Feature, Skole, Vidaregåande

SV legg ikkje ned skolar

produksjonsvaken

Biletet viser logoen til produksjonsvaken på Høgtun. I løpet av dagene og natta 21.-22. oktober laga elevane mange ulike kunstverk for å sette fokus på framtida til skolen. Foto: Pål Julius Skogholt

I dag er det blitt brot i fylkesrådssamarbeidet i Troms mellom SV og Ap. Det var ikkje råd for oss å bli samde med AP om den framtidige skolestrukturen i Troms.

Derfor har eg i dag sendt dette brevet til fylkesrådsleiaren:

AVGANG SOM FYLKESRÅD

Med bakgrunn i at det ikkje har vore muleg å komme til semje mellom SV og AP om den framtidige skolestrukturen i Troms og gjennom det heller ikkje semje budsjettet ber eg om å få tre av som fylkesråd umiddelbart.

SV og eg kan ikkje stille oss bak det fleirtalet i fylkesrådet går inn for i desse sakene. For SV er det ikkje muleg å gå inn for ei nedlegging av Skjervøy og Skånland vidaregåande skolar. Det parlamentariske samarbeidet mellom SV og AP vil derfor opphøyre.

Eg er lei for denne utviklinga, og vil takke for eit godt samarbeid i dei tre åra vi har samarbeid i fylkesrådet. Eg håper vi og for framtida kan samarbeide i fylkestinget frå sak til sak. SV ser for seg ei rolle som konstruktiv og løysningsorientert opposisjon.

Med helsing

Pål Julius Skogholt

Denne hausten har ikkje vore den lettaste, verken for meg eller for mange tilsette og elevar i skolane i Troms. Vi har ein krevande økonomisk situasjon i fylkeskommunen. Utdanningssektoren har vore underfinansiert med 30 millionar kroner. Det betyr at vi sto overfor eit val. Anten måtte vi legge ned skolar, eller så måtte vi overføre pengar frå samferdsel til utdanning. Det er reelt sett den einaste måten å unngå store underskott for fylkeskommunen. I dette valet valde SV og Ap ulik retning. SV gjekk inn for å flytte pengar frå samferdsel til utdanning, medan AP meiner det var rett å ta større kutt på utdanning.

Dette er ikkje eit lett val for verken SV eller AP, og for eigen del må eg innrømme at eg har vore i sterk tvil inntil det siste. Det som avgjorde for meg var fleire ting. Men, viktig var den betydninga skolane har for lokalsamfunna sine. Skal fylket kunne vere ein aktør som er med på å utvikle heile fylket kan vi ikkje samstundes legge ned skolane i distrikta. På den andre sida er det ei kjempeutfordring at talet på 15-19 åringar går ned i nesten alle kommunane i fylket i åra fram mot 2030. På eit eller anna tidspunkt må vi anten finne nye løysningar for korleis vi kan drive undervisning i distrikta, eller så vil skolar måtte leggast ned. Det finst ei nedre grense for kor små skolane kan bli. Tida for nedlegging er likevel ikkje no.

skanland_folkemote

Panelet som framla saka for Skånland vgs på folkemøte den tredje november i år. Trine Nørstad er andre frå Høgre

I går (den tredje november) var eg på folkemøte i Skånland. Det gjer stort inntrykk å sjå korleis bygdefolket mobiliserer for skolen sin. Det sterkaste inntrykket gjorde likevel Trine Nørstad. Ho er ein tidlegare rusmisbrukar som har fått hjelp til å komme seg på rett kjøl av det spesielle tilbodet som er på Skånland (les meir hos Fremover). Skolen ligg vegg i vegg med rusklinikken og tilbyr undervisning for dei som er inne til behandling med ekstremt godt resultat.

Tilsvarande gjorde det stort inntrykk å vere på produksjonsvaken som elevane på Høgtun arrangerte i protest mot flytting av skolen sin. Kvar gong eg har vore ute å besøkt vidaregåande skolar i Troms er eg blitt imponert og stolt over å vere på same laget. Det blir gjort enormt mykje godt arbeid på skolane i Troms, og eg er trygg på at det vil halde fram – uansett. For eigen del er det sjølvsagt trist å ikkje lenger få vere ein del av dette laget. Det er likevel underordna.

Vi har hatt ein brei og grundig prosess i SV i denne saka, og fylkesstyret har vore svært tydeleg på kor grensa gjekk for SV. Vedtaka har vore samrøystes, og konsekvensen av desse er at fylkesrådssamarbeidet mellom SV og AP opphøyrer.

Så skal vi gjere det vi kan i dagene og vekene framover for at skolane ikkje skal bli lagt ned.

Standard
Feature, Fylkesting, Vidaregåande

Skolestruktur i Troms

Under denne ganske kjedelege overskrifta skjuler det seg enormt med politikk. I Troms var utdanningssektoren underbudsjetter med 30 millionar kroner i 2009. Noko av dette har vi klart å dekke inn i løpet av året, og noko er tilført sektoren undervegs. Det er ingen tvil om dette ikkje kan halde fram. Vi kan ikkje bruke meir pengar enn det vi har. Til no har vi berga oss ved hjelp av eingongsmidlar, dvs seie ekstraordinære aksjeutbytte og liknande. Det kan vi ikkje basere oss på.

Då står vi tilbake med tre alternativ. Vi kan anten (a) overføre frå andre sektorar i fylket. Det vil i hovudsak seie veginvesteringar og kollektivtrafikk, (b) legge ned skolar og kutte i tilbodet eller (c) ein kombinasjon av dei to føregåande alternativa.

I dag la eg fram eit bakgrunnsdokument for diskusjon fram til fylkestinget i desember skal handsame budsjett og skolestruktur (Dokumentet finn du her). I dette dokumentet går vi gjennom trendane for folketalsutviklinga, og andre relevante faktorar for kostnader i vidaregåande opplæring i Troms. Troms har den nest dyraste vidaregåande opplæringa Noreg målt etter kostnad per elev. Det er bra, det som ikkje er like bra er at svært mykje av desse pengane er bunden opp i skolebygg og forvaltning. Innsatsen retta mot undervisning er vi ganske nøyaktig på landssnittet. Dersom vi skal kunne drive skolane i Troms på ein god måte med rom for utvikling av kvalitet og rom for å satse kraftfullt mot fråfallet må vi ha tilgang til ein god del meir pengar enn det vi no har. Vidaregåande skole i Troms har i ein periode med auke i elevtalet som burde medført ein kraftig auke i budsjetta reelt spart inn 20 millionar. Det går på kvaliteten laus og kan ikkje halde fram.

Alternativet til å gjere noko med skolestrukturen er å tilføre utdanningssektoren pengar frå andre sektorar. Det vil i hovudsak seie samferdsel. Utfordringa der er at og samferdsel har store utfordringar for 2010. Dersom samferdsel skal løyse både sine eigne utfordringar og frigje pengar til utdanning vil det bety rutekutt, mindre veginvesteringar og kraftig auke i billettprisen. Kutt i bussruter og auka billettpris er ikkje hyggeleg i tider då vi ønsker at fleire skal benytte kollektivtransport for å få gjort noko med klimagassutsleppa,

Dette er ikkje noko lett val, for å seie det forsiktig.

I bakgrunnsdokumentet om skolestruktur og tilbod. Viser vi fire konkrete måter vi kan spare pengar innafor utdanningssektoren i Troms.

  • Skolested Høgtun samlokaliseres med ”nye” Bardufoss.
  • Innsparing: 5 mill kroner per år
  • Skolested Skånland samlokaliseres med skolested Heggen
  • Innsparing: 6 mill kroner per år
  • Flytte en del av tilbudet fra Skjervøy til Nordreisa
  • Innsparing: 1-1,2 mill kroner per år
  • Legge ned restaurant- og matfag i Sørreisa.
  • Innsparing: 1,9 mill

Desse tiltaka gjer svært vondt. Eg har tidlegare kjempa med nebb og klør for å klare å halde oppe desse tilboda. Det forrige fylkesrådet fall på grunn av liknande forslag, og eg spelte ei viktig rolle i den diskusjonen. No ser eg at desse kutta kan bli vanskeleg å unngå. Vi jobbar framleis med andre og forhåpentlegvis mindre drastiske framlegg til innsparingar, men eg må innrømme at eg ikkje held pusten.

Det er likevel slik at debatten no må gå, både i SV og i dei andre partia om korleis vi kan løyse dei økonomiske utfordringane vi står framfor. I SV er nok grunnhaldninga at vi ønsker å tilføre skolesektoren meir pengar. Vi får sjå korleis den kampen går.

Eg tør ikkje forskottere kvar fylkestinget eller mitt eiga parti til slutt kjem til å ende opp. Men eg tør forskottere at det kjem til å gjere vondt uansett kva finger ein skjer i.

Eg vil gjerne høyre dine forslag til korleis vi bør gripe fatt i denne saka. Skriv i kommentarfeltet under.

Andre som bloggar om saka:

Leiaren i Troms SU – «Nedleggelse må være aller siste utvei»

Standard
Feature, Troms og Tromsø, Vidaregåande

Opplæringstilbodet i Troms til hausten

På tysdag skal fylkesrådet fastsette opplæringstilbodet i den vidaregåande skolen i Troms for skoleåret 2009/10. Det er ikkje noko lystig affære. Dei vidaregåande skolane i Troms ser ut til å få eit underskott i 2009 på 28 millionar i år. Då må vi dessverre redusere på marginale og små tilbod for å prøve å komme i balanse. Det opplæringstilbodet vi foreslår vil føre til innsparingar på 8,9 millionar (heilårsverknad). I tillegg tilfører vi 13 friske millionar til utdanning i 2009. Det gjev oss eit håp om å komme i balanse i 2009. Samstundes er det ikkje noko tvil om at vi i budsjettet for 2010 må vurdere grundig om vi må flytte pengar frå samferdsel til utdanning for å ha råd til å gje eit godt vidaregåande opplæringstilbod til ungdomen i Troms.

Dessverre er det og slik at når økonomien er det viktigaste styringsverktyet (slik det er i Tromsskolane akkurat no) så er det ofte distrikta som blir hardast ramma. Det er der det er færrast elevar og dermed flest tilbod med få elevar. Det fører til at Nordreisa vgs mister mange fag, spesielt innafor formgjeving og design. Det er trist. Også ved Skjervøy vgs blir to fagtilbod kutta. Vg2 Maritime fag og vg2 Produksjonsteknikk, desse tilboda hadde ein og to søkjarar. Samtidig er det slik at dersom vi hadde latt økonomien vere det einaste styrande burde vi kutta fleire tilbod ved Skjervøy. Det gjorde vi ikkje. Vi kan aldri la økonomien bli det einaste styrande. Hadde vi kutta meir hadde vi fjerna sjølve livsgrunnlaget for skolen. Det ville hatt store konsekvensar for eit Skjervøysamfunn som allereie slit. Lærarane på vidaregåande skole bidrar med stor kompetanse og OK løn inn i sine lokalsamfunn. Det må vi prøve å ta vare på. I trange økonomiske tider forsøker vi etter beste evne å ta vare på distriktsskolane.

Også ved Indre Troms vgs. – skolestad Sjøvegan har dei grunn til å vere misnøgde. Der foreslår vi å legge ned tilboda innafor Service og samferdsel. Desse faga har dårleg søknad over heile fylket, og vi har ikkje råd til to tilbod i Midt-Troms. Vi måtte derfor velge om vi skulle ha det tilbodet ved Sjøvegan eller ved Finnfjordbotn. Eg synst det var vanskeleg, men valet fall på Finnfjordbotn. Det er fleire grunnar til det, men viktige momentar var at Finnsnes har eit større miljø innfor servicenæringane og at vi konkurrerer med ein privat kristen skole i området og eg ikkje ønska å gje dei heile marknaden for Service og Samferdsel i Lenvik og omegn.

Det er fleire andre store endringar rundt i fylket. Kvaløya vgs har fått meir enn ei halvering av søkarar til bygg og anleggsteknikk. Det er ikkje smertefritt å gå frå 90 til 39 elevar. Ein søkar til blomedekoratør på Rå er og for lite til at vi kan alde oppe det tilbodet. Vi må og legge ned ei rad idrettsfagtilbod ved Tromsdalen vgs på grunn av lite søkarar. Vil ikkje ungdomen drive med anna enn fotball?

Av og til kan ein jo lure på om den venstre handa veit kva den høgre driv med. Eg har ansvaret for tannhelse og utdanning i Troms fylkeskommune. Innafor tannhelse ser vi at det er eit stort behov for tannhelsesekretærar i åra framover, men eg må likevel legge ned det einaste tilbodet i fylket fordi det berre var ein søkjar. Her skal skal vi likevel prøve å få til eit desentralisert tilbod for vaksne.

Dette er blitt langt nok, meir av bakgrunnen og søkjartala kan du finne i saksdokumentet som ligg her.

Eg har og lyst til å nytte høvet til å be fleire lese ein veldig god kommentar som eg fekk på ein annan post her på bloggen. Den skal eg skrive litt om etter kvart.

Standard