Helse, Politikk

Helse Sør-Øst får for mykje

Det sluttar aldri å forundre korleis det som skjer på det sentrale austlandsområdet får større vekt enn det som skjer i resten av landet. I løpet av denne vinteren har det vore mykje skriveri om dei økonomiske problema i Helse Sør-Øst, mens resten av landet i stor grad har blitt ignorert. Det vi veit, er at Helse Sør-Øst får nesten 800 millionar meir enn behova tilseier, medan dei andre helseføretaka får tilsvarande for lite.

Regjeringa nedsette i desember 2006 eit offentleg utval under leiing av professor Jon Magnussen med oppgåve å gjennomføre ein brei fagleg gjennomgang av fordelingsmekanismane i dagens basisløyvingar til dei regionale helseføretaka. Formålet var å kome fram til eit system som er så enkelt og rettferdig som mogeleg.

Utvalet sitt forslag til inntektsfordeling skal sikre at dei fire regionale helseføretaka er i stand til å tilby innbyggjarane likeverdig tilgang til spesialisthelsetenester. Forenkla sagt vil ei fordeling ut frå forslaget til utvalet kompensere for reelle regionale skilnader i behov og kostnader. Dette utgangspunktet viser då at Helse Nord, Helse Midt og Helse Vest ha ein større del av løyvingane enn med dagens modell. Dette vil bidra til realisering av Regjeringa si målsetjing om gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av personleg økonomi og bustad. Dessverre har vi ikkje likeverdige tenester i dag. Vi kan ikkje leve med ei skeivfordeling av eit sentralt velferdsgode som helsetenester er.

I utgreiinga kjem det fram at det er regionale skilnader i den delen av konsultasjonar som blir utført av private kontra offentlege spesialistar/sjukehus, men det mest interessante her er det totale talet konsultasjonar per 1000 innbyggjarar. Desse tala viser at Helse Nord har det nest lågaste tal konsultasjonar på 1188 per 1000 innbyggjar, mens Helse Sør-Øst har det høgaste talet konsultasjonar på 1305 per 1000 innbyggjarar. Dette har blant anna samanheng med tilbodsstruktur, dvs. kvar spesialistane er lokaliserte og avstand frå befolkninga til desse.

Noko av det viktigaste som kjem fram i utvalet sitt arbeid er at nyare data og analysar klårt viser at sosial ulikskap burde telje meir med i inntektsfordelinga. Så lenge det ikkje blir korrigert for reelle behovsskilnader, vil ein heller ikkje få ei korrekt fordeling av inntekter mellom helseføretaka.

Utgreiinga til utvalet gjev ein god dokumentasjon på at geografiske ulikskapar i behov og kostnader til no ikkje har vore inkorporert godt nok i inntektsfordelingsmodellen. Dette har gjeve seg utslag i at helsetilbodet i nokre delar av landet har vore betre enn i andre delar av landet. Slik kan vi ikkje ha det i framtida, og det betyr at vi må omfordele ressursar frå Helse Sør-Øst til dei andre helseføretaka. I Noreg har vi fritt sjukehusval. Så lenge helse Helse Sør-Øst har eit betre tilbod enn dei andre helseføretaka vil det vere med på å flytte pasientar frå dei andre helseføretaka til Helse Sør-Øst. Kvar gong ein pasient vel å benytte seg av sitt frie sjukehusval og reise til eit anna sjukehus, er det avsendarsjukehuset som må betale heile rekninga. Når Helse Sør-Øst får meir pengar enn dei burde hatt samanlikna med dei andre helseføretaka vil dei og jamt over og ha kortare ventetid. Det vil føre til at pasientar vil velje seg bort frå Helse Nord, Helse Midt eller Helse Vest. Ikkje berre må desse pasientane då måtte reise lenger enn andre, men det vil og tappe helseføretaka for pengar – pengar som vil gå til å gje innbyggjarane i Helse Sør-Øst sitt område eit betre tilbod enn i andre delar av landet. Over tid kan dette bidra til å utarme kompetansen ved dei andre sjukehusa og dermed i enno større grad skeivfordele tilgangen til gode helsetenester. Spesielt tydeleg kjem dette til å bli fordi utvalet legg opp til at helseføretaka som sender pasientar frå seg skal betale heile rekninga.

Utvalet har påvist ein klår samanheng mellom klima og ressursbehovet innanfor somatikk. Dette kriteriet åleine ville dersom det vart brukt fullt ut i modellen gje ei omfordeling på ein milliard kroner frå Helse Sør-Øst til dei andre helseføretaka, særleg Helse Nord. Ettersom dette er eit nytt kriterium har det i utvalet vore diskusjonar rundt bruken av dette. Som eit kompromiss enda ein opp med å ta inn kriteriet med 20 % av reell verdi. Klima tel dermed for 200 millionar av den totale omfordelinga på 781 millionar kroner frå Helse Sør-Øst. Verken befolkning eller helseføretak kan gjere noko for å førebyggje regionale klimaskilnader, og det er naturleg at ein gradvis aukar bruken av klimafaktoren opp til i første omgang 50 % og seinare 100% av faktisk kostnad. Alternativet er at folk i Nord-Noreg skal ha dårlegare tilgang til helsetenester enn folk i resten av landet.

Helseføretaka sit på mykje kapital knytt til sjukehusbygningar og utstyr. Utvalet har ikkje vurdert det reelle behovet, men slår fast at skilnadene skal utliknast over 20 år. Det betyr at utvalet ikkje har tatt omsyn til at ein i delar av landet har ei spreidd befolkning og dermed treng fleire sjukehus og meir utstyr i forhold til folketalet enn andre delar av landet. Det er derfor openbart at vi må ha ein ny gjennomgang av kapitalstrukturen i landet. Kapitalbehovet kan aldri bli likt mellom helseregionane. Dersom alle skal ha eit sjukehus i nærområdet sitt så er det ikkje i Helse Nord at kapitalen (les: talet på sjukehus) må reduserast. Den reduksjonen må komme i det sentrale austlandsområdet.

Eg meiner at utvalet sin modell vil vere eit første steg i retning av å rette opp noko av skeivfordelinga mellom landsdelane. Kriteria i modellen framstår som vel velgrunna, og må følgjast opp, og føre til ei reell omfordeling mellom helseregionane. Dersom utfordringane knytt til kapital og klima blir retta opp vil vi nærme oss eit rettferdig system, med eit likeverdig helsetilbod i alle delar av landet. Det kan nok vere eit visst behov for overgangsordningar, men eg vil likevel understreke at dokumenterte skilnader i behov og kostnader må leggjast til grunn dersom vi skal få eit rettferdig system. I motsett fall vil det vere ei bevisst prioritering som gjer at innbyggjarar i Helse Sør-Øst får eit betre helsetilbod enn i resten av landet.

Standard