Troms og Tromsø

Alt aukar unntatt eigedomsskatten

I dag kan vi lese at Tromsø har den dyraste SFOen i Troms. Det er ikkje direkte overraskande. For i Tromsø aukar alle gebyrar og avgifter unntatt eigedomsskatten. For Høgre og Frp er det viktigare at dei som har dyre hus skal sleppe skatt enn at vanleg folk skal ha råd til SFO og fritidsaktivitetar. Denne grafen viser korleis Høgre og Frp prioriterer i Tromsø.

Graf som viser prisutvikling for ulike tenester i Tromsø

Standard
Feature, SV

Eit program for Tromsø

Tromsø SV sitt program viser rett retning for Tromsø. I går presenterte vi forslaget til kommunevalgprogram for Tromsø SV. Eg er sjølvsagt grusamt inhabil i saka, men eg meiner dette er eit program for å utvikle byen vidare på venstresida og folk flest sine premiss. Korfor meiner eg det?

 

Det aller viktigaste er sjølve grunntonen i programmet og det vi trekk opp som dei viktigaste skiljelinjene.  Innleiinga til programmet seier:

Kommunevalgkampen 201 1 vil handle om den store forskjellen i norsk politikk:

På den ene står vi som vil styrke folks makt over egen hverdag, og på den andre siden de som vil overlate makta til markedet.

Eg trur og håper at dette blir ei av hovudsakene i denne valkampen. Det er ingen tvil om at høgresida både i Noreg og internasjonalt er på offensiven i åtaka på rettane til arbeidsfolk, anten det er i offentleg eller privat sektor. Vi svarar på dette ved å lage ein arbeidsgjevargaranti. Denne garantien seier noko om korleis vi skal oppføre oss som arbeidsgjevar i kommunen. I tillegg er vi tydeleg på kva grep kommunen bør ta som innkjøpar for å bidra til å unngå sosial dumping i det private.

Noko av det eg er mest opptatt av for tida er skole og barnehagar. Kanskje ikkje så underleg fordi eg har to ungar i barnehagen og ein i skolen. No er mine inne i systemet, men det kan vere riktig fortvilande for dei som ikkje får ein barnehageplass når dei treng det, kanskje fordi ungen er født på feil side av den magiske datoen. Eg meiner derfor at det er viktig med eit kontinuerleg opptak til barnehagane. Vi skriv i programmet:

At Tromsø skal tilby barnehageplass også til de som ikke har rett etter de sentrale reglene

Det krev ein viss “overkapasitet” i barnehagane, noko som og vil vere med på indirekte betre tilhøvet mellom talet på ungar og talet på vaksne i barnehagen. Eg trur ikkje vi kjem heilt dit at alle kan bli garantert plass den dagen ungen blir eitt år, men vi skal nærme oss.

Eg er og ein stor tilhengar av å gjere noko med SFO. Kvaliteten kan bli betre, og over tid kan vi kome dit at vi får ein variert heilskapleg skoledag for dei små med plass til kultur- og idrettsaktivitetar i skolen, noko som vil vere med på å frigjere tid på ettermiddagane for samvær mellom foreldre og barn. Dersom fortballtreninga kan bli ein del av SFO/skoledagen får vi ein time ekstra saman med ungane om ettermiddagen medan både foreldre og barn framleis har krefter til å få noko positivt ut av det.

I programmet er det mykje god politikk på velferdsområdet. Vi vil at barnetrygda ikkje skal reknast som inntekt ved utrekning av sosialhjelp, vi vil ha ei kartlegging av levekår og fattigdom i kommunen, og vi vil ha fart på bustadbygginga i kommunen. Vi er villige til å ta i bruk både ekspropriasjon av tomter og anna for å få dette til.

I tillegg er sjølvsagt miljø ein sentral del, saman med kultur, idrett, næringspolitikk og internasjonal solidaritet. Frp skal nok få grunnar til å protestere mot samarbeidet med Gaza og i framtida. Eg synst rett og slett du skal lese programmet sjølv, og eg vil gjerne ha innspel frå deg til ting vi har glømt eller ting som kan bli enno betre i programmet fram til endeleg vedtak. Det blir sannsynlegvis den 26. mai på eit medlemsmøte.

Har du sterke meiningar kan du jo bli medlem i SV og kome på møtet.

Du kan laste ned programmet her

 

 

Standard
Feature, Skole, SV, Troms og Tromsø

IKT-senter og betre SFO

I dag har vi hatt besøk av kunnskapsministeren (Bård Vegar Solhjell frå SV) i Tromsø. Det har vore ein god dag for byen og for utdanning i Tromsø. Den første hendinga var at han har bestemt at hovudkontoret for det nye IKT-senteret skal ligge i Tromsø. Den andre hendinga var at han lova at Tromsdalen skole skal få pengar til å halde fram satsinga på kvalitet i SFO. Kan det bli betre?

22062009653a

Solhjell blir mottatt på Tromsdalen skole av SFO-ungane. Foto Pål Julius Skogholt

I Troms har vi brukt mykje pengar og energi på å utstyre alle elevane i vidaregåande skole med eigne Pcar. Det trur eg; skjønt under litt tvil; er ei rett satsing. Det er likevel ikkje nokon tvil om at vi har eit stykkje igjen å gå før vi får eit læringsutbytte av desse PCane som står i forhold til kostandene. Her kan eit slikt IKT-senter bli ein svært viktig medspelar. Ministeren seier det slik i pressemeldinga frå departementet:

Senteret er eit uttrykk for at vi meiner IKT er ein viktig del av utdanningspolitikken. Vi ønskjer at skulane og barnehagane meir effektivt skal nytte IKT for å få til betre læring. Å plassere hovudkontoret i Tromsø inneber at vi ser på nordområda som ein kunnskapsregion. Tromsø har mange, gode kunnskapsmiljø som vil spele ei viktig rolle for senteret.

Eg trur han har rett. Her kan du sjå Solhjell sin eigen presentasjon av det nye senteret. Nordlys skriv om det her, og NRK her. IKT i læring har ei kort melding her.

Etter at denne nyhenda vart slept reiste vi vidare til Tromsdalen skole (Ja, eg fekk lov til å vere med heile dagen, det er alltid hyggeleg). Sjølv om eg ikkje har noko formelt ansvar for det som skjer i grunnskolen er det viktig for vidaregåande skole og. Den kunnskapen elevane har med seg frå grunnskolen avgjer korleis den vidaregåande skolen blir. Tromsdalen skole har eit spennande prosjekt med fysisk aktivitet i SFO, der elevane frå ungdomsskolen er leiarar. Det fungerer fint. Og prosjektet får no i underkant av ein million frå ministeren.

Det som skjer i SFO er det mest undervurderte temaet i norsk skole. Nesten alle første og andreklassingane er i SFO, derfor blir det som skjer i SFO viktig for samfunnet. I dag har SFO for varierande kvalitet og er for dyrt. EG er glad for at Solhjell og SV har sett fokus på dette området. Fysisk aktivitet, leksehjelp, og mat i SFO (pluss ein masse leik) vil gje betre skoleresultat over tid, og i neste instans mindre fråfall i vidaregåande skole.

Standard