SAS og bannskap

image

Eg høyrde Bård Hoksrud på Dagsnytt 18 i dag. I følgje han har Trond Giske gjort alt galt. Eg skulle likt å høyrt Hoksrud sin reaksjon om Giske hadde bidratt til konkurs i SAS. Då skulle du høyrt på halloi. Plutseleg hadde vi stått der utan flysamband mange stader og med monopolistprisar alle andre stader.

Eg er ikkje glad for det som skjer i SAS, eg liker ikkje å bruke skattepengar på private selskap, men dessverre er vi i ein slags tvangssituasjon her. Eg er ganske sikker på at det har vore ytre ein del ord i den politiske leiinga i departementet som ikkje eignar seg på trykk i den siste tida. Likevel meiner eg Giske si løysning nok er den minst dårlege i dagens situasjon.

Det aller viktigaste no er å trygge framtida og stabiliteten i Widerøe. Widerøe er eit viktig kollektivtrafikkselskap i store delar av landet. Dei grønne måsane er viktige der det ikkje finst tog. Eg håper dei tilsette får til å kjøpe selskapet, også drøymer eg om at Widerøe blir eit samvirkeselskap eigd av kundane og dei tilsette. Det ville gjeve godt grunnlag for drift og eit selskap som tar kundane sine behov på alvor. Det viktigaste hadde likevel vore at det hadde vore demokratiserande.