Troms og Tromsø

Smarte og intelligente dingsar

Mange ord blir brukt for mykje. Martin Lægland i iTromsø hevdar at arktisk er overforbrukt. Det kan godt vere, men to ord som blir brukt så mykje at dei nesten mistar verdien sine er smart og intelligent. Vi har smarte kaffetraktarar og intelligente høgtalarar. Dei alle fleste dingsar er smarte eller intelligente for tida. Men i dag har eg faktisk vore med og opna ein intelligent veg!

Og her ser du ein intelligent veg

Vegen ser kanskje ut som dei fleste andre vegar. Han kan ikkje diskutere filosofi, men denne vegen er utstyrt med masse smart teknologi. Prosjekt Borealis går ut på å gjere E8 frå Skibotn og opp til grensa mot Finland til eit laborotorium for å utvikle ITS – Intelligent transport systems. Her er det lagt til rette for at bedrifter og organisasjonar kan komme og prøve ut teknologien sin. Vegvesenet har eigne prosjekt med fartsmåling, vektmåling og varsling knytt til vêr og føreforhold langs denne utfordrande vegen.

Eg synst dette er spennande, og håper mange vil utnytte dette flotte laboratoriet for å sikre tryggare vegar, og vegar med betre framkomelegheit for folk og gods. Dette er ein del av eit samarbeid med finnane. Det gjer det same på si side av grensa.

Det artigaste i dag var å oppleve det første forsøket med å køyre lastebilkonvoiar – såkalla platooning, der den første lastebilen kontrollerer heile konvoien. I det korte filmklippet under er altså bil to og tre kontrollert av bil ein.

 

Som dokker ser er det framleis god avstand mellom bilane. Dei opererer med to sekunds avstand, men skal snart ned til eit sekunds avstand mellom bilane. Dette har mange fordelar. Etter kvart kan kanskje sjåføren i dei andre bilane gjere anna jobb medan dei blir køyrt av den første bilen. I tillegg sparar dei drivstoff gjennom å redusere luftmotstanden. Med to sekunders avstand sparar dei ein liter på 100 km i følgje ein av sjåførane eg snakka med. Dei reknar med at dette vil auke betydeleg når dei får redusert avstanden mellom bilane.

Så kanskje får vi ikkje jernbane til Skibotn og Tromsø, men du skal ikkje sjå bort frå at vi snart får tog.

Standard