsette på ein måte som gjev private milliardkonsern sugerøyr i kommunekassa, eller dei kan gjere det på ein måte som tryggar fokuset på kvalitet og brukarstyring.

Eg blir vel ikkje forundra om Høgre, Frp og Venstre i Tromsø vel den private profitten framfor dei gode tenestene. Det er jo slik dei har oppført seg til no.

Standard