Feature

Verdt å lese 17.09.11

Dersom du er interessert i å lese om utviklinga i SV, så har det blitt skrive fleire gode bloggpostar om partiet i tida etter valet. Sjølv har eg skrive litt om korleis vi kan utvikle partiet framover, og litt om regjeringsdiskusjonen. Thomas Tallaksen har skrive fleire gode postar som er verd å lese, sjølv om eg er usamd med motstanden hans mot uravstemming. Christer Gulbrandsen har interessante tankar her.

Men alt handlar ikkje om SV. I Nordlys kan vi lese at Tromsø engasjerer seg for å stoppe avrettinga av Troy Williams, men vi kan kanskje ikkje rekne med at det held fram når Jan Blomseth no blir byråd. For Nordlys må det forøvrig vere ei kjempeutfordring at Avisa Nordland no er blitt størst i nord.

Ein annan ting som kan bli stort er gruvenæringa, treng vi då eit mineralstatoil? Ei anna stor næring i nord som er under press frå oljenæringa er fiskeria. Dei varslar no aksjonar mot seismikkskyting. Men det er og andre store diskusjonar i fiskerinæringa, framleis står kyst mot hav. Men, med dei aukande havtemperaturane er det uansett nye artar dei må fiske etter i framtida.

Det er kanskje ikkje så mykje fisking i elvene og kloakkane i London, men underleg nok kan tunellane vere vakre. Det er ikkje like vakkert at Miljöpartiet i Sverige er blitt eit borgarleg parti, men det stemmer med Brynmor Evans sine utsegn til iTromsø i valkampen; “Folk tror vi er radikale fordi vi har en radikal miljøpolitikk, men vi er ikke radikale i den økonomiske politikken”.

Til slutt kan det vere verd å spørje om venstresida er for opptatt av kuturell tilhørigheit, det gjer i alle fall Jens-Martin Eriksen i boka “Adskillelsens politikk” om vi skal tru Klassekampen.

 

Standard
Feature, Olje

Seismikkskyting, kostnad og miljø

800px-Fugro_vessel_Geo_Pacific

Seismikkskipet Geo Pacific som oppererer utanfor Vesterålen no. Her ved kai i Bergen i september 2007. Foto: Wikipedia Commons/Brukar:Arsenikk

Fiskeri og havbruksnæringas landsforbund (FHL) og Fiskekjøperes forening vil ha erstatning frå staten på grunn av seismikkskytinga utanfor Vesterålen. Dei meiner det er urettvist at berre fiskarane får erstatning. Nordlys skriv om det her og her. Desse krava stiller oss overfor fleire viktige spørsmål.

1. Kjenner vi dei reelle økonomiske konsekvensane for næringa og kystsamfunna av den seismikkskytinga som foregår?

2. Gjer desse organisasjonane ein god jobb for å kjempe mot oljeutvinning og seismikkskyting eller vil dei heller ha erstatning?

og

3. Bør dei få erstatning?

For å ta det første først. Svaret er nei, ingen tør seie kva det faktisk vil koste i tap for fiskerinæringa og dei fiskeriavhengige kystsamfunna. Seismikkskytinga er berre første steg i retning av ei oljeutvinning. Når FHL seier til Nordlys at:

For Vesterålen alene viste statistikken en nedgang i leveransene av sei fra 907 tonn i 2007 til 372 tonn i 2008. Også for kveite og alle andre fiskeslag var nedgangen betydelig, sier Ystmark. – Og legger til: Ja, vi mener helt klart at seismikkskytingen er hovedårsaken til nedgangen fordi fisken ble skremt vekk fra feltene. Landingsstatistikken for havfiskeflaten viser nesten ingen endringer fra 2007 til 2008. Det fordi havfiskeflåten kan ta fangst langt borte fra områdene hvor det skytes, sier Ystmark.

Dette er berre begynnelsen på dei tapa alle som ikkje tener pengar på olja må ta for at vi skal kunne fortsette å øydelegge miljøet. Dette må vi stoppe no.

Det andre er vanskelegare å svare på. Det vi veit at NHO (der FHL er medlem) er ein av dei ivrigaste pådrivarane for oljeutvinning utanfor kysten av Lofoten, Vesterålen og Senja. Det kan då vere rimeleg å utfordre FHL på kva dei har gjort for å få ei endring i NHO på dette området? Kanskje burde NHO vere med å betale den erstatninga som FHL krev?

Det tredje er enkelt, sjølvsagt bør dei få erstatning. Eigentleg burde vi ikkje halde på med denne seismikkskytinga, men når vi gjer det må vi og betale dei reelle kostandene med skytinga.

Hilde-Gunn seier det godt på sin blogg:

Hovedfokuset må fortsatt være å få politikerne til å snu hodene bort fra gassgrillen – og satse på å finne bærekraftige energikilder istedet.

Eg er samd, og ein artikkel i Teknisk Ukeblad viser til at vi på langt nær veit nok om korleis seismikk påverkar fisken. Då kan ikkje eit av dei viktigaste fiskefelta i Noreg vere rett plass å eksperimentere på?

Men kanskje viser denne artikkelen i Klassekampen litt av grunnen til at det er blitt som det er. I følge Klassekampen har mange sentrale tillitsvalde i Fiskarlaget store interessar i oljenæringa. Då kan ein jo spørre seg kva herre dei tener?

Det er i alle fall ingen tvil om kva parti du må stemme på til hausten om du vil ha stopp i oljekåtskapen, det må bli SV. Berre eit sterkt SV i ei raud-grønn regjering kan hindre oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er einaste måten å unngå at Ap, H og Frp danner fleirtal på Stortinget for å opne opp områda.

Standard